Hopp til innhold

Svænesen

Fra Wikikilden
Segner fraa Bygdom utgjevna av det norske SamlagetH. E: LarsenI (s. xxx-xxxiii).

De fannst ingin, som sto gamle Svænese i o mana o gjera ette o slekt; difør gingo no Folk te hono allestan ifraa, ner de va noko leidt paafære. Ei Gaang vart de støle noko ifraa ein Mann nordi Bygdenn. Han gikk daa te Svænese o fekk han te gjera ette. Han hadde alti Svartekunstboke, so de va uvandt me di. Men denne Gaange va de lite meint likevel, taa di Tjuven ogso hadde Svartekunstboke. Svænesen løyste fyst tvo taa Englo si o sende ette hono. Men Tjuven kom inki. So løyste han fire o sende ette hono. Aa nei, de munte inki. So løyste han aatte. Men endaa kom ’ki Tjuven. „Ja detta bli ein fale Leik,“ sa han. „Ska e løyse allesamne, so bli de ei heit Hære[1], før e faar bønde dei att. De e fale; men de faar ’ki hjølpe, e faar vaage de lel.“ O derme løyste han allesamne. Men, daa vart de varmt ikringo han. Heile Stogo rugga, de knaka i kor einaste Nøv, Stokkadn skildist aat i Møsjamoto[2], so at dei saago ut imyljo kort einaste Umkvarv; men rund umkring Stogo gikk Eldsputeren. Daa kom Tjuven. Han hadde sprønge, so at Sveiten silla taa hono. „Kjem du no lel?“ sa Svænesen. „Aa ja, e laut vel koma, ner du sende so mange Bøe ette me,“ sa Tjuven. „Ja set no Tjuvebørde di paa Bordsendin o gaa so din Veg!“ sa Svænesen. O Tjuven va no sæl, han slapp derifraa att. So skulde daa Svænesen te o binde att Engladn sene. Men de vart ei hard Heto[3]. Ner han batt nokre, so hadde han alle hene ikringo se, o dei vøro rei’ogne te o øyeleggje han. Men han va no ’ki den, som va raalaus. „Skunde de,“ sa han te Kjeringenn seno, „gaa aat Bu’nn o straa ei Tynne Rug uti Garden!“ Detta gjorde ho, o de snøggt. So sette Svænesen Engladn te o plukke uppatt Rugen ein før ein, me han batt dei. Men de vara ingi Ri, so va han like ille ute. „Gaa uppaa Løfte,“ sa han te Kjeringenn seno, „ta ei Dunsæng, sprett ho upp o rist all Dune uti Vinden!“ Ja de gjorde ho, o han sette no de meste taa Englo si te o sanke isamen att kor einaste Dunflyksa o pøta ho innatt i Sængjevære. Men daa dei vøro rei’ogne me di, hadde han ’ki faatt bønde meir en Treadelen. Daa visste han ’ki si arme Raa. Dei toko te slite han me se, o de va so nær, at dei ha reist uppigjeno Peispipa me hono. Men i di sama dei letta Føtadn hass ifraa Peishellunn, va Kjeringi paaferde me ein Brøsleiv, som ho rak imyljo. Daa løto dei bie; men daa hadde Svænesen ogso tenkt se upp ei Raa. Han sette dei te o leggje Reip taa Sande nepaa Strøndenn. Daa fingo det noko som heldt atti. Dei spønno, so Sanden sputra; men ner dei vel hadde faatt de te o leggje se, datt de aav før dei, so at dei løto leggje attpaa o te att paa nytt heile Tie. Men me’a fekk Svænesen bønde dei allesamne. Daa va han so sveitt, at de draup taa hono, o han løvde ut, at slekt vilde han alder gjera øftar.

Ei Laurdagsnatt um Hausten va de tvo Tjuva i Aakere aat Svænese o stal Lo. Men han visste de nok, der han laag; de va nok dei som sa hono de. So batt han Tjuvadn paa Flekki, soso dei støndo ute Kødnrjaano[4] paa Ryggi, o der løto dei staa heile Natte o heile Synnda’n over, so at heile Kyrkjeølmugin fekk sjaa dei. Um Synndagskvelden løyste han dei att o let dei gaa.

Paa ein Plass uti Aurdal voro dei so ille ute før Trøllskap, at dei alder fingo Fre. De banka inni Veggidn um Netad’n, o sto de eit Mjølkekjerald ell ein Øst uppaa ei Hylle, so kom de sendandis beint nie Huvu paa Følk. Dei fingo ’ki njøte uskjemt nokon Ting. Ungadn vørto hælvtullutte o klene, o Førældro deiris vorto helselause. Mange hadde freista o vilja mana Trøllskape burt; men de munte inki. Presten hadde jamvel vore der o prøvt de han va go te; men de tuvsa reint før hono. Skrivaren va der ogso; men før hono dugde de heldan alder ei Grand. So føngo dei te se Svænesen. Men daa laut Jækelstye tukke se derifraa. „Kifør ha dei lese aat dessa daa?“ sa Svænesen. „De muna ingi Lesing her; ho gjeve dei bere verre. Men e veit nok, ko som muna e,“ sa han, o so sette han se te o banne Bøn i Bøn upp i Haug. Han sat o engla[5] o svor, so ein syntist de sængra[6] ikringo han. Men de va heldan ikki anna som te vilde. Ifraa dei Dage hadde Folk paa Plasse Fre o trevost gødt.


Denne teksten er offentlig eiendom fordi forfatteren døde for over 70 år siden.
  1. Herding, Herdsla, (Hørdsla) av Jarn og annat Metal. gamaln. herða og herði.
  2. av møsja eller mysja, leggja Mose i Veggerne.
  3. Hiting av Jarn, fyre kvar Gaang Smeden hamrar.
  4. Rjaa, Kornstaur.
  5. aa engle, brukast berre saman med, banna og sverja, vonleg, kalla paa vonde Englar.
  6. sængre, um Utev av nokot som et brennt eller svidet.