Dei tryaa Valdrissadn

Fra Wikikilden
Segner fraa Bygdom utgjevna av det norske SamlagetH. E: LarsenI (s. xxxiii-xxxvi).

Den Ti Sylateradn laago ute, vart de øfto matlaust hjaa dei, so dei svelte i mange Daga. Daa va de ’ki godt o vera lite før se. Ner de vart utdelt Mat ell Brennevin, so fingo dei, som fyst komo framaat; men aat dei sidste naadde de ’ki. Mengdin trykte se so fram, at dei mest klemde hinan ihel. Men Valdrissadn komo fram lel dei; ja um dei vøro dei alleættaste. Va de ingi ønnor Raa, so la dei se paa Knjødn o Ølbøgadn o krabba fram imyljv Føto paa heno o gjorde se Veg likesom Grisen. De som ’ki gikk tesi’is vart lyft ende upp.

Den Gaange dei laago ve Blakjer, vart tryaa Valdrissa kummederte burt i ei Bergstør. Der skulde det liggje i mange Daga o sjaa ette, um Fiinde kom. Men Mat fingo dei inki. Sjølvo Hære va matlaus, so de va ingi Under. Dei skulde mest te svelte ihel allesamne. Te kor Dag kom de ein Lytman te desse tryaa Valdrisso for o høyre, um dei hadde vørte vare noko. Han va daa hølsvøltin, so at han raga, o ille bar han se me, baade før se sjøl o dei. Men de sto ki paa; Valdrissadn vøro alder matlause, o Lytmann fekk ogso Mette sin o kom att, fyste han vart svøltin. De hadde se soleine, at eins taa dei um Natte snerte se burti Bygdadn o tok se ein Sau ell ei Gjeit ell ein Øst ell einkort anna, som han bar me se att aat Bergskørenn te heno som heldo Vakt. So steikte dei o aato slekt dei hadde Hug paa.

Jau, seint o sia vart de daa Stillstand. I Nøri va de ’ki Kødn o faa; men i Sveri va de Nøygde. Dei Nørske skulde daa faa Løv o koma te ein Sta tett inna Lina o kjøpe se Kødn; men inki meir, en dei kunna bera me se att paa Ryggi; dei skulde inki hava Hest, o inki skulde de vera meir en tre o tre i Fulgie Men de va no inki morosamt o vaage se inni Lande te Svensko; de da paa ei Von, um ein kom heilskinna att. So vart de daa ettesport i heile Hæren, um de va nokon so hjartog, at han tørde gaa sta kjøpe Kødn. Valdrissadn fram i sama Rappe; men ingin an i heile Hæren tørde. Dei tryaa Valdrissadn, som hadde legi i Bergskørenn, sette i Vegen fyst me kor sin Sekk. Alder vart de sagt so myki som Straa ikrøss før dei, radt te dei komo tett innaat Sta’e. Der komo dei beint paa ein heil Hop me Svenska. Dei krulla se ikringo dei o ga se i Vegen ser dei, kalla dei Norbaggadn o banna o hundeleto dei me allo dei styggaste Svalle, som igjeno Kjaften kunna gaa. De va ovandt sjaa, at dei vilde taka desse Valdrissadn. Men de skulde talast te me Dragsmaal. So kom de fram ein Svenski; de va ein Kult, som saag ut te ha ete noko mange Grauta; han va brei som ei Bakstefjøl o høg som ein Gælgi. Han mætte no ’ki Nordmennadn før noko, men bau likevel dragast, bere før o gjera Nar taa dei. Aaja, ein taa Valdrisso gikk daa fram te hono. De saag reint ulikle ut, før han va so liten imot Svenska. Dei toko Tak; men før Svenskin visste taa noko, kome Langskjækadn hass ende i Vere o Huvu i Galden, so de gol i hono. Han rende daa uppatt i Sinne o sa, at de ’ki va rettigt gjort. „Ja va de ’ki rettigt, so ska e gjera de uppatt,“ sa Valdrissen. Dei røko daa ihop ei Gaang te; men denne Gaange kom Svenskin ne aat, so han hasta inki me o staa uppatt. No komo dei rennand allesamne o vilde taka Valdrissadn, o de ha vel gange gale me dei, ha ’ki ein Lytmann stande uppaa ei Løftstogo o set paa Leiken. Han let upp Hekteglase o skreik, at dei skulde vera role o læta dei Nørske gaa. Daa tørde dei ’ki anna en dei lydde, ko naule dei vilde. Men Valdrissadn vørto rofte uppaa Stogo te Lytmanne o fingo kor sin Dram. „Ner de era sleke Kara te o dragast,“ sa Lytmann, „so era de vel ogso likeso gilde te o danse Halling. Vil ’ki ein taa dikka gjera eit Hallingkast aat me før de gaa.“ Jau, ein taa Valdrisso gjorde daa Stannhopp frampaa Gølve, spratt rundt i Vere, o si’a dansa han Halling o spennte Bjølkin, so de vist syne ette Skohæle hass enno. Men i di sama han gjorde Spenne, glatt Kniven hass or Kni’stjeienn o spratt uppi Aasen; der, sto han som han vøre slegin fast. O Lytmann banna paa, at der skulde Kniven staa, so lengi Stogo sto. So tok han upp fem Dalar o ga Valdrisse i Like. Si’a kjøfte dei se kor si Tynne Kødn o komo like goe aat Hæren me di atte.


Denne teksten er offentlig eiendom fordi forfatteren døde for over 70 år siden.