Det store nashornet/2

Fra Wikikilden
Hopp til navigering Hopp til søk

Det låg ei tjørn nede mellom haugane vestafor fjellskardet. Gutane laut svinta nedom der med det same og skulle sjå etter lomereir. Lomane heldt på og segla att og fram på same flekken langt inne, så dei munde ha reiret ein stad.

Gutane sette moltekoppane ifrå seg og gjekk innetter stranda. Då fauk lomane opp og skreik og kakla og fór i lange ringar tett over vatnet og haugane og hovuda deira; dei kunne ikkje hevja seg opp annleis. Dei var store og lange, mest som underlege fiskar som hadde fått venger, og føtene stod ende beint baketter.

Jau, innmed botnen på tjørna fann dei straks reiret. Det var berre som ei lita dokk i myra tett nedmed vatnet, så lomane kunne skuva seg ut i tjørna når dei ville, for dei kunne nok aldri gå på landjorda med dei underlege føtene sine. Det låg to digre gråsvarte egg i reiret, og dei høyrde i det same ei underleg piping og låting. Nei, men du under! — då dei skulle høyra, så var det inni det eine egget det lét. Ungen i det hadde fått liv og låg og streva og ville ut. Dei ville gjerne hjelpa han, men våga ikkje; dei kunne snart gjera vondt. Dei våga snautt å anda på han.

Med stort strev fekk han endeleg ut hovudet, og så gjekk det lettare å få av seg heile skalet. Så låg han der, nyfødd og naken, og sparka og såg seg ikring med store augo. Han peip og klaga seg enno, og når dei stakk ein finger ned imot han, gapte han vidt opp, liksom han alt ville ha mat. Men dei visste ikkje noko å gje han. Dei fekk gå, så foreldra hans fekk koma att og hjelpa.

«Men kanskje det kan gjera godt å la han få noko vatn fyrst,» sa han Gunnar. Han tok og heldt han varleg ned mot vatnet og stakk nebben nedi; men ungen berre rista på seg, og i det same slepte Gunnar han or handa, så han gleid ned i vatnet og sokk beint ned. Dei ropa til kvarandre og trudde det var ute med han. Men best det var, stakk han hovudet opp att og baska og sumde. Det var gut som ikkje var lenge om å læra, det! Dei lyfte han opp i reiret og la mjuk mose kring han. Så gjekk dei utmed strendene på andre sida av tjørna.

Lomane fauk no langt utover åsane. Den eine vende straks attende, då han såg dei gjekk; men den andre fór ned over fjella langt ute. Han skulle vel ned til fjorden etter fisk.