Hopp til innhold

Luddeguten aa Fysstro’n

Fra Wikikilden
Segner fraa Bygdom utgjevna av det norske SamlagetH. E: LarsenI (s. 29-32).

De va ein Gut som dei kalla Luddeguten, de va taa di, at han va ’ki myki høg, men so ulagle tjukk aa ferdig aa luddin. Alt han gjorde, so gjorde han de strjuvillt[1], aa ein galin Ende fekk han ogso. Ei Gaang ungl[2] han i eit lite Tjedn, daa fann han paa at han vilde ause Vatne or Tjedne, so at Fisken vart liggjand atte paa Botte, so kunna han taka han me Høndenn. No rann de ein Bekk ne i Tjedne aa ein utatt, men Luddeguten skynte ’ki de, at nær han hadde aust ei Stund, so rann de att i likeso fort som han auste ut. Han auste so Sveiten rann, te de vart murke Natte, aa Dagen ette tok han atte paanytt; – res ’ki Folk hadde tala han fraa di, so hadde han væl stande der aa aust enno. Ein Sumar va han paa Krististøle aa slo, men Sole stakk so varmt, at Luddeguten seig isamen. Han tenkte se upp ei Raa; gikk uppatt i Sele aa dro paa se trjaa Par Sokka aa Raggelabba, trjaa Brøka taa tvær tjukka Vødmaalstrøyo; utapaa detta sette han Gjeitskinnskjolen, aa so gikk han att sta aa slaa; men daa vyrde han ’ki, ko Sole stakk, meir en de hadde vore midt paa Vete.

Ei Gaang ei Sumarnatt gikk Luddeguten igjeno Fysstro-Gardadn. Uppi Bakka tett ova Huse hadde Fysstro’n ei gild Næpekven. Luddeguten fann no paa, at han vilde ha se ei Næpe, men daa han klauv over Ski’garden, va han før tung, Garden rauk ne me hono, so de braka. Detta høyrde Fysstro’n, han laag inni Kleva. „Ti no!“ sa’e han te Kjeringenn, „e meina Bjødnen e komin aat Kaalhaga, e.“ Derme sprang han upp, legg ut i Garden aa fann se ein gild rund Hallstein[3] i kor Hønd, aa so gikk han upp igjeno Bakkin aat Kve’nn so fort aa sterkt, at Skodn rivna. Daa han va komin uppaat Garde, grytte han eine Steinen inn over me full Avle. „Au,“ sa’e de inni Haga. Fysstro’n va so viss paa at de va ein Bjødn, so han skulde gjedne banna paa de. So kasta han ette hin Steinen ogso. „An daa!“ sa’e de. No gikk Fysstro’n inni Kvene, aa der laag Luddeguten dau me ei Næpe i kor Hønd. „Du ska sleppe gaa ikringo Gardadn aa syne fram Tjuvekostadn dine du,“ sa’e Fysstro’n, tok Guten unde Hønde aa rugga burt i ein Skogahaug me hono, aa grov han ne unde ei Luddegrøn, men den Grøne bleikna aa turka burt Bono snøggar.

Denne Fysstro’n de va spøkjelaust te sterke Kar. Han gjorde mangt eit Hoverk[4], men han brukte ’ki Magte si te aa slaast. De fannst ’ki Make aat hono i Bygdenn, aa inkje aat brune Merrenn hass heldan, ho va den friskaste paa Slidre-ise um Joledagen. De va ei Gaang um Veten, at han skulde austa i Aasen aa kjøyre heim den store Kubbin som Bakstefjøle paa Fysstro e taa; denne Fjøle e no namngjeti i Grendenn, aa Navne aat gamle Fysstro’e staar paa rangunn paa henne hogge me store Timberbokstava. „Du faar nok ikki seta Bruna før denna store Kubbin, ho kjem te aa forslite se,“ sa’e Kjeringi hass, daa han reiste te Skogs um Morgonen. „Aa e faar væl draga sjøl,“ svara Fysstro’n. Aa te di vart de ogso. Daa han va komin austa i aa hadde spennt Merre før, dugde ho alder te aa rikke Kubbin. So spennte han ho ifraa att aa vrei ei Vidjo ikringo kor Sko, so at dei inki skulde rivne, aa so steig han i Skjæki aa dro Kubbin radt uppaa Aasen, fyrr han kvilte. Merre gikk ette. Si’a spennte han Merre fere att aa kjøyrde Kubbin ne i Garden.


Denne teksten er offentlig eiendom fordi forfatteren døde for over 70 år siden.
  1. Strju, Stry. strjuvillt tyder væl reint villt, galet; jf. „aa narra ein upp i Stry.“
  2. fiska med Ongul, Krok.
  3. gamalnorsk hall tyder Stein.
  4. Storverk; (mogeleg fyre Ovverk).