Det store nashornet/7

Fra Wikikilden

Dei sat borti bestemorstova ein dag fram på hausten, gutane, og maksla på kvernkallar som dei ville setja opp i bekken. Så såg dei han Velom koma borti tunet og hit til døra. Dei hugsa kor snill han hadde vori sist, og ottast minst at han skulle bera på noko ilt no. Det tedde ingen ting sers på han heller, då han kom inn. Han helsa på vanleg vis og spurde korleis folk stod seg, og så spurde ho bestemor korleis dei rusla ned med sjøen.

Å jau, sa han; men det var heller skralt med han Njædl enno; det var den gikta som gnog.

«Ja, den gikta, den gikta, ho sparer ingen, ho!» sa ho bestemor; ho for sin part hadde nett gikta i eine leggen, «så det er som krigen heilt frå oklet og opp til kneet,» sa ho.

Dei tok til å flira åt dette, gutane; men så var det med eitt som han Velom fekk ei lune på seg, og så sa han:

«Ja, det var sant, det var nok noko eg skulle seia med ungane, ja. Eg møtte skulemeisteren her nede, og så bad han meg bera bod at presten ville koma hit til skulehuset i morgon og halda eksamen på ungane. Dei skulle møta fram klokka 9, og dei som ikkje kom, fekk mulkt på seg, sa han; for det var strengt og nøye med presten.»

Det seig or nevane på gutane det dei fór med, og det vart stilt som i eit musebol der dei sat. Aldri hadde dei høyrt på maken som det var speleg og utrygt med styremaktene i desse tider. Nyleg var det lensmannen, og så presten sjølv. Dei hadde aldri vori for presten før, men no var dei så store at dei slapp ikkje lenger. Dei måtte då kunna alt det dei hadde lært før, hadde skulemeisteren sagt, og alle kunne vita kor fælt det var å stå fast, når det var for presten sjølv. Men kven kunne kunna noko no på denne tida? Det hadde nok gått nokre stygge skræmer om skuleeksamen i vår, då skulen slutta; men det vart ingen ting av, og så hadde dei ikkje drøymt om å ottast for slikt før til neste vår. Dei hadde snautt kasta eit auga på leksene dei skulle ha til skulen kom att i vinter, og alt det andre hadde dei gløymt mest heilt ut. Og så skulle dette koma som ein tjuv nett no!

Dei smaug ut og vart ståande rådlause og med skjelv i kne utfor døra. Røma og gøyma seg av alt til i morgon kunne dei ikkje, og sjuke eller halte på nokon måte var dei heller ikkje, så dei kunne sleppa for det. Han Gunnar var sistpå ikkje fri han slo på om dei ikkje kunne få ei magesykje som hjelpte, når dei åt i seg litt pepar og syrestilk; men før dei vart samde om nokon ting, kom mødrene deira og ropa at dei skulle inn og lesa. Han Velom hadde alt vori borti stovene òg med ubodet sitt. «Og lærer de ikkje eit grann bok og bøn no, så skal far dykkar læra dykk ein annan lester i kveld,» sa mor åt Gunnar og Andres til dei to sine — ho peika berre bort mot ein lime bortpå dørhella.

Det var på høg tid òg at dei tok til bøkene. Det var snart kveld, og i morgon vart det ikkje stor tid til å lesa.

Han Pål hadde leksa uti hustavlene ein stad, og då han hadde seti med augo som naglar i boka mest ein time, tykte han endeleg at han kunne ei av dei så nokolunde godt. Så las han ho opp atter enno ei halv sneis gonger, so han kunne vera rett fullstø og lesa ho brenn-fort. Men då han så skulle prøva seg att og heldt neven for augo, var han ikkje eit hår støare enn før. Han hakka seg berre fast eit par stader som han slett ikkje hadde sett på før. Og såleis gjekk det sidan, kor lenge han las. Han dreiv til slutt på av sinne og med gråten i halsen; men då vart det så ille at han kunne ikkje dei fyrste linene eingong. Det datt ifrå einannan som sand alt i hop, og det kom allslags ral og blanda seg inn, både «herr Sinklar drog» og anna som stod i leseboka. Han gret og gjekk ut i kjøkenet til mor si og let om at han aldri i si tid lærde noko, og aldri gjekk han for presten heller. Men der var ikkje anna trøyst å få enn at han fekk freista lykka, «så heng vel all tid eitkvart att i hausen,» sa ho. Jau, det var vent med det, at det hang! Han sette seg til å stira i boka att som i ei skodd.

Ikkje stort betre gjekk det for han Gunnar; han sveiv heilt uti «sentensane» han. Og kva dei to minste lærde, var ikkje godt å vita. Dei var inni dei fem partane og sat og mulla og mulla på «det er», og så fekk dei lange rier med geitestir imellomåt og sat som dei såg både gjennom bøkene og veggen og ut i andre land.

Neste morgonen var dei tidleg oppe og tok til å lesa att, og då hefte det alltid noko likare i minnet. Dei kunne sistpå dei siste leksene så nokolunde. Men det var enno ei skral trøyst; for alt det andre hadde dei snautt fått tid til å sjå på. Han Pål kom på gråten endå ein gong fram på morgonen, og slo på at han hadde fått det så ilt i halsen, så han ingen stad kunne gå. Men då sa far hans berre til han Tormod, at det var nok best han gjekk ut og karta av litt bjørke-ris; — då var det tryggast å besna att noko snøgt. Ho bestemor kom og lest vilja trøysta han og Kolbein, då ho såg kor redde dei var; men dei høyrde snautt kva ho sa. Det var lett nok å prata for henne, jåla, som ikkje hadde lekser. Så laut dei vaska og kjemma seg og ta på seg kyrkjekleda, og ein av dei vaksne fylgde dei eit heilt stykke nedetter.

Skuleborna frå heile krinsen var alt samla utfor skulehusdøra, då dei kom der. Dei var bleike og skjelvne mange av dei òg. Berre nokre av dei største stod som ingen ting var og lo endåtil. Ja, så støe kunne dei vera i leksene.

Presten var alt komen og sat inni skulestova. Så kom skulemeisteren ut og ropa dei inn; han var kyrkjekledd og hadde fint kjemt hår han òg i dag. Dei fire gutane heldt seg etter alle dei andre og sette seg på nedste benken, og det var berre så vidt dei våga å glytta opp på presten. Han stod inne ved veggen og såg på kvar som kom. Han var høg og svartkledd og hadde svart skjegg. Men han var ikkje nett så ovleg vond å sjå til som dei hadde tenkt. Nei, men så hadde han heller ikkje noko å morska seg opp for enno.

— Dei hadde sungi, og presten og skulemeisteren tok til å spørja dei største gutane. Skulemeisteren spurde fyrst, så tok presten i. Og det var svært som dei kunne svara og lesa alle i dag. Stod dei fast for skulemeisteren, så kunne dei det straks når presten kom. Det var skilleg som dei hadde visst om det og seti og lesi i lang tid. Men di verre vart det når han kom til dei som sat der som andre heidningar, tykte dei fire gutane nedpå benken. Dei våga sistpå ikkje å blinka opp, etter kvart som rada kom lenger og lenger ned mot dei. Aller verst kjende han Pål det. Han sat fremst, så dei ville koma til han fyrst, og så hadde han alltid vori mellom dei som kunne noko før; tvifelt skam var det då å vera så tosken no. Han sat berre og streva og tok opp att for seg sjølv det han hadde lært i dag tidleg, så det ikkje skulle koma bort … så stod presten framfor han som ein stor svart rise.

Skulemeisteren spurde eitkvart; det var i hustavlene, så vidt han Pål skjøna. Han visste då ikkje betre råd enn å setja i veg med «undersåtters pligter», som han kunne best. Men før han hadde lesi ei line kom det eit kvast «nei, nei» frå skulemeisteren, og han tykte han såg dei største gutane firte. Så spurde skulemeisteren opp att; men då var Pål så forfjamsa av mistaket sitt, at han korkje håtta eller høyrde, og kunne ingen ting svara. Så spurde presten:

«Kan du lesa det fyrste bodet?»

Nei — då kunne han ikkje koma på det heller så i snøgg-venda.

Då tagde både presten og skulemeisteren. Pål fekk augo fulle av vatn og venta berre han skulle få eit slag under øyra. Men det kom ikkje noko slag. Presten gjekk berre beint ifrå han og tok til å spørja gjentungane på andre sida.

Brennande heit og skjemd sat Pål etter. Det einaste han freista å trøysta seg med, var at dei no ikkje ville spørja han meir, så han var komen gjennom knipetaket på ein måte. Men før han visste ordet av, stod presten framfor han att; han spurde kor gamal han var, og var ikkje det slag vond.

Jau, det kunne han då svara på. Så spurde presten om eitkvart heimatil, og det visste han òg greie på; det var snart gjort med det som ikkje var lekser. Men då dei såleis var komne på gli òg, lirka presten inn på det som stod i bøkene òg, og då gjekk det så underleg til at Pål kunne svara på det med. Var det ikkje rett nett kvar gong, så sa presten alltid at det peika i minsto bort mot det rette, og så, kom Pål straks på los med det fullrette. Han vart med eitt så modig og underleg klår i hovudet. Han kunne sistpå lesa utaboks heile stykket som han ikkje hadde drøymt om at han kunne før i dag; han skjøna det ikkje sjølv. Rende han seg fast her og der, så leda presten han berre på veg att med eit ord eller to — så var det så godt som han kunne alt.

Presten skrepte svært etterpå og klappa han på hovudet.

«Eg visste du kunne,» sa han.

«Ja, han har alltid vori mellom dei beste for sin alder,» sa skulemeisteren og var liksom så nøgd han òg.

Så tok dei til å spørja han Gunnar. Det gjekk alltid noko hakkut for han òg i fyrste laget, men vart straks betre, så han kunne både sentensar og meir. Ja, om det så var dei to minste, så kunne dei eit grann no. Presten kalla dei sistpå glupe gutar alle fire; «og eg er viss på de alltid vil vera likså dugande og læreviljuge,» sa han.

Det leid langt på ettermiddagen då dei kom ut og var fri. Hadde det vori bleike andlet om morgonen, så var det no lått og glede på alle. Dei vart ståande i ein flokk ei heil stund før dei skildest; dei hadde så mykje dei laut drøsa om no. Men han Pål stod berre og lo for seg sjølv og sa ingen ting. Han kjende seg så ljos innvendes, og det var mest som alle såg etter han. Når det barst i, så var det nok han som hadde gjort det best av alle i dag.

Dei var komne opp i vegane, dei fire gutane. Då kjende dei at dei var svoltne, og hugsa at dei hadde niste med i lommene. Dei sette seg bortmed ein stein og tok opp knyta sine, og då var det vaflar dei hadde fått med i dag, sidan det var prestedag. Det var som alt snudde seg vel i dag — kven skulle tenkt det då dei fór ned her i dag-morgon! Men så visste dei det òg no, at slik mann som presten skulle ein få leita lenge etter. «Vil dei likna han i hop med lensmannen,» sa han Gunnar, «så fer dei med lygn.» Då trong dei ikkje vera redde prestedagen ein annan gong heller — berre dei las noko meir framføreåt og ikkje leit altfor mykje på slumpelykka. For det var ikkje visst om ho var til å tru på for ofte, om ho hadde vori god i dag.