Fiskaradn o Haugafølke

Fra Wikikilden
Hopp til navigering Hopp til søk
Segner fraa Bygdom utgjevna av det norske SamlagetH. E: LarsenI (s. xl-xlii).

Han gamle Knut Ulvesta laag ein Haust paa Støle o fiska, ette dei voro bufløtte heimatt me Krøtøro. Han o den Karen, han hadde me se, laago inn Netadn i dei gamle Sele hass Knut, som sto paa ein Haug nørdst paa Svenskestøle. Ein Kveld, dei hadde ifraa se gjort, vøro innattkomne, hadde lagt dygtigt paa Peisen o faatt se Mat, la dei se paa kor sin Krakk utme Peise. Han Knut tok daa upp Munnhørpa si o laag o let utover Kvelden te eit Tissførdriv. Rett som de va, høyrde han noko tusla o dansa frampaa Aurgølve. Han vart førundra og stakk Hørpa aat Lummunn att. Men daa va de skjele, som ein ha take han ikringo Hælsen o klemt so sterkt, at han vilde te sløkkne otor. No slefte de att; men de va so illt, at de va ei go Ri, før han va go te tala. Han kom se no att lite isenn, o trast han vart so mæt, tok han uppatt Hørpa o atte laate. O i di sama tok de atte danse paa Gølve, o han let, o dei dansa te langt paa Natt. Daa han Knut slutta laate o vart stird burtpaa Borde, sto de der eit stort Fat fullt me Rjumegraut, som va so nyst komin or Grytnnn, at de gøva taa hono. Ve Bradden sto de tvær fina gula Skjei’e. Det skjønte daa Meiningi, sette se burtaat Borde o aato upp Grauten; men so go Rjumegraut hadde dei alder smakt før. Daa Fate va tomt, la dei fesk Fisk atti de. Um Mørgo’en, daa dei vakna, va Fate o Fisken burte.

De va ein an Fiskar, som de hende mest de sama ei Gaang han laag paa Støle seinhøystis. Um Kvelden han laag i Sængenn o ’ki fekk søva, tok han upp Munnhørpa si o tok te laate. Daa kom de frampaa Gølve noko unga sina Gjente o toko te danse ette Hørpunn. Men de va myki Søpl paa Gølve, so at dei vilde dette ikøll i di. Dæme heldo dei upp danse o vørto burte att. Men trast derette komo dei att me kor sin Sopling o toko te sope Gølve. Daa dei hadde gjort de, kasta dei Soplingadn uti Skøte. No tok Fiskaren atte laate, o dei atte danse, o me dessa heltst de paa, te han va so trøytt, at han ’ki va go te meir. Han la daa Hørpa paa Sængiskøre o søvna. Men um Morgo’en, daa han vakna, laag de ei Hørpe me Massingtønn i o 12 Skilling attaat iftan før Hørpa hass eigje, som va ei Skarvehørpe. Men denne Massinghørpa va de slekt oversle fint Ljø i, at ingin hadde høyrt hennar Make. No laut han laate aat dessa Haugakvendfølko te kor Kveld, endaa fekk han alder søva. O kor Mørgo laag de Spelepe’inga paa Sængiskørenn. – Daa han reiste heimatt hadde han tent se snille Skillinga.

Slekt som detta ska ha hendt øfto. Men ner Hørpespelaradn ’ki ha vilja laate, ell dei ha søvna før tile, før Haugafølke ha faatt danse Nøje sitt, ha de ra’e vørte gjort eingor Preina ve dei. Ein; som søvna me Hørpunn før Munne, vakna um Mørgon uppaa Baglaaso, fastskruva i Trøngrymdenn uppunde Take. Ein an ein vakna uppaa Take. O endaa ein an ein vakna unde eit Trøg uti Skøte.

Ein Fiskar hadde vørte so vel kjend me noko sleke Haugakvendfølk, at han hadde dei hjaa se te kor Kveld o umgikk dei mest likesom are Følk, o ga dei taa Mate seno. Ein Kveld, de va eit slekt Kvendfølk hjaa hono, sette han se utme Peisla’e te o steikje Flesk paa Gløno. Denna Fyrkja sette se daa ogso utme heno, Peisla’e. Ho dro se so vel innpaa Brandadn, som ho kunna koma, dro Døse si uppaa Knjøne o sette se soleine te o flikje beint før Augo paa hono. Detta svntist han va ljøtt; han va snøgg, treiv Fleskemolo taa Gløno so heit, at de sau i henne, o skikka ho te innunde Døse aat Haugafyrkjunn. Ho upp o utigjeno Døre. Men uti Skøte knisla de o log so nisammele[1] maaveta, o eit grannt Maal sa: „fekk du Flesk, Siri?“ Si’a komo dei alder te hono meir nokon Kveld.


PD-icon.svg Denne teksten er offentlig eiendom fordi forfatteren døde for over 70 år siden.
  1. log lengje og hjarteleg godt.