Det store nashornet/6

Fra Wikikilden
Hopp til navigering Hopp til søk

Det var ein vond dag. Kven skulle drøymt om anna enn at dei var komne vel ifrå heile den usæle fiskeferda i går kveld då dei la seg? Men dei hadde fått anna vita i dag. Han Tormod hadde vori nedmed sjøen eit ærend, og då han kom att, hadde han leitt nytt å fortelja. Han hadde tala med han Aslak nedi Vika, og han var så vond at han gjekk berre og skjente, sa han. Han hadde mist nokre nye fiskegreier som han hadde hatt hangande i naustveggen. Og det kunne ikkje vera nokon annan enn dei fire gutane herifrå som hadde stoli dei, hadde han sagt. Folk hadde sett dei fara der og nasa i går kveld og ro utpå fjorden. «Men kjem dei ikkje att med dei straks, så skal eg senda lensmannen på dei og stemna dei med ein gong. Du kan helsa dei på det, fantetravane,» hadde han sagt.

Koma att med fiskegreiene no, då dei låg på botnen av fjorden! Det vart nok ikkje i dag det. Dei hadde sett at dei var borte, då dei råka han Velom i går kveld, men ikkje tenkt meir på det eller brydd seg om det, når dei berre vart berga sjølve. Men no kunne dei sitja fint i det for dette med; for det var ikkje tanke om å koma frå det, når både Velom og fleire hadde sett dei.

Kva det var å verta stemnd, visste dei ikkje rett. Men så mykje skjøna dei at det var noko vondt, og dei vart med ein gong så redde at dei våga ikkje å spørja han Tormod meir. Dei smaug bort til henne bestemor og spurde kva det var. Men ho svara berre at det var noko som dei ikkje trong vita. «Det er dei som fer med fant og fals som vert stemnde, og det vasar ikkje de dykk bort i, spår eg,» sa ho. Så laut dei attende og spørja han Tormod, kor som var, — dei våga endå minder å spørja nokon annan — og så fekk dei vita det.

«Når lensmannen stemner,» sa han, «så går han kringom med to store jarntenger. Er det vaksne folk som har gjort vondt, så riv han neglene av dei med tengene. Men er det småungar, så klemmer han fast hendene og føtene deira og tek tre store tordivlar og slepper nedmed ryggen på dei. Han går jamt og ber på slike tordivlar i skreppa si,» sa han. Og det var fulla ikkje mange som slapp stemning når dei hadde naska fiskegreier, og det stod harde ord om slikt i lova.

Dei gjekk med ein løynleg skjelv i knea etterframetter heile dagen etterpå og våga snautt å sjå på folk. Dei visste nok ikkje om dei kunne tru så heilt på dette om tordivlane, men det var fælt nok, kor som var, og mest endå verre ville det vera med den fælslege skamma, når alt kom for dagen og heile bygda fekk vita at dei var stemnde. Dei gjekk berre og glytte nedetter vegen etter lensmannen, og stokk, så dei hetna for kvar gong dei tykte dei såg nokon. Dei gav seg sistpå til å plukka opp aks utpå åkrane, endå ingen hadde styrt dei til det i dag, og var trottigare enn nokon gong før; det var mest som dei kjende seg litegrann tryggare då.

Men dagen gjekk, og det kom ingen lensmann, og dei anda lettare om kvelden. Men dagen etter skjøna dei altfor vel at det var for tidleg å vera trygg enno, og han Tormod slo òg bortpå om det. Det var ikkje sagt at lensmannen hadde fått vita det så fort i går at han kunne koma då. Så kunne han koma i dag. Dei tok på nytt lag til å sjå etter han, og visste ikkje anna å finna på enn å henta opp aks liksom i går. Men dei heldt seg så nær kvarandre på kvar sine åkrar, at dei lett kunne finnast om eitkvart skulle koma på.

Det var slik ein fin dag. Det var solskin og segla kvite skyer oppover fjella. Kornstaurane stod i lange rader og turka, og det var ljost av gult lauv oppi alle bakkane. Det kunne vori slik ein gild dag å ha vori der og henta nøtter. Eller uti skogen og henta tytebær. Ja, om det så var å gå her og grava etter aks eller bera ved, så kunne det vori berre moro, hadde ikkje dette fæle med lensmannen vori. Men no var det berre vondt alt i hop og uvisst kva det kunne verta nokon gong meir.

Det leid langt om lenge fram mot dugurden, men ingen lensmann var å sjå enno. Då var det ikkje fritt dei fekk betre von att, og Kolbein og Andres gjekk heimetter og ville sjå korleis det var med dugurdsmaten. Men det var ikkje lenge før dei kom springande att. Dei hadde fått auga på ein framandmann nedi vegen. No såg dei han alle, han kom stigande stor og brei og såg seg ikring på ein så underleg måte… det var altfor lite å tvila på kven det var.

Dei tenkte fyrst dei skulle røma opp åt urdene og gøyma seg av inni holene der. Men dei vaksne stod og skar utpå nokre andre åkrar og kunne sjå dei. Dei visste då ikkje anna råd, dei smaug heim til tunet og kleiv opp på ein sauhuslem og gøymde seg i ei hole attom eit lad med lauvkjerv. Dei tetta godt att for inngangen og glytte ut gjennom nokre rivner i bordkledningen; der kunne dei sjå beint ut i tunet der lensmannen skulle koma.

Det var ei heil stund før dei såg meir til han. Men endeleg kom han stigande … dei våga snautt å anda lenger. Han gjekk med ei underleg rund luve og hadde skreppe på ryggen; det var vel der han hadde tengene og det andre. Han hadde stor nase og store støvlar og trødde hardt liksom han var sinna og fus på å stemna.

Bortmed stova hjå foreldra åt Pål og Kolbein stogga han og harka og kremta; det lyddest ikkje blidt det heller. Så banka han på døra. Faren kom ut og tok imot han, og så gjekk dei inn båe to.

Gutane låg berre og venta på at dei snart skulle koma ut att og ropa og leita etter dei, då dei skulle fram til stemnings. Men det varde og rakk, og det kom ingen. Dei sveitta der dei låg og sleit med otte og uvisse. Lensmannen hadde lagt skreppa etter seg bortmed dørhella. «Skal vi lura oss ned og sjå om der er tordivlar og sleppa dei ut?» kviskra han Gunnar, då det ingen ende ville ta. Men dei andre tykte det var vel vågalt, og så vart det ikkje noko av.

«Men at dei vil ha ei slik skræme i bygda som lensmannen, det skjønar ikkje eg,» kviskra han Pål.

«Dei skulle ta og jaga av alle lensmenner med påken,» sa han Gunnar, «eller få kongen til å setja dei på svarte rådstova. Så kunne dei liggja der og grina med tengene sine og stemna seg sjølve.» Endeleg gjekk døra opp der borte, og framandkaren og far åt Pål og Kolbein kom ut. Dei var tyde og blide båe to, lyddest det, og så baud framandkaren farvel og trampa og gjekk ned vegen att med skreppa si.

Dei skjøna ikkje dette, gutane, — anten dei skulle vera glade eller redde enno lenger.

«Han far har kanskje gjevi han ein dram og fått prata han blid, så han ikkje gjer meir,» sa han Kolbein.

«Ja, men han kan likså vel ha gått der og berre lurt og spurt og ikkje sagt noko enno,» ottast han Gunnar. «Ingen kan tru ein slik mann. Så kan han no berre vilja gå ned til han Aslak og prata og fisla meir med han og sidan koma att.»

Dei vart liggjande enno ei heil stund. Men så heldt dei ikkje ut denne uvissa lenger. Dei grov seg ut og bort til henne bestemor og våga seg til å spørja om ho hadde sett noko til lensmannen.

«Lensmannen? Det var då svært til spurlag de har etter styremakter og stemning no om dagane. Har de gjort noko vondt?» spurde ho og såg så underleg på dei.

Nei då, dei hadde berre sett ein mann med ei skreppe bortmed andre døra.

«Det var ein gamal jektemann som ville kjøpa ved,» sa ho.

Det datt som ein stein av dei, og det var som sola skein ljosare då dei kom ut att.

Men heilt trygge kunne dei ikkje godt vera; for det var slett ikkje sagt enno at han Aslak hadde gløymt bort alt dette med fiskegreiene sine. Det var sundag i morgon, og det ville vera så fælande leitt å ha dette på seg då òg. Då kom han Gunnar på noko; om dei gjekk ned til han Aslak og freista å blidka han med det gode? Dei kunne høyra å få låna eit par fiskekrokar av han Olav til å by i skadebot, og så attåt ta med seg alle koparskillingane dei åtte.

Denne råda lika dei godt alle. Dei var så hepne at dei fekk eit par fiskekrokar, og så lurde Gunnar og Pål seg ned fram på ettermiddagen og stod snart utfor døra hjå han Aslak. Dei høyrde han banka inni kjellaren.

Det var fælt skamfullt å ljota gå inn; men dei laut herda seg til slutt og våga det.

Han var kaldleg sint, han Aslak, og spurde straks etter fiskegreiene; og verre vart han, då dei laut gå ved at dei så uheppeleg hadde slept dei på sjøen. Han slo i høvelbenken og kalla dei både pargas og tyras og draskerevar. «Det er lensmannen de kleiar etter, skjønar eg, og han vantar ikkje husrom og lås til dykk, den kallen,» sa han. Og då han Gunnar kom fram med dei to fiskekrokane og baud han, så berre bles han. Såvoren rote-musk kunne dei ha sjølve, sa han. Dei stod berre og stirde i golvet og våga aldri å syna han koparskillingane sine eingong.

Men då han hadde rent or seg det han ville og såg kor skræmde dei var, lova han endeleg at han skulle la dei sleppa for denne gongen — berre dei lova at dei aldri skulle gjera slike fantestykke fleire gonger.

Det lova dei både høgt og vel og var glade dei slapp ut att.

Då dei kom heim, fekk dei han Tormod òg til å lova at han skulle teia om dette, sidan han Aslak hadde blidka seg. Så kunne dei endeleg ha skikkeleg fred på seg.