Bryllaupsskikkidn i Aal

Fra Wikikilden
Hopp til navigering Hopp til søk
Segner fraa Bygdom utgjevna av det norske SamlagetH. E: LarsenI (s. 67-73).

Alle Folk hava stor Stri me desse Giftingenn aa Aalsgjeldingadn inki minnst. E hadde difor Hug te aa rø’a lite um, koss dei hava de nær dei sko giftast. Ko me sjaa aa ko me høyre umkring Øyrudn e ’ki stort anna ell Giftingsgrei’e aa Giftingssvall, aa de krafsa alle kor i sin Krok i denne Vegen. Um sume høyre e dei se’a, at dei hengje se upp ette Mate, um are, at dei søkkje se ne i Armoe aa um imse, at dei ljøte gaa den Vegen, taa di de e so laga. Men koss som e aa inki e, so bli de mange gifte; men fyrr me faa høyre gjete, koss dei fara aat, nær dei sko gifte se, e de væl best aa rø’a lite um, koss dei bi kjende me korare.

Som alle veta, e Naattefriing gjengst enno paa mange Stellu i Lande, aa de e nok so i Aal me. Fysste Gaangi dei sjaa korare e oftast ve Kyrkja ell i eit Lag ængorstane. Umagadn gaa oftast inki te Kyrkjunn for aa ly’e paa Presten, men helst for aa faa vise se fram ell faa Auga paa ængon, som dei like. E de daa ein Gut, som ha set ei fin Gjente ve Kyrkja ell ængorstane helles aa han lika hona so godt, at han vil fri te hena, so snugga han se rei’ug ein Kveld aa reise dit som Gjenta e. Um Sumaren liggje Gjentudn i Lofte, aa daa e de beste Høve te aa fri, taa di ho ligg eisemal daa; kjem de daa ein som „ropa paa“ aa som ho tykki godt um, so svara ho snart, aa e de daa inki noko Meinhøve[1] for Gjentunn, so læt ho snart upp for Gute, men ho lyt no te se lite byrg fysste Gaangi. Guten sigi inki noko um denne Gaangi, at han lika Gjenta, ell at han vil hava hona, men han svalla me hena, aa teslut kann han spyrja um han fær koma att ei a’n Gaang. No maa ’ki Gjenta svara ja for radt, for daa kunna Guten synast, at han hadde vunne hona for lett, aa difor vende Hugen fraa hena. Soleise bi dei daa kjende, aa denne Kjennskapen kann daa vara ei Ti, fyrr dei tala um aa gifte se me korare. Nær daa den Ti’e kjem, at dei synast dei vilja gaa den Vegen, so maa dei uppedaga de for Foreldro sine. Guten sigi de oftast te Mor sina, taa di de e uvandast[2], tykki han, aa hona ska daa se’a te Far hass. Paa sama Haatten e de me Gjentunn; finnst de daa ingin Motebaaru paa nokon Si’e, so ska Guten tala me se Foreldrudn sine aa reise dit som Gjenta e ifraa, aa her bi de daa aavgjort, at dei sto hava korare. Gjenta fær ei Gaavu taa Gute te Merki paa, at de ska staa stødt som dei ha lovt korare. Snart ette reise dei te Preste aa krevja Lysing, aa de e oftast Far te Gute, som ska faa de greidt. Se’a taka dei te aa laga te Gjestebo’s; dei bryggje aa baka i lang Ti. Nær dei so era komne so langt me di dei sko hava rei’ugt te Gjestebo’e, at dei kunna seta Dagen, so sende dei ein Be’armann ut umkring Bygde tvaa Daga fhriaat; han ska be’a Folk te Gjestebo’s. Te Be’armann maa dei sjaa aa faa se ein som kann faa Kjasten upp nær han kjem inn te Folk. Han ber daa Ærende fram aa nær han kjem inn i Stugu, sigi han so paa Lag: „e skulde be’a dikka fraa hono (Ola Sata) aa hena (Ragndi Ro’nn) um de vilde gjera dikka so uvande aa koma te (Sata) um Thorsdagen, alle som sleppe laus, aa um de daa vilde koma so tile, at de vorte me te Kyrkjunn.“

Nær dei tvau, som sko giftast, hava Heimen sin nett ve korare, so bli de ’ki meir ell ei Grend be’en; men hava dei heime langt fraa korare, so maa dei be’a kor si Grend. Dei som era bedne maa daa laga te Sending, som dei hava me se aat Gjestebo’e. Te Sending laga dei te noko taa korjo, sume baka Rjumebrø aa Lefsekling sume koke Dylle[3] aa Rjumegraut aa stundo Mjolkeprim. Dei i Gjestebo’sgarde faa soleis myki go Mat te se send, so ein kunna tru de vore bra aa halde Gjestebo ofto, men so e de nok inki, for de kjem so mange taa dei som sko eta ettepaa, at de gaar, de dei ha faatt, aa myki meir te.

I Gjestebos’garde sko dei hava noko Rei’ekjeringa te stelle Mate aa ei Reiekjering te pynte paa Bru’e. Ein Kar ljøte dei hava te styre me Brennevine aa ein me Øle; denne sidstnemnde kalle dei Kjellarmann, taa di Øle e i Kjellare, aa dit maa han ofto, fyrr han fær tømt alle Øltunnudn. So hava dei me ein Fyritalsmann, aa han e den gildaste, taa di han ska baade tala aa syngje for dei aa hava Grei’e paa ænkort anna me.

Den Dagen daa Gjestebo’e ska haldast, stelle Reiekjeringi Haarlage paa Bru’e noko tile, for ho ska vera rei’ug te Folke kjem. Nær Folke tek te aa koma, seta Bru’e aa Brugomen se ne paa Bordkrakken. Folke ska daa helse fysst paa Brurafolki aa so paa are som era inne; se’a bi dei førde burt i eit anna Hus aa der møte fysst Skjenkjaren me Butill aa Glas; taa hono faa dei ein Dram; so kjem Kjellarmannen me Ølskaalenn, aa so syrgje Fyritalsmannen for at dei koma te Bords, aa Rei’ekjeringadn for, at dei faa Mat. Nær daa alle era mette aa rei’uge te fara aat Kyrkjunn, sto dei samlast i Stugunn, der Brurafolki era. Fyritalsmannen ska halde ei Tale for Bru aa. Brugom, at de Sambande dei ha gjort no ska bi stadsest, aa at dei ljøte hugse paa aa taka den me se paa Vegen, som kann gjera Samlive deires te eit lykkele aa vælsigna Liv; aa derette syngje dei ein Salmestubb. Nær dei koma ut aa sko stelle se te aa kjøyre or Garde te Kyrkjunn, tek Spelemannen te aa laate paa Fela, aa han læt heile Vegen. Paa Vegi te ell fraa Kyrkjunn e de eit godt Mark, um dei faa Brudøgg (nær de snjøga ell regna lite); men kjøyre ængon sund Reiskapen sinn i Ferdenn era dei umhuga[4], taa di de e eit illt Mark. E de eit nokoleine stort Gjestebo, so samlast de oftast te ei tjue aa tredve Hesta som sko vera me i Ferdenn. Nær dei fara te Kyrkjunn sko ein ell tvaa Hesta vera fyri, so kjem Brurahesten, aa derette ska Brugomen kjøyre, si’a skipe dei se ette korare som dei sjaalve vilja. Nær dei era komne aat Kyrkjunn, gaar Brugomen aa noko Menna me hono inn te Preste aa gjeva hono de han ska hava for Umaken sin; si’a gaa dei aat Kyrkjunn. Sume hava Brurasveina, som sko føre Bru’e fram aat Altare, aa ut or Kyrkjunn, nær ho e rei’ug. Nær dei kjøyre heimatt fraa Kyrkjunn, ska Bru’e aa Brugomen byte um, so at Brugomen kjøyre fyri Bru’nn. Paa Heimvegi e de baade Skjøting aa Skjenkjing, detta sidste koste Lausekaradn. Paa Vegi te Kyrkjunn, maa ingin skjøte; skyt ængon daa, so e de Mark paa, at han e sinna paa Bruraferde. Nær dei koma att aat Gjestebo’sgarde, sko dei inki kjøyre den sama Vegen inn i Garden som dei kjøyrde ut; men dei sko kjøyre rettsøles, som dei kalle de; Fyritalsmannen ska møte dei ute aa be’a dei vera vælkomne att ifraa Kyrkjunn aa so hava dei inn i Stugu aa halde ei Tale for dei.

No ha Rei’ekjeringadn stellt paa Borde, aa Fyritalsmannen sesse te Bords. Brugomen aa Bru’e sita i Hægsæte. Um dei no hava alder so lange Bord, so maa dei i store Gjestebo hava tvaa te tryaa Bordsetninga, aa Fyritalsmannen maa lesa aa syngje for Maten fyri alle Bordsetningo. Te Ettemat hava dei Sendingadn, Dylle aa Rjumegraut, som fysst hi sett paa fysste Bordsenden, aa nær dei ha ete de dei vilja, hi de sendt neover, aa te Slut kjem de aat Snaalenda ell neste Bordsenda; der sita Umagadn, aa der bi de jabnast Ende baade paa Dylle aa Rjumegraut. Skjenkjaren aa Kjellarmannen gaa umkring Borde aa gjeva Folki taa di dei hava. Nær dei alle era mette, syngje dei Duken taa Borde. Detta gjera dei so, at nær dei ha tiki alt taa Borde, rulle dei Duken ihop paa fysste Bordsenda, me’a dei syngje eit Salmevers. So tek Spelemannen te aa laate, aa so danse dei aa drikke me full Hugna. Ut paa Kvelden ei Stund, ska Reiekjeringi seta Hetta paa Bru’e aa taka taa hena Haarlage, som ho ha hatt fyrr um Dagen. Hetta e eit kvitt Huvuplagg som Kjeringadn sko hava te Aatskil fraa Gjento aa som hi spana upp i Bere hak paa Nakka. Nær Hetta e paakomen, ska Bru’e som no e vorten Kjering, gaa umkring aa skjenkje Hettedrammen; fysst skjenkje ho Far sine aa sia rundt heile Lage. Hettedrammen e oftast fælt sterk. Ette Bru’nn gaar Fyritalsmannen me ei Skaal ell ein Borddisk, aa Folk gjeva „Pe’ing i Skaale.“ Derette kjem Brugomen, aa han me skjenkje um Lage. Nær detta e taagjort, ska Brugomen taka Bru’e aa danse Hetta paa; kann han inki danse sjaalv, lyt han leigje for se. Si’a danse dei aa drikke aa eta heile Naatte, te de ber atte te ljøsne; daa bi noko taa Gjestebosfolki burtbedne aat are Garda, aa noko roa se i Gjestebosgarde.

Are Dagen bi det utsendt ein Be’armann atte, aa han ska be’a att te Gjestebo’s dei, som voro der fysste Dagen aa are te. Nær dei koma att are Dagen, faa dei sama Fagningi aa Moro som fyrr. Nær de li ut paa Kvelden, sko alle baade unge aa gamle paa Stolen. Dei stelle daa te tvaa Stola nemme korare, aa so pare dei ihop ein Gut aa ei Gjente, som fysst sko seta se paa Stoladn aa gjeva Spelepe’ing; si’a sko dei staa uppaa Stolo aa drikke ein Dram kor; nær dei de ha gjort, sko dei tvau danse ein Dans me korare, aa daa sko dei saa vera eisemall paa Golve me. Paa sama Maaten pare dei samen gamle Folk me.

Gutadn halde se no mest der som Gjentudn era, aa bi ængon vare, at ein taa Guto held se mest me ei taa Gjento, so bi dei tvau rulla paa Stabba me korare; dei hava ein Stabbe ell ein Tronubb burte i ei Ron, aa so taka dei Guten aa Gjenta aa føre burti Rone aa ne paa Stabben; men daa kjem de ofto Slagsmaal ettepaa taa di Guten inki lika aa bli lagd paa Stabben og vil hebne se ettepaa.

Nær alle ha vore paa Stole aa gjeve Spelepe’ing, so danse dei fritt heile Kvelden aa meste Luten taa Naattenn me. Tre’a Dagen bi de me oftast attebe’e, aa daa gaar de te paa sama Haatten som are Dagen; e de store Gjestebo, halde dei paa so ei fire fem Daga, aa stundo jamvæl heile aatte Dagadn.


PD-icon.svg Denne teksten er offentlig eiendom fordi forfatteren døde for over 70 år siden.
  1. Hindring.
  2. lettast.
  3. av søt Mjølk aa Risengryn.
  4. betænkelige.