Han Knut Bergi

Fra Wikikilden
Hopp til navigering Hopp til søk
Segner fraa Bygdom utgjevna av det norske SamlagetH. E: LarsenI (s. xxxvi-xl).

De e ’ki lenger si’a denna Knuten Bergi i Skrautvølsbygdenn levde, en gamle Folk minnast han. Ner Svænesen o han komo samen, so vanta de ’ki Tissførdriv; for sælar Spøkidoktør en den Knuten fannst vel ’ki i heile Verd’n. Noko førsnjodigt va han go te finne paa, anti han so, va heime ell burte. Vilde nokon gaa ifraa ein Ende aat Bygdenn te heno, ja igjeno manga Bygda o spyrja upp Spøke hass Knut Bergi o skrive dei, so vørte de vist ei drjug Bok. De e bere nokre, som her sko førteljast, de fyste o de siste o ei Par are.

Han kunna vera ei tvo-try Aar gamall, daa Far hass ein Sumar hadde Snikkara paa Garde. Ein Dag trast fere Dugurden stelte dei o lima. Guten sto daa o saag paa. Daa dei hadde dugurda, gingo dei utpaa Marki o la se te kvile. Guten tok daa Limpøtta, o Limkvosten, gikk ut te Snikkaro, som laago røto o søvo, dytte Kvosten nie Lime o smeta vel over Augo deiris. Daa han syntist, han hadde gjort dette førsvarle nok, sette han Pøtta o Kvosten der, som han hadde take de. Snikkaradn laago no i Solenn o turka vel inni Lime, før dei vakna. Men daa dei ørrette se uppatt, vørto dei reint fortumla. Dei va ’ki Kara te faa upp Augo, ikki kost dei knudde o revo. Dei skreko te hinan, um kost de va me dei. O inki fønno dei innatt sjølvo se heldan. Teslutte fingo dei skreki ut te se Mann sjøl. Han laut leie dei innatt, o no løto dei sita radt tekvelds me kor si lunka vaat Fille v bløyte paa Augo si, før dei fingo dei uppatt.

Han Knut Bergi vart ein velhaldin Mann; han va nanmgjetin i Bygdenn taa Manndome seno. Stabur o Kjellar va alder tome hjaa hono. No toko Storkaradn deruti Aurdal, – Presten o Skrivaren o Lesmann o Fauten o dei, –, no toko dei se fere o reise te Bergi te hono Knut obedne te Gjestebøs ei Gaang i Aare, taa di dei fyste stundo paa gamall Mat. Han gjorde dei daa tegoe me Spekiflesk o Spekikjøt o Rakfisk, gamalt Øl o Brennevin o meir slekt, so myki som dei vilde hava. Men dei vøro so obljuge te o øyeleggje, at han teslutte ’ki brydde se um halde Gjestebø aat, dei meir. Ein Sumar, dei komo attrekand, sette han dei te Bords paa Spekiflesk som va so ramt, at de va gular en de gulaste Smør, Spekikjøt, som va so hardt o turt, at de va Oraa baade skjera o tyggje de, Rakfisk, som va so gamall o ul, at de teva langa Lei’e taa hono. Gamalløst, som va so sterk, at de kvein attme Øyro, ner ein smakte paa han, o, Flatbrø, som va so hellesteikt, at de va, som ein skulde tøgge paa ein Skosole. Istan før Brennevin skjenkte han dei skire Gamalløstlakin. Men neimen um dei førde se meir en høvele den Gaange. Daa dei hadde ete, sette dei aav burti Bjørlehaugadn te o skjøte Hara. Han Knut va me. Børsa si hadde han sjøl laga vel te fereaat. Te Flint hadde han sett i ei Østeskørpe, o te Fengikrut hadde han lagt paa ein turr Fesosøpp. Men han skulde ’ki faa Løv skjøte han, anna en ner Storkaradn hadde skøte miste. Hara va de fullt taa; men de va ’ki fale før Live deiris. Storkaradn raakte inki. Vissa hadde Presten gange klakka o skøte miste alt i eit. No kom de ein Hare høppandis tett um dei att. Presten la an o klemde laust; men de klikka for hono. „Knut, Knut! skyt no Knut!“ – „Ja her e Børse, som ”ki klikka her,“ sa han Knut, sette Børserøtten beint imot Bringunn aat Preste o smelte laust, so Røyken gauv taa Fesosøppe. Presten datt ende’ ne’ o laag som han ha vøre dau, o hene Karadn kvøkko so dei ’ki fingo Maale upp, dei trudde, han Knut hadde skøte Presten lykt ihel. Men han Knut sto bere saag paa Børsa si han, stelte me Fesosøppe o me Østeskorpunn. Dei fingo daa snart Greie paa, ko Slags Skøt de va, o Presten va daa ’ki reint dau heldan; dei reiste han uppatt o leidde han atte Husann. Trast toko dei Velleva o kjøyrde sin Kos: men Presten laag klen i lang Ti ette. Si’a komo dei alder te Bergi o eta gamall Mat meir. – I dei Ti’enn brukte ingin Husko her i Bygdenn; men dei gjorde rae Nar taa Vangsgjeldingo, taa di dei gingo me Husko o Kælskinntrøye. De e no skjele ei undele Greie me før dei, som ’ki eta vande ve de. Ner so, nokon Vangsgjelding for igjeno Bygdadn her, anti paa Byvegi ell lel, so vart de øfto gjort Fulheite de dei um Kveldadn, ner dei hadde løyst taa se Fetskodn. Fetsko ko Husko e de sama. Dei era ihopsveipte taa Hu”enn taa Fote aat Naute, soleine at de bli ein heil Belg te o seta Foten inni. Dei innbeisast me Tjøromeist, so at Haare ’ki sko sleppe, o Lakklauvidn snu soleine, at dei halde atti ve Hælen, ner ein gaar nefør Bakke, so han inki glett. De høyre fjurta Skokluta te eit Par Fetsko. Dei Klutadn sveipe dei ikringo Føtadn, før dei binde Fetskoen paa, o um Kvelden, ner dei ha løyst dei taa se, hengje dei dei upp ikringo Peisen, so dei sko vera turre te um Mørgo’en ette. Men e de no mange Huskokara i Fulgie, kann de lett bli misstake ell ogso suvsa burt eingon Skokluten. De e daa, noko te Spark um Mørgo’en i Graalysingenn, ner alle sko ha Greie paa Kluto si. Difør e de eit gjengs Ord: „anti e de Tjuva i

Huse ell Tjuva i Fulgje; e ha mista den fjurtande

Skokluten min, segje Vangsgjeldingen.“ Ei Gaang um Veten kom de ein Sildekræmar rekandis igjeno Skrautvølsbygde o vart liggjandis paa Bergi. Han Knut log daa aat dessa Skono, dei voro blaute som noko Lefso. Um Morgo’en hakka han Skodn, kokte dei, laga dei te te Pulse o ga Sildekræmare dei te Bisk. Daa Vangsgjeldjngen vilde te reise, fekk han slekt Leit ette Skono si, at han førfor i kor Ron. Teslutte sa han: „E meina e ha ete upp Skodn mi e.“ – „Ja,“ sa han Knut, „e vilde traktere de me Pulse te Bisk, o so syntist e Skodn di maatte vera meisterle te di, derme laga e dei te.“ – Vangsgjeldingen vart alti ’ki vi’ar bli taa dessa; men han Knut va so snodig, at de ’ki gikk an bli skjele sint paa han heldan. Han gjorde hono no ogso gødt før de si’a.

Han Knut vart ein gamall Mann; men sidst paa fekk han Hoste o Kvæve o vart klen te o gaa. Ein Dag vilde han inni Stogo te noko Kjeringa, som seto hekla Harp[1]. Dei leidde han daa derinn o leto han seta se paa ein Stol hjaa dessa Kjeringo. Daa han hadde sete ei Stund o veimt o spøkt me dei, ba han ei taa dei tende i ei Spik o gjeva hono, so han kunna faa tendt attpaa Pipa si. Ho gjorde de o rette hono Spiki, o sette se atte hekle. Daa han hadde tendt paa Pipa si, rak han Spiki burtunde Hekla aat Kjeringenn o tende lys Eld i Strjue hennar. Kjeringadn skreko ende over se; upp o te sløkkje. Han Knut skrasla o log aat dessa; men daa dei hadde sløkt Strjue att o vørto stirde paa han, sat han dau paa Stole.


PD-icon.svg Denne teksten er offentlig eiendom fordi forfatteren døde for over 70 år siden.
  1. Hamp.