Elskug-Kvæde

Fra Wikikilden
P. T. Mallings Forlagsboghandel (s. 21-23).

(Visetone fraa Sogn.)

 1. Naar eg finge den, eg vilde,
aa, eg skulde voret glad;
som til Gjestabod og Gilde
gjekk eg til min Armods Slad.
Lat so vera, det vardt Møda;
mødast lyt ein, kvart ein vil.
Um det og var trongt um Føda.
Armod er me vane til.

 2 Naar eg berre paa det tenkjer
ljosnar Heimen som en Dag;
alt eg gløymer, som meg krenkjer,
allting fær eit annat Lag.
Hugnad som ei Himmels-Sending
strøymer inn i alt mitt Vit.
Allting fær si rette Vending,
Livet fær sin rette Lit.


 3. Alt, me skulde havt at røda,
vilde seint sin Ende faa.
Fagnad millom Trong og Møda
knapt det skulde skortat paa.
Inkje trur eg, nokon gaadde
myken Ufred, der me var;
inkje trur eg, at der raadde
myket Strid og strenge Svar.

 4. Naar me gjekk i Onni saman,
skulde Verket fallet lett.
Laga skulde me med Gaman
alt, som best me hadde seet.
Aldri er det tungt at træla,
der ein stødt kann Hugnad sjaa.
I eit Hus med Fred og Sæla
der verd alla Mødor smaa.

 5. Lat deim etter Pengar grava,
dei som stødt paa Rikdom sjaa.
Naar ein fulle Hus kann hava,
tru dei, inkje stender paa.
Endaa ymist Folk eg kjende,
som var rikt og kom i Skort;
og paa same Tid det hende,
at eit litet Bu vardt stort.


 6. Nei, dm Skatten vil eg unna
deim, som honom hava vil,
helst til deim, som aldri kunna
utan Rikdom vera til.
Men ein Heim, der Hugnad kvilde.
var den Ting, som mest meg drog.
Naar eg finge den, eg vilde,
var eg altid riker nog.


Denne teksten er offentleg eigedom av di forfattaren døydde for meir enn 70 år sidan.