Det store nashornet/1

Fra Wikikilden

Det var ein dag fram på sumaren. Det var så fint vêr. Pål og Kolbein frå austre stova og Gunnar og Andres frå vestre stova hadde vori med og kjerva lauv om morgonen, og så fekk dei lov til å gå til fjells og sjå etter molter sidan om dagen. Dei måtte berre lova at dei ikkje skulle vera for lenge, og at dei skulle ta seg i vare for tjørnene og fjellstupa. Så fann dei seg never-koppar og fekk niste med, og i veg bar det oppetter den bratte stigen. Dei var berrføtte og berrerma. Sola skein i skog og urd, og det var så ljost og gildt. Dei tok snart til å finna jordbær mellom steinane, og så fann dei ein fugl i lauvet. Stakkar, han var daud. Men fjørene var like fine enno. Dei plukka av dei største og sette i luvene sine liksom indianarane. Stavane deira var spjut, og siklebekken borti urda var ei fæl elv med krokodillar i, som åt opp folk. Så rusla dei lenger og var ferdige til å tyna alle dei krokodillar som fanst.

Oppå fyrste fjellhøgda kom dei til den nedste fjellslåtta. Der stod ei lita løe bortunder ein bergvegg, og der var grønt og fint som heime på ein gard. Dei kvilde ei lita stund og gjekk sidan fram på fjellet bortafor og såg utføre. Hu, så bratt det var. Fjorden og alle gardane låg djupt nede, og dei såg langt utetter og innetter. Der var store vikar og kvite nes, og mange gardar som dei aldri visste namn på eingong. Fjella på hi sida fjorden var så høge og røselege, og dei såg atti blånande snøfjell gjennom eit skard langt i aust. Det måtte vera der dei ville reinsdyra var, og bjørnane.

Men underlegast av alt var garden heime, når dei såg ned på han herifrå. Det var berre så vidt dei kjende seg att. Husa var som ein krins av små firkantar med flate tak, og vegane gjekk som granne makkar bortetter bøane. Storåkeren var som ei rund baksterhelle, ein annan var som biletet av ein stor hane, og Røyseåkeren hans Per var radt lik ein mann som heitte Teis Lundegaard heime i boka. Folk som gjekk mellom husa, var mest som runde nyste som ok seg fram. Der kom eit nyste alt opp til bekken. Det var visst ho Anna. Dei sette i og ropa på nyste-Anna, men fekk ikkje noko svar. Dei skræmde berre opp ein brun hauk nedi fjellet og såg beint ned på ryggen på han; det var som dei skulle sitja oppi skyene og sjå ned på alt.

Så fylgde dei utetter fjellkanten og fann steinar dei kasta utføre, i eit bekkejuv fann dei sistpå ei heil lita urd å ta av. Steinane gjekk fyrst i lause lufta eit langt stykke, så snerta dei ein fjellkant og gjorde eit tverrhopp langt ut, og ramla så ned i lia nedunder, så det knaka og braka. Det stod som ein røyk etter dei største, og lukta som av brent. Dei fann seg handspakar og sleit og reiv, så dei sveitta.

Då høyrde dei med eitt noko ropa, og vart var ein mann som stod nedpå bøane og glana opp og vifta med armen; det var nok far åt Pål og Kolbein. Dei skjøna straks kva han gaula for, og sprang glosvint attom buskane. Det var han som åtte lia nedunder, og han var så vår om skogen at han tolde snautt dei skar ein prikk i ei bjørk; så kunne ein vita kva slag læte det vart no. Berre han ikkje kom med ris i kveld! Pål og Kolbein miste mælet av otte. Det einaste kunne vera at han ikkje hadde kjent dei. Dei rømde og grov seg stilt som tjuvar oppetter tettaste skogen.

Det var høgt lyng og einer alle stader og fanst ikkje veg. Dei stakk seg på føtene, så dei minste var på gråten, og med eitt sette han Andres i eit skrik og hoppa ende opp. Det fór ein roglut orm inn i ein busk tett attmed. Han og Kolbein sprang på berre livet oppe på den største steinen dei såg, og stod berre og skreik; men dei to største lyfte stavane og ville slå han i hel. Men det var ikkje fullt så greitt å vera modig no som då det stod om krokodillane nedi urdene. Dei stod på tærne oppå ein liten stein og våga berre så vidt å stikka bort mot busken. Då kom ormen ut att på andre sida og kvæste og bles, så det var fælt å høyra, og han var så fælsleg stor. Så bukta han seg bortetter lynget og inn under ein stein. Gunnar og Pål spratt opp på den store steinen, dei med, og der vart dei ståande og var bleike av redsle alle fire.

Men dei kunne ikkje gje seg til der. Dei laut sistpå våga vona og hoppa frå stein til stein etteroppetter, og der det ikkje var steinar, stod dei og hamra og slo ned i lynget ei lang stund før dei våga å trø nedpå. For det kunne vera ormebøle i kvar busk her. «Ormefjellet og slevefjellet og sniglefjellet skal det heita og ikkje noko betre!» sa han Gunnar, og det tykte dei det var vel verdt alle saman. Dei tvia åt det, og lova at dei aldri skulle setja sin fot der meir i si levetid. Og dei var ikkje mykje huga på å velta stein meir heller, for dei såg no at kleda deira hadde ikkje heller fari mykje vel av dette steinarbeidet. Han Pål var berr på eine kneet, og han Gunnar hadde fått ei flerre bak ein stad, så det var reint leitt. Dei laut sjå å snurpa att med tæger og hampetråd, så kvinnfolka ikkje fekk for mykje på kverna i kveld.

Endeleg var dei komne på vegen att oppmed den vesle løa, og glade var dei for det. No måtte dei skunda seg etter molter. Vegen gjekk mot nordvest oppunder fjelldraget og gjennom eit djupt skard som dei såg mot himmelleitet.

Dei steig på alt dei vann, og stod snart oppi skardet og song så det svara i fjella.


På ein myr-kvelv ovafor slåttene, heilt oppunder Storåsen var det molter kring alle tuvene, og dei laup om kapp der dei såg dei største. Men der var alltid nok til alle.

Då dei ikkje fann fleire, gjekk dei opp i ein liten haug nedafor myra, og opp til ei gamal turrfure som stod der.

«Ho skal heita Mekjedl,» sa han Gunnar. For

ho var så lik ein fant som heitte så. Ho var krokut i ryggen og hadde langt skjegg som han, og oppi toppen hadde ho som ein stor sydvest av turre kvister.

Dei sette seg attmed rota på han Mekjedl og såg seg ikring. Der var ein høg svart fjellvegg beint ovafor myra, og låg digre steinar nedunder. Midt i fjellet var det eit trongt juv som ei rivne, og nedetter det sikla ein liten bekk.

«Kvar kjem han ifrå, tru?» undrast han Kolbein. Det visste ingen av dei; men det måtte vera frå tjørner eller vatn oppå Storåsen. «Der har kanskje aldri vori folk enno og sett dei,» sa han Gunnar, og så vart dei samde om at dei laut gjera ei stor ferd dit opp sidan ein gong og oppdaga dette ville landet.

Dei høyrde noko skvatra oppi fjellet og fekk auga på ein svartgrå fugl som flaksa att og fram. Han var for liten til å vera kråke og for stor til trost. «Å, men kanskje det er gauken?» sa han Pål. Det måtte det just vera, trudde dei andre òg; for han var nettopp såleis den gongen dei såg han nedpå Pera-træ. Han hadde slutta å gala heime no, og då visste dei at han alltid søkte til fjells.

«Det er minst føre for han,» sa han Gunnar. «Han kan fara og gjera som han sjølv vil, for han har ikkje reiret og ungane å streva med som andre fuglar. Han verp berre i reira åt småfuglane; så lyt dei slita seg både kvitte og arme og fø opp ungane hans. Sjølv går han berre og spikkar storkar som ein annan lensmann og gjer ingenting.» Dette hadde bestemor fortalt, så han visste det var sant.

«Men han kjem nok ikkje så meinlaus ifrå dette endå,» sa han Pål. «For når han kjem opp til fjells, kan han ikkje gala lenger. Han grev med det eit bel, men står snart fast. Det må vera som ei straff på han; for når han ikkje kan gala lenger, så er han ikkje det slag gjævare han enn andre fuglar.»

Kolbein og Andres gol og kakla og ville høyra om han enno hadde mål til å svara; men dei to største hyssa straks på dei. Dei hadde alltid høyrt at gauken blødde i nebben når dei hermde etter han, og det var synd for han, når han alt hadde fått si straff.

Men då dei såg til andre kanten, var det eit heilt anna utsyn. Det var haug på haug og myr på myr langt, langt nedetter, og djupt nedunder låg fjorden på nørdre sida, lang og smal mest som fjorden heime. På hi sida stod digre blåfjell att. Gardane låg som små grøne flekker i skogane; der var kvite fossar og blanke vatn oppetter, og svære snøfonner aller øvst.

Men dei måtte sjå til å koma lenger. Dei åt resten av nista si, og Pål og Gunnar skar to krossar inn i fureleggen til eit minne. Då fekk dei auga på eit stort hol inn i leggen på den andre sida. «Det må vera øyra hans Mekjedl,» meinte han Gunnar, og så fann dei på at dei skulle kviskra nokre ord kvar inn i det til farvel. Det var nok ikkje så visst om han høyrde det; men det var alltid moro å freista, Gunnar skulle kviskra sist.

Men han var ei uvyrde, han spytta beint inn i øyra og ropa «Mekjedl fant!» Så sette dei på flóget ned på myra. Men då dei såg attende, var det skilleg som han Mekjedl stod og grein og var terga. Det var ikkje anna å venta heller. «Du skulle fått såvori i øyra sjølv, så tenkjer eg du hadde hengt på lepane åt det,» sa han Kolbein.

Dei hadde sett nokre store brune geitrams-blomar straks oppi urda og ville svinta opp og ta med seg nokre, før dei gjekk lenger; dei var så vene å ha. Steinane var store som hus, då dei kom opp til dei; der var store opningar mellom og svarte hol innunder, så det var mest fælsleg.

«Det må ha vori eit fint ras, då dei datt ned or fjellet alle desse,» sa han Pål; «for dei har vel ein gong komi derifrå for mange hundre år sidan.»

«Ja, men det kan likså godt vera risane som har komi med dei og lagt dei her,» trudde han Gunnar; for dei hadde vori slie til å dra på store steinar i gamle dagar, hadde han høyrt. «Dei kasta dei ofte etter kyrkjetårna, men sette dei stundom berre etter seg kring fjella, helst oppå høge nibber.»

Dei tala om dette eit bel og kom til å undrast på kven som var sterkast av han Sterke-Samson og risane. Han Gunnar trudde helst at han Samson var basen. «For det er som inkje for han å slita opp kjeften på løva på buveggen,» sa han. «Og kven veit, kanskje han har slegi i hel alle trolla òg; for vi ser aldri dei går og stretar med store steinar no lenger.»

«Det var nettopp så høveleg åt dei, når dei ikkje