Hopp til innhold

Det einlege Standet

Fra Wikikilden
P. T. Mallings Forlagsboghandel (s. 23-25).

 1. Det einlege Standet skal vera so gildt.
Dei tru, du er fri fyre alt, som er ilt;
dei segja, du slepper at mødast og syrgja,
du raader deg sjølv og treng ingen at spyrja.
So er du vel heppen og fegen og sæl?
Aa nei, det slapp du vel. Aa nei, det slapp du vel,

 2. Du høyrer og ser no um Dagen so mangt,
og fekk du fortelja, so vardt det vel langt.
Daa er det vel nokon, som med deg vil røda
og spyrja deg ut um di Moro og Møda;

d’er nokon, som bryr seg um det, du fortel?
Aa nei, det slapp du vel. Aa nei, det slapp du vel.

 3. Og fer Du or Huset paa Langvegen ut,
so skal der vel verda ei Sorg og ei Sut.
D’er nokon, som spyrr deg, naar heim du skal venda,
og vil, at du Helsingar heimtil skal senda,
og ynskjer, at alt maatte ganga deg vel?
Aa nei, det slapp du vel. Aa nei, det slapp du vel.

 4. Og kjem du so heim fraa den framande Stad,
so er det vel einkvar, som gjerer seg glad,
D’er nokon paa Bryggja, som Helsingar hentar;
d’er nokon, som stender paa Vorren og ventar
og helsar deg blidt og er lystig og sæl?
Aa nei, det slapp du vel. Aa nei, det slapp du vel.

 5. Og Sotter og Sykjor kann lett koma paa.
daa er der vel Hugning og Hjelp til at faa.
Du kvider og syter og fær inkje sova,
daa er det vel nokon, som ser inn i Stova;
d’er nokon, som græt, um du talmast i Hel?
Aa nei, det slapp du vel. Aa nei, det slapp du vel.

 6. Nei, kann du deg aldri ei Menneskja faa,
so maa du all Hugnad av Tankarne slaa

og venja deg vel til at sakna og strida,
og trøysta deg med: der er fleire, som lida;
det einlege Liv gjerer ingen Mann sæl.
Aa nei, det slapp du vel. Aa nei, det slapp du vel.


Denne teksten er offentleg eigedom av di forfattaren døydde for meir enn 70 år sidan.