Hopp til innhold

Bergsgjenta

Fra Wikikilden
Segner fraa Bygdom utgjevna av det norske SamlagetH. E: LarsenI (s. 26-28).

Sy i Garde paa Bergi budde de ein Mann som eitte Jahas; han va endaa so svær te aa laate paa Hørpa; de e ’ki mange Aare si’a han døyde. Denne Jahas’en hadde ei liti Døtte, som eitte Marit, ho va ei Smaagjente paa ein seks-sjau Aar. Ein Dag skulde ho aa Bror hennar som va nokre Aar eldre gaa upp paa Marki eit Stykki ova Huse aa ropa heim te Maals Far deiris, som stelte der me noko Jordarbeid. Daa dei gingo ne’att, vart Gjenta burte før Gute; han visste ’ki meir kor de va vorte taa henne en alder so va. Han sprang daa ne’att aa meinte, at ho va komi fere hono, men ho va ’ki de heldan. Daa Faren kom, spurde dei han, um han hadde set ho, – nei. So sette dei upp igjeno te aa leite, fysst Foreldro aa Systkine hennar se’a alle som voro go te røre se i Bergsgardo, men dei fønno inki Gjenta. Daa vart de likesom ein Dugna, Folk komo te dei otor heile Bygdenn, før dei syntest Synd i dei, aa dei gingo skile i Manngard aa leitte aa forforo upp heile Aasen unde kor einaste Buske, men Gjenta fønno dei ’ki att. Paa ein Haug trast ova Huse fønno dei ein Kjepp som ho hadde bore i Høndenn, daa ho vart burte, aa dei kunna daa inki anna skyne, en ho va vorti inntaki. Dei freista no alla dei Raa’e som upp kunna tenkjast, te aa faa henne utatt, men de hjølpte inki. Dei reiste upp ein Gælgi uppaa Hauge, aa fingo laant sø ei taa Tornklukko i Slidrekyrkjunn aa hengde ho upp der, aa dei ringde alla Næta aa Folk komo te dei aa hjølpte dei, so at de gikk Byte paa. De va so underle aa ve’kjømele aa høyre Klukkeljø’e Nattars Ti’e, nær Folk laago i Svevne umkring i Bygdenn. Dei hadde smaae Unga upp der te aa lesa Fadervaare, men alt sama hjølpte like myki. Foreldro hennar toko se slik Sorg taa di, at dei voro mest tullutte. So va de ei Natt, at de kom eit Trøllkvendfolk te ei gamal Kjering som budde paa ein Plass nord me Aase, aa ba ho gaa sø te Bergi aa be’a dei, „at dei heldo upp aa ramle paa denna Skarvebjølla no; de skulde ’ki gjera nokor Hjølp likevæl.“ Men Kjeringi kvidde se før aa gaa; daa kasta Trølle se over ho aa vilde kvæve ho, aa de beit ho over Andlete me dei fæle Hoggetenno sino, so ho fekk tvo styggi Saar, eit paa kor Si’e taa Munne, aa dei vara so lengi Kjeringi vara. Daa va ho sæl ho gikk aa gjorde som Trollkjeringi ba ho. Men endaa vilde dei ’ki halde upp aa ringje, dei slutta ’ki, fyrr Klukka tok te syngje; „de faa ho ’ki att – uskadd; de faa ho ’ki att– uskadd!“ Daa løto dei sluttelikevæl, før dei vilde no heldan, at ho skulde vera der ho va aa hava de godt, en dei vilde hava ho att Kryppling aa helselaus all si Ti. Faren reiste nok te ein Visgut ute i Land ogso aa spurde hono ette Raa; men han sa’e de sama han, – dei kunna nok faa ho att, men daa va ho so tereidd, at dei vilde ’ki hava nokon Gle’e taa henne likevæl; de va best dei leto ho vera der ho va.

Far hennar saag ho ei Gaang si’a. De va ei Natt i Støle han laag eileine paa Krakke framafør Peise me Trøyunn unde Huvu’e; de glittra aa brann paa Varma; han Jahas fekk ikki sova, aa so tok han upp Hørpa si aa laag aa let før se sjøl i sin Einvørdsleheit[1] utover Natte. Me’a han let som best, kom de nokra Smaagjento fram paa Golve, aa dei dansa ette Hørpunn so fint, at de va undele aa sjaa. Ei taa desse Gjenta va ho Marit Døtte hass; ho hadde inki vøkse, men ho va myki finare, en daa ho vart burte. „Aa nei, e ’ki der ho vesle Marit daa!“ sa’e han Jahas aa vilde kasta Hørpa over ho, men daa vorto dei burte skile som ein Skimt. Men hadde han faatt kasta Staal over ho, so hadde han væl faatt ho att endaa.


Denne teksten er offentlig eiendom fordi forfatteren døde for over 70 år siden.
  1. tyder væl, einslege Tilstand, (jf. gamalnorsk einvorðum).