Dragardokka

Fra Wikikilden
Det norske Samlags Forlag (s. 43-45).

Dæ va ein Mann ei Gong – kor dæ va o ko Mann eitte, um han va gjift ell um han va Lauskar, ska e segja e ikji veit; men so æ dæ me fortelt – dæ va ein Mann ei Gong, so hadde ei Dragardokke. Ho dro te hono Peing, alder mykji, alder meir en Kjyte[1] um Sende, men ho dro rae o støtt, Natt o Dag, seint o tile, o dæ æ Javdnin so dræ, segja dei gamble, o ner dæ bli mange Tvoskilinga før Dagen, kann dæ bli Peing taa di lell te Slutt. Mykji Peing hadde dena Mann, mykji meir fekk han heile Tie, men te meir han fekk, te meir vilde han ha. Dæ æ so dei segja før eit gamalt Ord: Mykji vil ha meir, o Helveti bli alder fullt. Ko rik han va, timde han kji gjeva Stakkaro noko lell, nei inkji so mykji so ei Øgnegrand fingo dei hjaa hono. „E lyt sjøl hjølpe me, la are hjølpe se“, svara han støtt, ner engon ba hono um enkort.

Nie Kjellare hadde han eit Rum, so han hadde alle Syllskjilingadn sene ti. Fere dei Rumme va dæ eit Laas, so han støtt hadde Lykkjilen aat; han va sa rædd fere hono, at han alder la han fraa se; men te kor Dag ette han hadde duggurda, gjekk han nie dæ Løynrumme sitt o saag over Peingadn sene. Detta viste no ingjin um før ette sia, kann ein veta. Ei Gong mea han laag i si Einvørsleheit o rekna Kjytudn sena, hadde Laase smølle atti. Seint o sia sakna Følke hono o to te leite. Tesist fønno dei hono ogso; men daa va han so klen o ussel o utsvelt, at han døydde trast ette. Mea han laag paa Likstraa o dei heldo paa laga te Likferds – o dæ va no sakte ei gresk Likferd, ein slik Riking skulde faa – kom dæ noko taa Granno o vilde faa sjaa Like, so so Bruken æ. O dæ fingo dei. Men daa dei stønde frammæ Kjistun o skøa paa hono, fingo dei sjaa, at dæ va eit lite Høl paa Likduke beint over Bringa hass. Dæ saag skjele ut, so ei Mus skulde ha skøre Hol paa. Dei toko te endeseta detta, lyste Duken varle ifraa o fingo daa Auga paa eit svart Dyr paa Skap so ei Mus; dæ sprang att o fram ette Skrøtte hass o va so omogele ansamt. Før kor Gong dæ hadde vore neve Føtadn hass, kom dæ att mæ ein svart, lortut Syllskjiling o la paa Hjarta hass. Dei støndo stirde paa detta ei go Ri; men detta vesle svarte Dyreliknilse dreiv paa mæ di sama o alder ende ette dei. Dei saago væl aat neve Føtadn; men der fønno dei ingjin Ting. Kor dæ fann Syllpeingadn visste dei kji. Eiskrele o rart va dæ før dei, so saago dette mæ, allvissa ner dei hugste paa, ko mykji han hadde helde taa Peinge, o ko hard han hadde vore imot dei simple.

Denne teksten er offentlig eiendom fordi forfatteren døde for over 70 år siden.
  1. Ein gamal Sylv-Tvoskjiling, ifraa Kristian V ell fere den Ti. Dei smaae Ein-Skjilingadn taa Kopar, so Kristian VI slo kallast Koparkjyto.