Han Kaftins Knut

Fra Wikikilden
Hopp til navigering Hopp til søk
Segner fraa Bygdom utgjevna av det norske SamlagetH. E: LarsenI (s. 28-29).

De va ei Gaang ein Mann her ovate, som tente i Kongens Kumpeni i Kjøpenhamn. De va ein stor vælvøksin fin Kar; men ha va dan[1] ette Fyll aa nær han stuka i Drykkjelago, so hadde alle Moro taa hono, før han va ordhittog aa snodig, aa alder va de noko leidt me hono. Bissmi[2] aa Slagsmaal brydde han se ’ki um. Kongen syntest fælt godt um han, aa ein Kveld so tok han paa se noko Arbeidsklæ’o, so at ingin kjende han, aa, so slo han se i Lag me hono Knut, – han eitte so denne norske Mannen. So gingo dei ifraa eit Vertshus aa aat hino aa drøkko aa stulla, aa Kongen syntest, at so morosam Drykkjekall hadde han alder hatt fyrr. Daa Pungen hass Knut vart tom, bitalte Kongen te han inki hadde att ein Halvskilling. „De va leidt detta,“ sa’e Kongen, daa dei hadde sete ei Stund, – „e har ikki so myki som te ein Dram ei Gaang.“ – „Aa de ska du ’ki bry de um,“ sa’e han Knut, „e veit ei Raa, e,“ sa’e han, „e set i Pant Sabilen min.“ Detta gjorde han. Kongen syntest, de va meisterle godt paahitta, aa so drøkko dei so lengi de vara; si’a skildest dei aat. Dagen derette so befala Kongen, at heile Kumpenie skulde koma fram før hono Mann før Mann aa vise fram Sabilen sin. Han Knut hadde ’ki faatt att sin, men han va ’ki raa’laus; han skunda se skar ein Sabil taa Tre aa sette den i Slire si. Daa han no kom fram te Kongen, sa’e han de: „no vil e syne Kongen ko Kar e er. Nær e dreg upp Sabilen min, so ska han førvanle se te Tre, so sannt som du sit der,“ sa’e han te Kongen, aa so dro han Tresabilen upp aa helt hono tett framafør Nasa paa Kongen. Alle dei Høgovseradn, som støndo der, vorto no fælt førundra; men Kongen syntest de va so godt gjort, at han gjorde han te Kaftin sama Dagen. Si’a kalla dei han ’ki anna, ell Kaftins-Knut.


PD-icon.svg Denne teksten er offentlig eiendom fordi forfatteren døde for over 70 år siden.
  1. hugad paa, fus etter.
  2. Kiv, Trætta.