Det store nashornet/4

Fra Wikikilden

Sola var nede då dei kom attende til det djupe skardet og såg nedover. Ho var stor og bleik mest som ein måne, då ho seig ned for blåfjella. Det var alltid dag heime enno eit bel, om sola var nede; men her var det som kvelden kom dettande med ein gong då. Dei laut skunda seg alt dei vann. Dei tok på spranget nedetter.

Men så stansa han Gunnar med eitt og stod og einstirde. Kva var det? Han peika med handa. «Kva er det der?» kviskra han.

No såg dei det alle: borti furehaugen nedafor den vesle løa stod det noko underleg svart inne mellom trea. Dei hadde ikkje sett lenge på det, før det laga seg til eit digert dyr både med hovud og føter, og på nasen hadde det eit tryne eller horn som gjekk langt som ein staur bort mellom furene. Dei stokk så det gjekk kaldt gjennom dei; så sprang dei attom ein stein og våga berre så vidt å glytta fram.

Men kva slag dyr kunne det vera? Skrubben kunne det ikkje vera som var så stor, og ikkje for vel bjørnen heller. Han var ikkje såleis i bøkene nokon stad. Nei, dei såg snart altfor godt at det var berre eitt slag dyr dette liktest på: det var nashornet sjølv. Ikkje noko anna dyr dei visste om hadde eit slikt horn på nasen. Han Gunnar kviskra det til dei andre, og dei tenkte altfor mykje på det same. Dei hadde nok aldri høyrt at nashornet fanst nett her på desse leier; men ingen kunne vita om det ikkje heldt seg langt aust i dei store heiane, og då var det ikkje uråd at det kunne koma hit òg. Eller korleis det hang i hop, så stod det fæle dyret der no.

Dei to minste tok snart til å gråta av redsle; men Gunnar og Pål truga dei til å teia. Dyret kunne snart høyra dei og koma. Men enno var det von at det ikkje hadde sett dei. Det stod stilt nede mellom furene og leda ikkje ein fot eingong.

Men kvar skulle dei no gjera av seg? Dei visste ingen annan veg heim, når denne var stengd. Både austafor og vestafor var det stupbratte fjell og mørke skoglier som dei aldri fann fram i. Dei visste sistpå ikkje annan utveg enn å kliva beint opp i fjellet ovafor og sjå å berga seg der så lenge. Dei grov seg opp-etter nokre småskorer og heldt seg i grastustar og rivner; så fekk dei auga på ei større skor midt borti fjellet ein stad, og freista nå opp i den. Men det var ikkje så greitt. Dei minste stod snart fast, så Pål og Gunnar laut lyfta dei steg for steg; og då dei kom bort mot skora, var der eit stygt skråberg og ei djup rivne å koma over og stupbratte fjellet nedunder.

Men dei laut våga alt i ei knipe som denne. Dei blåheldt seg med båe hender og steig fram tomme for tomme, og så hjelpte det godt at dei var berrføtte; dei nakne labbane gleid ikkje så lett på berget. Dei kom vel over her med, og kjende seg då heilt trygge. Skråberget var som eit vern for dei no, og på alle andre kantar var det berre bratte fjellet.

I skora sjølv var det einer og lyng og godt å sitja. Gunnar og Pål sette dei to minste innmed berget, så dei ikkje såg udyret, og så skar dei seg to duglege stavar i ei bjørk borti skora og gav seg til å stå på vakt attmed skråberget. Den eine skulle stikka og den andre hamra og slå med tjukk-enden av staven, om udyret freista å koma over.

«Det var løye skulle det då ikkje få så mykje på tranten, at det akta seg litegrann,» sa han Gunnar. Men det var ikkje sagt at det vann så langt bort åt berget heller. Dei visste at olme stutar og vonde hestar ikkje kunne gå i fjellet, og nashornet var ikkje nett likt til å vera så mykje betre til fots. — Så fekk dei stå såleis til det kom folk og hjelpte dei og jaga udyret bort, om det så var til i morgon.

Dei hadde vori stygt redde at det skulle sjå dei og koma då dei rømde opp åt fjellet, men det stod på same staden enno og hadde ikkje så mykje som snudd seg. — Det hadde alt teki til å skyrna av kveld no, så dei såg det ikkje så godt som før; men trynehornet såg dei, og føtene. Og då dei såg vel etter, var det som det leda på seg og no. Det lyfte hovudet opp og ned, liksom det lydde etter noko.

«Det er kanskje oss det har fått tefta av,» kviskra han Pål.

«Eller kanskje det berre kimsar etter klegger og augnestikkarar som bit det,» sa han Gunnar, og han ynskte berre at dei ville bita det nyttig alle dei klegger som fanst, og alle myhankar og heste-maurar med. «Det skulle berre ha vori biti på ein annan måte òg, av ei børse,» sa han. Han tok méd med staven og ynskte seg kule og krut, så skulle det ha fått sin mette.

Kolbein og Andres borti skora tok snart til å sutra og frysa og kom på gråten att. Pål og Gunnar laut bort og leggja lyng og greiner rundt dei, og trøysta dei best dei kunne. Då slo dei seg til ro att, og straks etter hadde dei sovna i lynget, trøytte og forkomne som dei var. Men dei to hovdingane stod like trutt på vakt og heldt stavane i veret.

— — —

Det vart meir og meir skymt av kveld over fjell og dalar. Det fanst snautt ljosrand lenger der som sola hadde gått ned. Men austover tok det til å raudna i skyene. Det var nok månen. Og litt etter kom han opp, han var stor og raud som ei kule av eld. Han skein bleikt bortetter haugar og kollar; det glima dimt i steinar og bergvegger. Alle dei gamle furene bortetter haugane vart som ein stor her av digre svarte karar med bleikraude hetter. Sume hadde lange sprikjande nevar, andre hadde nasar både framme og bak. Haugane vart til store klumpute hovud, og heilt ned i berget beint oppover dei var det som andlet. Aldri hadde dei sett eller vori oppi noko så underleg. Og stilt var det, så dei høyrde sin eigen ande. Men rett som det var, kom det eit langt klagande skrik vestatil fjella; det var som einkvan skreik for livet; så vart det stilt att. Dei stokk opp fyrste gongene, men tok det sidan rolegare. Det måtte berre vera lomen som skreik uti tjørna. Han hadde så mange slag læte. Og alle dei fæle skapnadene bortetter haugane skræmde dei ikkje stort meir. Det var som ingen ting alt dette no, då det som verre var stod nedpå haugen. Men korleis det var, så kjende dei mindre otte for det òg, di lenger det leid. Det var så trygt i denne gode skora, og så stod det støtt så velsigna stilt, nashornet. Dei såg det betre no att i måneljoset, og det leda ikkje ein gong på hovudet lenger.

«Det har kanskje sovna?» kviskra han Gunnar. Dei hadde sett hestane stå såleis og halvsova i mørkret, og så kunne andre dyr òg gjera det.

Dei vart så modige at dei sette seg ned med stavane sine, og tok til å prata halvhøgt. Det var i røynda mest moro dette, attåt at det var så fælt og farleg; det var som dei for alvor var komne til dei ville landa. — Og så opp i under som dei skulle verta heime, når dei ein gong kom og fekk sjå korleis dei hadde berga seg! Dei kom i hug han Jens nedi garden, han laup lukt heim or skogen berre for han såg ein rev ein gong. Men no skulle dei få anna å høyra.

Då høyrde dei noko hua att, men ikkje uti tjørna som før; det kom nedatil og let som folkemål. Dei sprang opp og lydde, men våga ikkje å ropa nedover att enno. Då hua det ein gong til, beint nedi haugen der dyret stod. Dei kjende jamvel målet, det var han Olav. Og der såg dei han òg, han stod i måneskinet tett attmed dyret. Men du store, at det ikkje rauk på han eller rømde sin veg! Dei stod og einstirde, men det vart ståande som inkje var, med trynehornet sitt. No såg dei ein mann til der nede, dei gjekk rundt nashornet, og så sprang han Olav — beint opp på ryggen på det og sette i å gaula og ropa så det svara i berg og hamrar. Men enno stod udyret.

Pål og Gunnar laut ropa og svara … dei skjøna

ikkje noko lenger. Eller det skulle vel ikkje vera ein stor grå stein, dette dyret?

Dei to små borti skora hadde vakna av ropinga og grov seg opp or lynget. Dei visste ikkje lenger kvar dei var; dei sette i å gråta og tuta, og Pål og Gunnar våga seg ikkje attende over skråberget med dei no. Dei laut stå der til dei to vaksne kom opp.

«Har de gått dykk i skorfeste, eller kva står de der og gaular for?» spurde han Olav, og han lova dei både ris og deng, då han såg at dei ikkje hadde gjort seg noko ilt; for heime hadde dei vori både redde og illhuga.

Dei minste gret enno og sa som sant var, at dei hadde sett likt til nashornet. Men Pål og Gunnar ville helst ikkje ha noko drøs om dette. No såg dei altfor vel at det var berre ein stein, og så var vel det lange hornet berre ei turrfure som låg attmed. Og då var det ikkje visst om dei hadde vori så mykje meir til karar dei enn han Jens som rømde or skogen for ein rev.

Dei laut slå det av med at udyret måtte ha gått sin veg no, og dei minste var så forvildra at dei ikkje lenger hugsa kvar dei hadde sett det. Dei to vaksne fekk såleis ikkje le altfor mykje åt dei. Dei hjelpte dei ned og leidde dei heim, og der slapp dei òg for meir ilt, sidan dei hadde vori så skræmde. Dei måtte berre lova at dei ikkje skulle tulla seg bort såleis fleire gonger, så sant dei ville sleppa riset, og det kunne dei godt lova; — dei var ikkje så huga på fleire nashorn.