Hopp til innhold

Han Jakup Sæterdale

Fra Wikikilden
H. Aschehoug & Co. (s. 239-241).

Han Jakup Sæterdale.

Sæterdøl’n er fødd i Vaardale paa Lom paa Lag 1740 og ha gjort ein Mengde Stuguskaap, paa Vaagaa finnst de minst ein 8–10 ’taa døm. Han ha for de meste ei fast Gjerd paa Skaapom sine saa ein kan kjenne døm me fyste Augkaste; Skurd’n hans er ou oukjennt og likna Klukksta-Skurde meir, hell Skurd’n aat nugun a’an ’taa di andre Treskjerarom i Norddale. Ingen ha hell naatt nerar att Klukksta’e hell Sæterdøl’n gjorde der, han lette se te for fullt Aalvor. Som hann va de Krill-Kroten, Sæterdøl’n helst heldt se aat, og Krillann hans har den saamaa mjuke, rolege Daamen som Klukksta’n kunde leggje ivi Utskurd’n sin. Ser ein paa Skaap-Kollan hans for de snøgge, kan ein lett kaamaa paa di Tankann, at han ikje ha aatt nugun sers rik Innbilnings-Evne me di, han heldt se saa fast aat di saamaa Gjerd’n. Men den, som følgje Arbei’om hans nøgjar, vil bli var, at de vanta ’om ikje paa den Evnin; summe Gongo kan han gje Krill-Skurde sine ei heilt framon Gjerd som han er einsle um og som er nouande høvle og lugum. Og han kan imillom fylle eit Skjei-Kast i Stuguskaapom sine me ein Bla’-Skurd saa ofsele rik, at du knapt ha funne Maakan. Ja, han Jakup ha vore ein Mestar og ingen ha sett saa greie Merkje ette se paa Utskurde i Vaagaa, som han. Den greie, skjirne Krill-Kroten hans va lettar aa taakaa te Mønster, hell aat Klukksta’e, for han ha ikje den Hogen te aa vaage se te me di vandaste og mangfoldogaste Smøygjingo og Sløngje, som hann.

De va Stugu-Skaap han arbeidde mest; ’taa andre Arbei som

Fig. 19. Skaap ette ’om Jakup Sæterdale hjaa J. Aars Fabritius paa Klones. Fotografi ’taa Iver Storvik.
er kjennde, ha han skaare Preikstol’n i Loms-Kjørkjun og Skurd’n upp-ivi Songhus-Dør’n. Sæterdøl’n va hal’vegjes ein Ein’stø’ing paa summe vis og va ein stiv-gjord Kar, som lout faa gaa ette sitt eigje Hugu. I Heidale gjorde han mange Stugu-Skaap paa di største Gardom og da han heldt paa og arbeidde paa Haarelsta, endsa Mann paa Garde ette, at han Jakup dreiv me saa skjemde[1] Høvltenn, at døm va reint ronde og kvite i Eggje. Mea’ han va paa Garde, gjorde han ei Snarferd heim aat Sæterdale og da tok Mann og slipte Høvltenn hans og gjorde de væl ou, for Haarelsta-Mannen va ein hendog Kar og skjøna se paa Snikring sjøl. Han tenkte aa gjera Sæterdøle væl imot, for han tykte, de lout vera ei fæl Orke, aa arbei’e me saa skjemde Høvle. Men da han Jakup kom att og fekk sjsaa, at Høvl-Tenn hans ha vore paa Slipsteine, vart han saa tykkfsin, at de va me stor Nø Mann fekk han te aa gjera Arbei’e fraa se, han bar te aa sanke ihop Amboe si og vilde gaa sin Veg.

Ette Sæterdøl’n va ein gomol Mann tinga han Ola Haakaasta’, Stortingsmann, han te aa gjera tvoug Stuguskaap aat se og da Sæterdøl’n kom paa Gard’n og skulde begjynde Arbei’e, ha han Ola gjort ei Teikning ’taa Skaapom saales, som han vilde ha gjort døm. De va ei Skaap-Gjerd fraa Fron, Haakaasta’n va hoga te, aa faa gjort Skaape sine ette. Da Sæterdøl’n ha sett Teikningje og høyrt, kaarles han Ola ha tenkt se te aa faa gjort Stuguskaape sine, sa han: „Ja, naar du veit saa væl, kaarles du vil ha Skaape dine paa Gjerd, saa gjere du døm sjøl, da.“ Og me di tok han Ambo’s-Skreppa si paa Ryggen, gjekk te-dørs og lakka ne-i Vaagaa-Moann; men Haakaasta’n gjekk ette ’om og va go-te aa faa Gamlin i Lag att saa han va me att-ende aat Haakaasta og gjorde Skaape paa den Gjerde, han Ola vilde ha døm. Og de er Arbei, som er setande, ou. Dette lyt ha vore paa Lag i 1815 hell saa; Sæterdøl’n er trule fulle av i eitt ’taa di neraste Aarom ette 1820.

  1. skjemde, ’taa skjemd: „sløv“.