Han Thor Skyttar

Fra Wikikilden
Hopp til navigering Hopp til søk
Segner fraa Bygdom utgjevna av det norske SamlagetH. E: LarsenI (s. 23-26).

De va ein gamall Ungkar som eitte Thor; han laag i Fjello paa Veidn um Haustadn aa langt utover Veten, difør kalla dei han ’ki anna ell Thor Skyttar. Han heldt te i einkort Øy’esele, aa han sulla se sjøl einsle, nær han laag der i Peise um Kveldadn aa Nætadn, aa snudde ymsekor Si’e imot dei sprakalause Løsteelde[1]. Men va de manga Veko, at han ’ki saag Folk, so va de mest inki ein einaste Dag, at han ikki saag Haugafolk aa Underjordiske. Um Kveldadn, nær han laag i Halvsvevne i Peise, komo Huldridn i Katteham krjøpandis over Føtadn aa Eksladn paa hono; – ei Gaang kom de ei stor gamal graa Kjette aa sette se framafør hono so tett innpaa Brandadn, at han syntest de kunna fata i henne. „Akte de Pus so du ’ki brenne de,“ sa’e han Thor. I di sama vart Kjetta huld, men han høyrde de knisla aa log uta i Veggi, aa ei som va so grann i Maale sa’e detta: „akte de Pus, so du ’ki brenne de, sa’e han Thor Skyttar te me.“ Ei Natt laag han Thor aa sov aa raut; Løstudn hadde bronne aav, aa Endadn rulla attiende, so at de heldt paa aa taka Varme i Brokebotn hass Thor. „Akte de Thor so du ’ki brenne de,“ sa’e hona me di granne Maale. Daa vakna han Thor, men han saag ingin. – Ein Kveld sat han aa steikte Flesk paa Gløno. Me’a han sat der aa smatta aa snudde paa Fleskemolo, kom de ei gamal stygg Kjering aa sette se ve hitt Peisla’e tett innaat Eldsta’e, aa der gav ho se te aa sita aa flikje aa dubbe; Han Thor saag se leidt paa ho, aa tok Fleskemolo si taa Glono so heit so de sau i henne, aa skikka ho te innunde Døse paa Trølle; men daa va ho ’ki sein or Peise; – de stratta atta i Veggi, dei syntest de va løgle, Fantetye.

Ein Kveld um Hausten han Thor Skyttar gikk i Fjelle, kom han stums innpaa ein stor feit Bjødn, som sto ne me ein Haug aa snusa i Mosa. Han Thor tok Byrsa si aa vilde skjøte han, men daa skreik de inni Hauge: „Ragnhild! lokke innatt Gjødslegaltin, han Thor vil skjøte han,“ aa i di sama va Bjødnen huld.

De va gjednastner, at han Thor tapte burt Dagarekningi, so at han inki visste ko langt de lei. Men nær han trudde, at de lei te Jol, so laga han se heimatt, før i Fjelle fekk han ’ki vera i Jolehelgenn før Trøllo. Ein Kveld um Veten saag han de lyste burte i ein Kamp skile som de hadde vore igjeno ei opi Dør. Han gikk burtaat, aa daa saag han; at Haugafolki som budde derinne hadde sett Døre paa vi Vegg. Inne va de Felelæte aa Dans aa Moro; Karmennadn hoppa upp aa slogo ihop Hendo aa skriko: „Trjaa Veko aa ei Skarke[2] te Jolann!“ Dei gle’a se te Jol dei likesom alle are. Soleine fekk han Thor den Gaange veta ko langt de lei, so at han kunna laga se heimatt i Ti’enn. Men um Veten derette gikk de hono verre. Daa vart han liggjandis i Fjello radt te Jol. Um Joleftasnatte rett som han laag aa lunka se som alle best, høyrde han Trølle i Nøsakampe rope te Trølle i Knippunn: „faar e laant store Buskapskjelen din?“ „Ko vil du hava den te?“ svara de. „E vil koka han Thor den lange som alder heimatt vil gange,“ svara Trølle. Daa vart han Thor rædd, sto upp aa pjunka se te aa sette paa Heimvegen so fort som han hadde vore kasta. Men han laut over ein Haalis aa glatt, so at de flaut[3] inginting. Daa han vart stird tebakers, saag han Trølle kom skrevandis ette; de va so stort aa høgt, at han saag Maanin imyljo Føto paa di; de glatt aa datt, so de braka i Ise, men nær de kom uppatt, tok de so lange Steg, at de kunna naa att hono Thor i nokre Byks. Men te all Lykke va de eit Trøll burti ein Haug, som vilde hono Thor væl aa skreik te hono: „Thor Ragabust! kipp Sko, spring sokkeleisto, so gaar de fortare!“ Daa treiv han Thor Skodn i Nevin, aa no tusla han so lett over Isen, at Trølle vart langt ette. Daa han kom heim paa Eggi, saag han, at de brann Ljøs i kor einaste Hytte; daa fysste skynte han, at de va Joleftasnatte.


Denne teksten er offentlig eiendom fordi forfatteren døde for over 70 år siden.
  1. ei Løste er eit Vedatre av Bjørk eller annan Lauvskog, og som Borken er avflekt paa; av losta, flekkja løypa Bork (ljosta).
  2. „Skarka,“ et eit Navn paa Vika fyre Jol.
  3. d. e., so at det inki munade fram det minnste; fljøte, naa, røkkja fram; (ogso i Hallingdal).