Det store nashornet/3

Fra Wikikilden

Sola hadde lågna ikkje så lite vest over fjella no, og dei måtte tenkja på heimvegen. Men då dei kom ut til ei lita vik, fekk dei auga på noko, så dei laut stansa endå ein gong. Der låg ein liten torvholme som flaut laus på berre vatnet, var det likt til. Dei sprang nedåt og sette føtene imot han og fekk han til å gli ut or vika. Så sprang han Gunnar utpå, og holmen flaut mest like lett. Då våga dei seg utpå alle fire, og han bar enno godt oppe, når dei berre stod på kvar si side. Så fann dei seg lange påkar og tok til å staka seg fram langs med torvene. Holmen skulle vera dampbåten deira og heita Dyrendal, liksom den som gjekk til byen; tjørna var havet, og no ville dei av på langferd til andre land.

«Eg vil vera styrmann som kom utpå fyrst,» sa han Gunnar, og så kalla dei andre han Jakk for det same; for så heitte han som var øvste styrmann på det skipet. Han hadde ein gyllande blank knapp i luva si, han Jakk på store-skipet, og det hadde han Jakk her òg; det var eit rundt hol i toppluva hans som var blank knapp.

Men så kom han Pål til å tenkja på at det kunne vera speleg òg dette — å fara med dampbåt. «Vi kan snart springa i lufta,» sa han.

Dei vart samde om at det laut vera seglskip då, så dei kunne vera trygge for livet. «Men ikkje eit slikt skrap som jekta hans Velom nedmed sjøen,» sa han Gunnar. «Det har tre master og langt spryt, og Ebeneser skal det heita.»

Skipet deira gjekk ikkje så fort nett; men når dei tok godt tak bort i torvene og skuva alt dei vann på ein gong, mona det alltid noko, og så ropa dei «hiven ha!» attåt, liksom han Velom når han bukserte og sleit på det meste. Dei kom bort under eit bratt berg, og så våga dei seg ut på sjølve blåhavet, tvert over ei lita vik. Men fælt var dette; dei augna ikkje botn under seg lenger, og det var ikkje meir enn så dei rakk land med stavane, då dei var midt utpå. Dei minste skreik av otte, men ville ikkje i land likevel.

«Det må vera Australia vi er komne til no,» meinte han Gunnar, og det tykte alle det var likast til. Vika var ein fæl svart fjord inn i landet; berghamaren attmed var eit høgt fjell, og steinane oppetter bakken var hovud av ville dyr og ville folk som låg på lur etter dei. Dei såg kor folka var svarte i andletet. Og nedi vatnet urde det av krokodillar og andre stygge dyr.

«Dei jafsar og bit etter treskohælane og bukseleggene på dei svarte, så fæle er dei, og du må tru dei er lystne etter kvite folk òg,» sa han Gunnar, han visste alltid mest om slikt. Så det var nok best å sjå seg føre i desse landa og vera vel væpna.

Dei kom vel over vika, og så skulde dei på vegen til Amerika, som var heilt bortpå andre sida av tjørna. Dei høge haugane som sola skein raudt på, var eldsprutande fjell, og krunglefurene undernedunder var sukkertre, og nokre store steinar atti ein bakke var husa åt Bjedne og Hansela og Ola-Ola som var farne til Amerika. Dei fekk sjå innom til dei når dei kom fram, og spørja koss dei stod seg med helsa.

Men det var langt fram, og rett som det gjekk på det beste, stansa Ebeneser opp og stod steins fast. Det var uråd å rikka det til nokon kant. Holmen stakk djupt i vatnet og måtte ha haka seg fast i ein stein eller ein rotstubb. Dei laut sjå til å koma seg i land att. Men då var det ikkje så greitt det heller. Det var for breitt å hoppa over på torvene, og for djupt til å va. Og symja kunne dei ikkje. Dei bleikna, dei byrge sjømennene, og alle farar i framande land vart brått til inkje mot denne eine knipa. Men så fekk dei til slutt auga på ein stein som stod eit stykke opp i vatnet mellom holmen og stranda. Pål og Gunnar hadde av seg kleda og kasta dei i land, og våga så å skreva over på steinen. Derifrå kom dei då i land og hjelpte sidan dei minste etter.