Eit Festarøl

Fra Wikikilden
Hopp til navigering Hopp til søk
Segner fraa Bygdom utgjevna av det norske SamlagetH. E: LarsenI (s. 74-79).

E ha vore i fleire Lag i Vet, men Festarøle hjaa hono Sveidn[1] i hina Vikunn va eit gjøle Gjestebo. De gikk so aabusamt[2] te taa alle Slago, so de va Umraaln[3]. Vil du ly’e ette, ska e fortelja de taa alt ifraa de fysste te de sidste.

E kom som Skikken e, nær de e so langt burte, Dagen fyriaat. Um Morgon, endaa e va tile uppe, va Bru’e alt reidd[4]. Ho hadde so grume Buna aa Reidna, som nokon kunna hava, anna ell ho hadde ’ki Skospennu men rau Troye aa Korilstein-Haarlag aa rosutt Fyreklæ’ aa overmaatele væn Dust[5]. Som de lei ut paa Morgon litevætta, for Folki te aa koma, aa Kjømeisteren sto uti Dydne stødt te aa be’a dei inn, te Stugo da mett. Bru aa Brugom soto paa fremre Bordkrakkenda nemmast Skaapi, aa dei gamle sjølve-Folki i Hægsæte, aa dei skulde alle som komo helse paa i Haande aa ynskje dei te Lykke. Daa de va taahelsa, kom de ein Kjellarmann aa skjekkte uss ein Dram, Rei’ekjeringi kom me ei Rjumebrølesse, aa radt ette hena den are Kjellarmannen me sino Øltankar aa gav uss ein Ølskjenk i ein liten Trebolle kringum ein Pæl. Som alle hadde taa-ete detta vesle dei hadde Faatt, sto’o Brufolki, uppatt taa Krakki aa svivo att aa fram eit lite Bel, aa Fvlki soto aa gingo som dei sjølve vilde. E sat aa tenkte, muntru me inki sku snart ut. Rett som de va, sa’e Kjømeisteren, at de lei te dei Ti’enn, me ’ki lenger kunna drygje, men maa te snugge uss snart te Vegars. Han tok daa te aa sesse, Brufolki i Hægsæte, Verforeldro ve Roskaape aa dei Kjeringadn som voro mest vardand[6] ova Borde burt igjønum, se’a are, alt me de gikk aat Borde. Fremst paa Bordkrakksenda sat den eldste taa Skyldingo, Brøradn deire derette aa so vi’ar. Daa alt va taagjort me Sessingenn, vart de skjekkt ein Dram kringum Borde aa so framme, aa Ølskaalidn vorto sende um. So gikk Kjømeisteren burt aat Skaape aa ba alle tigja, aa la’e so ut ei Tale for Brufolko. E minnest væl, koss han tok te, de va me dei Ordo: „eit mildt Ord stille Illska,“ aa daa han hadde taatala, song han eit Vers. So tok han Haande aat Brugome aa synte hono, at han fysst skulde taka Far sin aa se’a Mor si i Haande; me’a takka Kjømeisteren Foreldro hass for kor Dagen han hadde vore i deires Hus, me viare. So voro dei rei’uge te fara. Kjømeisteren resleidde ute, koss dei skulde kjøyre, at de skulde vera ein Mann aa ei Kjering. fyri, so Bru’e derette Brugomen, aa so dei som vore vardand, Menna aa Kjeringa anna kor, aa ette va de Guta aa Gjentu. Me di sama dei losa or Garde, visste me ’ki Orde taa, fyrr de kom eit Skot, so Hestadn sprotto høgt i Vere. Kjellarmennadn sprungo ne’um Huse aa sto’o der, te Ferde hadde ra’a[7] se te, aa dei govo alle ein Dram aa ein Ølskjenk aa ykste de Lykke paa Reisa. Me komo te Ti’ars i Kyrkja, men me komo ikki atte fyri Avdegningenn[8]. Aa for ei Rungling, daa alt kom inn i Stugo. De va noko te Arbei, fyrr Kjømeisteren fekk sessa altsama; de va visst seks Bordsetninga aa so slik Leiting fyrr han fann alle. Me’a Bru’e gikk inn, sprang de jamsi’is tvaa taa Ungkaro aa fata Bru’e aa førde ho aat ytre Enda paa Borde. Brugomen sette Kjømeisteren i Hægsæte aa nemme hono ein vetug Mann som va væl kringsvallandis. No skulde dei taka te aa prute um Bru’e. Brugomen va bljug aa dugde inki te aa forsvara se, men Mannen, som sat nemme, maatte prute i Sta’en for hono. Dessa Gutadn voro saa stri’e, at dei vilde hava fire tusend for ho; men Mannen bau dei fire hundre. Detta tjaaka dei um i lang Ti; paa sidste vorto dei samd, aa Brugomen maatte kavsonere me Manne, at han skulde bitala Pe’ingadn te Marimess. So fysst søngo me Bru’e aat Hægsæte, aa so skulde de skjenkjast ei Kaupskaal paa Handelen. Kjømeisteren las for Maten, aa Folki toko te aa eta. De va myki te go Mat, aa Sø’e deire va herjale godt, for di de va nihatt myki Treak so de va taa Lagi[9]. Daa de va taagjort me Etingenn aa me di sama e takka for Maten, sleppte ein eit Skot igiønum Dydne, so e kvakk so, at e mest datt ne. Som alle hadde vore ve Borde, toko dei te aa ytast[10], fordi sume foro te bi snudne[11].

De vart eit Bel, inna me toko te danse. Dur sprækaste Dansaren tok Bru’e som ette Skikki skulde vera den fysste. Brugomen skulde no fysst ha dansa me Bru’nn, men han kunna inki, aa so fekk han are te danse for se. So skulde dei danse tryaa Dansa me hena kor, alle dei sprækaste Dansaradn. De heltst ei Ti. Rett som de va, vart Bru’e burte, aa e da me forgrunig, kor ho bar aav. Men trast derette kom de ei Kjering inn ette Brugome. E gikk ette, men dei saago ’ki me. Dei gingo upp i eit Loft, men som dei voro innkomne, læste dei att for se. E stillte me uppaa Re’adn[12] aa saag inn igiøno Lyklehole; der fekk e sjaa, at Reidna[13] vart taahatt, aa dei flette ho uppatt. Brugomen tok Hetta aa sette den ne paa Huvu henna, se’a kom de ei Kjering aa stellte so fint paa ho, som ho skulde vera. Ho spurde Brngomen: „keim set du ho paa for?“ „For me sjøl,“ sa’e han; se’a stellte dei ho berre me Slør aa Stell. Daa de va taagjort, tok Bru’e upp ein Brennevinsbutill or Kistunn sina aa skjekkte fysst Manne sino; se’a vart han kalla Mann aa hona Kjering; gav so alle som voro i Lofte. Daa e skynte, at dei vilde utatt, sprang e ne’att so dei inki saago me. Derme gikk Bru’e fyri i rette Bryllaupsstugo, skjekkte so fysst Verfar sino; han tok Glase i Haande aa ykste hena te Lykke me Hettunn aa ba ho vera vælkomin aat sitt Hus. So skjekkte ho Vermor sina, aa hona gjorde samaleise, som Mannen hadde gjort; gikk so Bru’e i Dansarstugo aa skjekkte alle som voro inne, aa se’a dansa ho me nokon kor me Hettunn paa.

I hina Stugunn soto alle gamle Mennadn aa dei som inki kunna danse. Me hadde inki anna moroe oss me, anna me toko uss te kve’a. De va ein liten Gut som hadde so knjellt[14] Maal; han soto me aa lydde paa lengi, men de va ei Garpebryggje, han helt alder upp. Daa de lei ut paa Naatte, foro Folki te snugge se te, aa Framangjentudn te Sængs, aa Lage slutta den Naatte. Me’a Gjentndn skulde burt aa leggje se, fylgde de me taa Guto. Der vart eit Aalmen-Hus[15]. Alle Gutadn skulde hava kort sitt Fang hjaa alle Gjentu. Som alle daa hadde faatt Fang, reiste meste Luten are ell dei som inki vorto vanda hjaa Gjento.

Um Morgon kom Kjømeisteren fysst inn, daa laag de aa svav kor i sin Sta. Som dei foro te vekre se[16], søngo dei ein Dram aa noko vesalt bite ti; la’e se so atte eit lite Bel. Daa de lei noko ut paa Morgon, komo Folki or Gordo, aa de va skile so myki Folk som fysste Dagen. Tre’a Dagen vart de me attebe’e alt, aa dei drokko aa aato aa moroa se. Dei rungla att aa fram aa inn aa ut, aa stuka som are Troll. Tesidst ba Kjømeisteren alle seta se aa tigja. Han takka alle, som voro forsamla, aa Sjølvefolki for alt, dei hadde kosta paa uss; sidst takka han for godt Samvære. Den unge Mannen aa Kjeringi sto’o kor me sin Brennevinsbutill, aa Folki, som daa toko te aa be’a væl leva, maatte drikke ein Dram hjaa kor aa attpaa ein hjaa gamle Manne. So reiste kor heimatt te se, som høyrde Bygdenn te. Fremandfolki som voro or are Bygda reiste inki fyrr um Morgon.


PD-icon.svg Denne teksten er offentlig eiendom fordi forfatteren døde for over 70 år siden.
  1. gamalnorsk Sveinn, ogso uttalat Sveiðn. Det er skamfullt aa sjaa Navnet vanskapat til „Svend,“ som er eit Jute-Navn.
  2. skal tyda, flust, rikleg.
  3. stend soleides; skal tyda, oversleg, framifraa.
  4. pyntad, fjelgad.
  5. Haardusk.
  6. d. e. skylde, „Paarørende;“ av varda (varða).
  7. skipa seg i Rad.
  8. Enden paa Dagen; daa det hadde avdagat.
  9. utifraa, oversleg godt.
  10. skuva kvarandre, kjekla.
  11. litet øre.
  12. Flt. av Re (rið) ei Svaal.
  13. Brudabunaden.
  14. kvellt, grannt.
  15. fæl Staak i Huset; eit Aalmes-Menneski, ein Stakkar (gammalnorsk ølmusa).
  16. vakra seg, vakna.