Det store nashornet/12

Fra Wikikilden
Hopp til navigering Hopp til søk

Han Olav drengen i austre-stova hadde vori nedmed sjøen etter eit lass ein dag og var så fælt løynsk, då han kom att og råka gutane uti tunet. No var det nok best dei akta seg eit grann, sa han; for no hadde dei snart ein gjest i vente som ikkje var til å spela seg med. Dei stokk og trudde fyrst det kunne vera skulemeisteren som kom no i utide og ville høyra leksene, eller kanskje endå lensmannen som var ute og fór att og ville eitkvart ilt. Men han Olav berre lo då dei slo frampå om det. Denne gongen var det nok den som meir var, sa han, og så fekk dei endeleg vita at det var ingen ringare enn bekafanten sjølv som var i kjømda. Han sat i stova hjå han Hans nedpå grannegarden og gjorde i blekk og var så morsk og fæl og svart, så dei torde lite seia eit ord med han. Og i kveld hadde han sagt han ville koma hit opp og få hus her. «Og held de då ikkje nasen vèl ifrå han, så vil ikkje eg vera de,» sa han Olav; meir ville han ikkje seia, sa han.

Dei var reint kaldstøkte der dei stod. Ingen av dei hadde sett bekafanten; men dei hadde høyrt tale om han så lenge dei hugsa, og visste at fælare og farlegare fant fanst ikkje. Han var så svart som ein morian, sa folk, og når han tykte han ikkje var svart nok, så tok han ei skål med bek som han hadde innunder trøya og smurde seg i andletet, sa dei; det var nok endå difor dei kalla han bekafanten. Og ill var han, så du kunne tru han ville bita og klora folk. Sume sa endå at han tassa og reid på ein tamd bjørn og berre sette han att uti skogen, når han gjekk heim til folk.

Råka han på gjætslegutar åleine uti markene, så var dei ikkje altfor trygge for livet; for han skulle nok vera sli etter folkekjøt, sa dei. Men dette kunne no aldri vera sant, lét han Gunnar, då dei gjekk og prata om det etterpå; «for vi bur då i eit kristna land og har såpass både med prestar og lensmenner og futar, så det kan aldri gå for seg,» sa han. Men difor kunne han vera farleg nok, veit du. Dei fekk halda seg vel unna og stå attafor dei vaksne, når han kom. Men kor farleg han var, så ville dei nok svært gjerne få sjå han og. Di lenger det leid på dagen, di meir forvitne vart dei og gjekk berre og glytte etter han nedi vegane. Lenge var der ingen ting å sjå; men heilt fram i kveldinga var det endeleg noko som rørde seg langt nedi skogbruna nedafor bøane. Det gjekk fælande seint og var lenge berre som ein skugge i halvmørkret; men sistpå vart det til ein diger skapnad som gjekk der og svinga med ein stav. Då skjøna dei det måtte vera han sjølv, lell, bekafanten. Dei var fyrst nær på å springa radt inn i stovene og gøyma seg; men då fekk dei ingen ting sjå når han steig til gards. Så vart dei samde om at dei skulle stå oppi sauhusgluggen, der dei stod den gongen presten kom. Der kunne dei sjå han så godt og sjå kva stove han gjekk til, og teikna det til noko farleg, så kunne dei berre slå att luka for gluggen og ha den store jarnkroken attfor innapå sauhusdøra. Då kunne han aldri bryta seg inn, kor rispande galen han var.

Han kvarv bort eit bel, medan han gjekk opp under bakkebrotet nedafor husa; men lenge var det ikkje før han kom stigande fram for bua nedi tunet, og hadde dei ikkje visst det var bekafanten før, så måtte dei sjå det no. Han var lang og fillut, så det berre slong kring han, og bar på ein stor fillesekk på ryggen, og på hovudet hadde han ein høg svart hatt. Og i andletet … ja reint beksvart var han ikkje, så mykje dei kunne sjå i halvmørkret; — «han har kanskje ikkje smurt seg med bek plent i dag,» kviskra han Andres. Men så mykje svart var han at alle kunne sjå det var bekafant og halvheidning.

Han hadde stogga og stod og glana ikring seg og harka og mulla med seg sjølv. Det var så nifst å høyra at dei krøkte seg radt ned for veggen og torde mest ikkje glytta opp. Så høyrde dei det kom nokon; det var ho Lisbet borti stova. Fanten gjekk bort og helsa på henne med eit underleg grovt mål, og spurde så om han kunne få hus der med natta.

Ja … ho såg på han og drog noko på det, men kunne ikkje seia nei heller, sidan det var så seint.

«Kvar helst er den karen ifrå … eg vil ikkje rett kjenna deg?» sa ho. Han svara ikkje eit steins ord, og det tykte dei ikkje var underleg, gutane; for alle måtte då sjå og skjøna at dette var bekafanten og ingen annan. Men ho Lisbet hadde ikkje betre vit, ho spurde opp att, og då svara han så høgt og stutt at det var så det sokk atti: «Frå Sverike! sa han.

«Å, er du det,» sa ho Lisbet heller lågt; «ja, så får du gå inn då,» sa ho, og dermed så fylgde ho bekafanten inn borti gangdøra.

«Huff, at ho torer fylgja han inn åleine; eg torde ikkje gå inn om eg fekk ein dalar,» lét han Pål, han torde snautt tala høgt enno, og det same tykte dei andre òg. Men rett lenge var det likevel ikkje før dei våga seg ned til bakdøra og inn i kjøkenet, og derifrå kom dei seg snart heilt inn i gangen og hadde augo inn i dørglytten og freista få sjå atti bekafanten for kvar gong ho Lisbet gjekk ut og inn. Men det var ikkje mykje dei fekk sjå der heller. Han sat borti kråa attmed omnen og snudde ryggen mot ljoset. Ingen av vaksne-karane var komne inn enno, så han sat der reint åleine når ho Lisbet var utom døra, og då var det ikkje til å tenkja på å våga seg lenger. Men det vart fælande drygt å venta til karane kom, og at han var så farleg, var nok ikkje fritt det lokka og drog, det òg. Så var det sistpå ikkje råd å halda seg lenger, dei smaug inn gjennom døra attafor stakken hennar Lisbet og stiltra seg bort i kråa på andre sida, så dei kunne få stira vel på han. Men dei stod på spranget til å fara ut att som gneistar, så snart han leda på seg til noko farleg. — Men det var ikkje likt til at han ansa nokon ting. Han sat berre og såg beint nedfor seg og skaut anden av og til; og hadde han sett fælsleg ut då han var ute, så var han rett ikkje finare no i ljoset. Han hadde langt og svart hår og skjegg og var rukkut i andletet som ein gamal stuv, og i augnekrærne var han rund og rennande. Og på eine sida hadde han ein bulk innunder fillene, — det var vel bekskåla han hadde der.

Ho Lisbet hadde bori mat på bordet og bad han så setja seg bortåt. Han svara ingen ting, berre stauka bort til bordet og til å eta, og det slapp ein be han to gonger om; det gjekk som i ei glefse. Dei to minste av gutane freista sistpå å telja kor mange bitar han tok; men det vart så mange at det var uråd å halda tal på dei.

«Du har vel fari vidt og er kjend både her og der du?» sa ho Lisbet, ho tykte ho laut seia noko.

Å ja, han for sin part hadde svolka gjennom sju bispedøme, og då måtte ein vel alltid sjå eitkvart, sa bekafanten og var noko stuttmælt enno. Men etter kvart som han åt, var det som han kvikna til og vart meir lik hitt folket, og då ho Lisbet kom med ein kopp heit kaffi til han, var det svært som han livna og blidkast opp. Han tok til å fortelja om eit uvêr han hadde komi ut for ein stad han hadde fari, og det var ikke noko morovêr. Det var så fælt at det bles ned tre

Løberg,Rasmus-Det store nashornet-5-Bekafanten og den store ormen.png

kyrkjetårn i eitt ras, og kaldt var det så folk og hestar mange stader stupte daude på vegane.

«Huff det var då svære ting,» sa ho Lisbet; «men kva slag bygdelag var då det i?» sa ho.

«I Sverike!» sa bekafanten.

«Det er nok mangeleis i Sverike?» sa ho Lisbet.

«Ja,» sa bekafanten byrg; i Sverike der var det mangt, og det både av godt og av vondt. Det var såleis ikkje lenger sidan enn i fjor at nokre farkar slo i hel og røva ein baron.

«Jøye oss!» sa ho Lisbet; «dei torde no vel aldri ta på ein slik høg mann, veit eg?» sa ho.

Då laut bekafanten le, og det var ein lått så gutane fekk radt ein kvekk i seg endå ein gong; det skrumla nedi halsen på han som i ei tom tynne.

«Slike stor-karar? Jau, er det fantar av rette slaget, så sparer dei nok ikkje den som større er heller, dei,» sa han. «De har vel høyrt gjeti den gongen det var nokre som tok på og ville røva ein kongeleg prins?»

«Nei, det var då ikkje råd?» sa ho Lisbet; nei det hadde ho då slett ikkje høyrt gjeti før.

Gutane for sin part hadde ikkje heller så plent høyrt gjeti dette før. Dei vart så forvitne at dei våga seg heilt bort på benken attmed bordet og sat berre og einstirde på bekafanten. Kor stygg ein fant han var, så høyrdest det då ikkje ut til at han var nokon tosk til fant.

Jau, det var såleis, sa han, at prinsen var ute og køyrde ein dag og hadde berre eit par tenarar med seg; for han kom ikkje på at det kunne vera noko å ottast der i landet og riket hjå hans eigen far, og det endå tett attmed eit kongeleg slott. Men så var det nokre uliklege karar då som rotta seg i hop og la seg til å gjæta på han, då han skulle gjennom ein liten trong dal med skog på båe sider; der ville dei gjera eit dugeleg varp.

«Å ja, det var no vel ikkje berre treskillingar og firskillingar han bar på, den mannen,» sa ho Lisbet.

Nei, det var det dei tenkte, dei, sa bekafanten. Dei visste så mykje at slike karar aldri bar på minder enn hundredalarsetlar og tusendalarsetlar i lomma. Så låg dei der inni skogen på eine sida, og med same prinsen kom, var dei over han som ulvar; tok fyrst og svimeslo dei to tenarane og tok så prinsen i strupen og ropa «pengane eller livet!»

«Nei, har du då høyrt så fælt,» sa ho Lisbet og var reint forsigna.

Ja, det kunne nok spøkt for mangt då, sa bekafanten og la vekt på kvart ordet, — hadde det ikkje vori så vel laga at der var ein mann så nær attmed, så han fekk berga han i tide. Og denne mannen… «Ja, no er det ikkje så at eg for min part vil gjera meg til av noko-slag storverk,» sa bekafanten; men skulle han seia alt som det var, så laut han då likevel nemna at denne mannen var ingen annan enn han sjølv. Han høvde nett til å fara den vegen og hadde fått auga på desse travane som gjekk der og lurde. Så fekk han straks som ei mistru og stakk seg inn i skogen på andre sida og lurde, han med. Og nett som farkane ropa pengane eller livet, så fór han fram med revolveren i veret — for det høvde seg så vel at han slarva og bar på ein revolver den dagen — og lova dei ei så dugeleg kule i skolten at dei var glade dei kom seg derifrå og det snøgt.

«Å du, å du sa’n! men han vart no vel storglad, prinsen òg då?» sa ho Lisbet.

Då drog han berre på smilen, bekafanten, og sa nokre løynlege ord om at det hadde nok ikkje vori nokon vande å få seg som ei lita dagløn den gongen. Men han ville ikkje ein skilling ha; for dette gjorde han ikkje for løna. Han var nøgd når han fekk takk for velgjort, sa han, og det veit du det vanta då heller ikkje på at han fekk.

«Ja, du veit, det var det mannslegaste å ta det såleis,» sa ho Lisbet òg.

«Ja!» sa. bekafanten byrg; det var nok av dei som tærde og gnog og tigga på prinsar og kongar og ville ha løn for allslag; men han for sin part var ikkje av det slaget at han ville tæra på andre, «så lenge eg med Guds hjelp kan forsyta meg sjølv,» sa han og tok like dugelege bitar som før.

Men var det så at prinsen eller nokon annan høg mann trong noka hjelp av han ein gong til, så var det annleis; då slo ikkje han seg unna, sa han.

Dei hadde seti med open munn og lydd etter, gutane, og då han tagna att eit bel, sat dei som på glør og kviskra. Det var gildt nok alt dette, at det hadde blåsi ned tre kyrkjetårn i Sverike, og at ein baron vart ihelslegen og prinsen berga. Men når han visste så mykje, så var det noko anna dei kunne ha endå meir hug til å få vita noko om. Det var om det var mykje med negerslavar i Sverike, og løver og tigrar og ratleormar, liksom i Amerika og andre framande land. Men dei våga ikkje rett sjølve å spørja han enno. Så laut han Andres sistpå bort og kviskra til mor si og be henne slå frampå om det. Ho berre lo med det same og tok så til å bera av bordet, då bekafanten endeleg var ferdig med maten. Så sette han seg bort til omnen att og varma seg godt og kveikte pipa si, og då hadde ho endeleg vit til å koma med det ho skulle spørja om. Då lo han ein gong til og var komen så i godmøle at han blinka blidsleg jamvel bort til gutungane; det var som han skjøna det helst var dei som ville få vita om dette.

Nei, sa han, var det negerslavar dei spurde om, så kunne han berre seia at det slaget hadde dei ikkje noko av i Sverike, og det trong dei ikkje heller; for hjå patronane og greivane der hadde dei nok av folk som var negrar nok før der. Men var det ratleormar dei spurde om, så kunne han seia at dei hadde hatt i minsto ein av dei, og av den hadde dei fått så nok at dei visst ikkje lysta på meir. Det kunne nok han fortelja om, sa han; for det høvde seg så løye, at han hadde hatt litegrann å gjera med den, han.

«Nei, koss var det då med den?» sa ho Lisbet og fór til å verta mest likså forviten som sjølve; gutane.

Jau, sa bekafanten, det var borti Stockholms by, der hadde dei no alt det som stort var, både kongelege slott og store gilde hus av alle slag. Og oppi utkanten på byen, der hadde dei ein stor hage full med ville og fæle dyr som dei hadde i bur og gjekk og såg på om sundagane. Der var løver og der var kamelar og sjiraffar og elefantar og allslag andre medskapningar. Men mykje vil ha meir, som ein sa for eit gamalt ord, og så tykte dei ikkje endå dei hadde nok med alt dette. Dei gav seg ikkje i Stockholm før dei hadde fått seg ein ratleorm og til å ha i eit bur og glana på om sundagane. Men nokon slik orm var ikkje å finna anna enn i Amerika, og så sende dei to greivar og ein baron av stad med eit stort krigsskip etter ein slik orm; for dei fór ikkje med småkrusling i Sverike, når dei fyrst fór med det, sa han. Så fór dei over havet og langt inn i landet radt til California, desse karane, og gjekk der og jakta etter ratleormar både lenge og vel. Og sistpå var dei så hepne dei fekk snara ein med kabelliner og fekk han inn i eit svært jarnbur som dei hadde med. Så tok dei han på trenet til New York og fekk han ut på krigsskipet og tok så seglinga heim att med han. Og du skulle sett på ståk i Stockholm den dagen dei kom med han. Om det så hadde vori ein konge, eller om du no sa ei kongeleg prinsesse, så kunne det ikkje vori meir folk nedpå bryggjene. Alle så ville dei sjå og glana på dette underet. Så fekk dei buret og ormen opp på ei svær kjerre og køyrde han opp gjennom byen til dyrehagen. Og sidan om dagane var all byen opp og kika inn mellom spildrene og såg på dette fæle trollet som låg der; han var på tjukn som ein kar og vel så det, og så lang at han låg i svære bukter og kveilar. Og når han vart sinna, var det så det gneista i augo hans og bura og belja langt inni han. Men det lo folk berre åt; for dei visste at han aldri kunne bryta av dei tjukke jarnstengene og koma seg ut.

«Huff då,» sa ho Lisbet, «var det ikkje synd slikt, å fara såleis åt med ein levande skapning?» sa ho.

«Synd ja! det var just det det var!» sa bekafanten og la neven tungt i stolen. For kvar stod det i skriftene og Bibelen, at mennesket skulde fara såleis med ein umælande orm? sa han.

Nei, ho for sin part ville ikkje seia ho var så spræk i skriftene, sa ho Lisbet; men ho spådde då likevel at der stod ikkje slikt.

Nei, det kunne ho nok sverja trygt på, lét bekafanten, og så kunne dei ikkje venta anna enn at det drog straffa over seg. Og den fekk dei, så dei fekk hugsa det. Det gjekk såleis til at der var ein slark til kar borti Sverike, rett ein fant, om ein så stygt skulle seia. Han gjekk der og trudde han var slik ein svær kar, og snikte og søkte etter alle slag høge embete; han ville verta både kapellan og kaptein. Men dei såg seg ikkje syn med å gjera han til noko-slag, for dei visste han var ikkje tess til så mykje som å vera fangefut. Men sjølv trudde han dei gjorde han evig urett, og så svor han at han skulle hemna seg, så dei skulle få kjenna det alt frå kongsslottet og ned til torgkjerringane. Og det heldt han. For ei natt det var kolende mørkt og heile byen låg og sov og ikkje drøymde om vondt, så tok han seg ei stor fil og lurde seg opp til dyrehagen og fila av to av stengene i buret til ratleormen. Så rømde han sin veg lukt or landet, og ormen han rende ut med ein gong, som venteleg var.

«Nei, du seier då ikkje det! Men kva sa dei då dei fekk sjå det?» sa ho Lisbet; det fór til å verta reint uhugleg å høyra på no.

Kva dei sa? Jau, det var vaktarane som fyrst såg det, og dei kunne fyrst ikkje seia eit einaste ord, dei stod der som svimeslegne av redsle. Så tok dei til å leita som galne folk kringom i all dyrehagen, men ingen orm var å firma. Dei laut springa og melda det til politiet; men politiet hadde ikkje sett nokon ting og visste ikkje råd til å finna han; dei var berre så redde så dei kjende seg ikkje, dei òg. Så laut dei senda bod radt opp til kongen på slottet då og spørja koss dei skulle fara åt med dette her, og han vart no ikkje minder forsigna og forstøkt. «Skulle du høyrt på så gali!» sa han. «Eg skulle endå aldri tala om det, hadde det vori dei giftige franske firfislene og skrubbtussane dei hadde toska til å sleppa ut; eller om det hadde vori dei kongelege tigerkattane, dei som eg fekk til forærings av kongen i England,» sa han, «endå dei kan vera spelege nok dei. Men ratleormen, ratleormen!» Han kunne ikkje seia meir, så for-ille tykte han det var, og han visste ikkje meir råd og utveg han enn nokon annan. Han berre befalte det, at dei skulle stengja vel att alle portar og dører og gluggar på slottet; for dei laut alle sjå til å berga seg sjølve no, så godt dei kunne.

Var dei redde på slottet, så kan du vita koss det var nedi byen hjå folket. Det hadde snart spreidd seg som elden i turre graset at ratleormen var laus, og om det hadde vori på verdsens siste tider, så kunne dei visst ikkje vori stort meir skræmde. Ingen hadde sett han enno; men han kunne vera alle stader for det dei visste, og ingen kunne vera trygg for livet lenger. Han kunne skyta fram som eit lyn og drepa ned dei fyrste han råka; for ein fullvaksen ratleorm rann så fort at han kunne kappast med ein hest. Folk laup inn i husa og stengde seg inne alle stader, og dei som ikkje kunne koma heim til seg sjølve, sprang inn hjå framande folk og bad i Guds namn om dei måtte få vera der. Kjøpmennene stengde buene sine, og apetikkarane og høkkertane og alle andre som eit utsal hadde, så stengde dei med bolt og jarn.

Så visste dei ikkje anna råd då, politiane, dei tok nokre av dei fæle blodhundane oppi dyrehagen og slepte dei laus nedi byen; dei ville sjå om ikkje dei kunne finna ormen og få tyna han. Men hadde det vori fælt før, så vart det no ti gonger verre. For blodhundane kjende straks på seg at det var noko gali. Då vart dei så redde, dei òg, at dei tok til å yla og tuta og sprang heile byen ikring som ei fæl ulveskrei, med rova mellom bakføtene. Og då løvene og kamelane og sjiraffane oppi dyrehagen høyrde det, så tok dei til å belja og svara inni bura sine, så du skulle aldri i di tid høyrt noko så fælt. Politimennene var glade dei sistpå fekk lokka blodhundane inn i bura deira att, og då torde dei ikkje lenger vera ute sjølve heller; dei var glade dei kom seg innom dørene i rådstova. Skulle nokon våga seg ut no, så måtte dei køyra i attlatne vogner, og ikkje ein gong det var greitt; for ratleormen kunne snart koma og slå seg kring hestane, og då sat dei der. Folk laut sistpå berre ropa frå det eine vindauga til det andre, når dei skulle få tala nokre ord med kvarandre. Og alt medan dei sat der og skalv, så gjekk den eine soga verre enn den andre kring byen. Ein stad skulle ormen vori framme og stukki i hel ein matros og ein stad ein liten gut, og ein stad skulle han endå hoggi bort i ei fin madam, sa dei…

«Nei, d’er då ikkje råd … ei fin madam òg!» sa ho Lisbet, ho hadde slept bundingen ned i fanget og sat berre og lydde på; og gutungane hadde sistpå våga seg tett bort til bekafanten og sat der så forvitne at dei mest ikkje kjende seg.

«Ja,» sa han, «han gjorde nok ikkje skil på folk, den karen. Fekk han lyst til å hakka bort i ei madam, så må du tru han sparde ikkje, og fekk han hugen på å ta ein simpel mann, så gjorde han det, der var ikkje pardon eller mannemon der. Men ingen kunne vita kva som sant var, det var berre fæle soger.» «Men koss i Guds namn vart det då ei berging?» spurde ho Lisbet.

Ja, sa bekafanten og skaut anden, det kunne ein nok spørja om, ja. Han for sin part var ikkje eingong i byen då nett, han var hjå ein mann utpå bygda og grov og arbeidde for sitt brød som han var van. Men det var ikkje lenge før det spurdest der òg kor ille det stod til inni byen. Då skjøna han straks det, sa han, at her hjelpte det korkje med børse og kanoner eller med sverd og stål. Det måtte hardare lut til her. Skulde dei få livet av dette styggebeistet, så skjøna han det fanst ikkje anna som hjelpte enn den tidobla gifta.

Det var ei gift som dei laga såleis at dei tok av alle dei pulver og alle slag sterke dropar og balsam som fanst på apoteket og koka det i hop til ei einaste sørpe; då vart det så ilt at det var ferdig til å ta livet av folk berre dei anda i seg røyken av det. Men det var ikkje sagt dei hadde så plent greie på dette inni byen. Så tenkte han med seg då, at her var det ikkje tid til å tenkja på sin eigen umaksjuke. Her laut den sjå til å hjelpa som hjelpa kunne, så sant det fanst råd. Så gjekk han opp til husbonden, — det var endå ein baron, sa han — og bad så fint orsaka om han måtte ikkje få skofta så mykje som ein halv dag, han hadde eit ærend inn til byen, sa han. Jau, så fekk han då det, og av stad tok han, alt det reimane heldt. Han våga seg inn i utkanten på byen og lurde seg fram til fyrste apoteket han kunne finna og banka på døra. Fyrst svara dei ikkje meir enn steinen innafor, dei trudde visst det var ratleormen som var der og ripa med tennene. Men sistpå var det så mykje han høyrde det lét i apotekaren. Han ropa då inn og sa kva han ville, og dei våga så vidt å sleppa han inn gjennom dørglytten. Så fann dei seg ei stor gryte, han og apotekaren, og til å salpa og koka den tidoble gifta; og det gjorde dei så dugleg at det brende i fingergomane berre dei heldt i tvora og rørde. Då det var gjort, fann dei seg ein lang staur og sette ein jarnpigg i enden på han, og den smurde dei inn med gift så tjukt som det ville hanga på. Kunne dei då berre få stikka ratleormen med den, så skulde han vera feig om han hadde tre liv, så sterkt var det.

Ja, så kom han seg ut att då med dette spjutet, sa bekafanten, og til å sjå etter ormen, og underlegare enn det var i byen den dagen skulle du aldri sett. Han kunne gå gate opp og gate ned og såg ikkje kreket til folk ute; dei sat berre oppi alle glasa og stirde og var forstøkte på han som torde vera ute. Og ikkje var det mange politiane å koma ut for heller den dagen, sa han og laut le berre han tenkte på det. Dei kom rett ikkje og nappa folk borti armkrokane og spurde om dei ville vera med og gjera ein sving på rådstova. Nei menn, gjorde dei ei! Dei hadde nok med å sitja og skjelva i rådstove-svalene sjølve i dag, karane. Såleis rusla han då bortetter heile Kongsgata og Dronninggata og Prinsegatene, og derifrå tok han ein sving opp i Hertugsbakken og Baronskrokane og kom sistpå heilt ned til Greivens plass, sa han.

«Du å du, det var då ikkje husmannsgater det!» sa ho Lisbet.

Nei! sa bekafanten, dei fór ikkje med å ha gater som heitte Strandgata og Smørsmauet i Sverike, sa han; for det var stort i Sverike. Men enno så hadde han korkje høyrt eller sett noko til ratleormen, og då var det ikkje fritt anna han fór til å verta forsigna då. Men då han hadde gått eit stykke til og fór og sveiv borti Patronskrokane, då var det med eitt som han kjende ein underleg sting på seg, og han skjøna med ein gong kva det var.

Då var det nok ikkje til å seia at han kjende seg altfor høg, der han gjekk, — det var slett ikkje verdt å fara med skrøyt eller store ord, sa han. Det var best å halda seg til sanninga, såleis som hans vis alltid var. Det var då ikkje annleis enn at han fekk skjelven både i kneledene og hendene; for ein ratleorm var no ein gong ein ratleorm.

«Eg freista nok lesa som eit fadervår au,» sa han, «og eit par bibelord som eg kunne slumpa til å hugsa att av barnelærdomen; men eg vil ikkje seia det var mykje korkje med andakta eller med ettertanken den gongen.» Men så tenkte han med seg at det var ein heil by det galdt om å berga; no laut han vera eit grann modig om han aldri hadde vori det før. Så steig han lenger inn gjennom smaua og heldt spjutet høgt i veret. Og då… best det var… fræste og æste det innunder eit hus, og ut gjennom eit hol i muren stod det som eld og gloande loge frå to fæle augo. Og om det hadde vori ein lyneld, så kunne det ikkje fari med fælare fart enn som ormen no rende ut. Men då fekk han seg med det same eit så dugeleg stikk i snuten av spjutet at det berre bura i han. Han slo nokre bukter og krokar på seg, og dermed så låg han stokkdaud på flekken. Der låg då han…

«Å, du store tid!» sa ho Lisbet. «Ja, då vart det no vel som ei glede på folket òg då?»

«Ja,» sa bekafanten og smilte og var nøgd med seg sjølv attpå; «det var rett så dei krak ut or husa att då, og slik glede hadde det nok ikkje vori kvar dagen. Det var reint som ein stor fest. Så fekk dei ormen opp på ei stor kjerre og dragsa opp til dyrehagen med han, og der kveikte dei opp eit overhendig stort bål og brende han opp; dei ville ikkje sjå så mykje som hamen att av han. Og så mykje folk som der var samla og såg på, skulle du heller ikkje ofte sjå på ein stad. Var det ikkje over tretti tusen, så var det då slett ikkje under. Og endå same dagen gav kongen ut ei ny lov og sette straff på livet for kvar den som fordrista seg til å føra fleire ratleormar inn i Sverike.

«Nei, enn alt det her er!» sa ho Lisbet attpå, då bekafanten heldt opp. «Men koss var det no, du måtte vel få litegrann både takk og løn for dette?» sa ho.

Å, sa bekafanten, det var nok både ein og hin som spurde etter han då, ja, og kunne unnt han litegrann. Tok han ikkje reint i mist, så var det nok spurlag etter han frå sjølve det kongelege slottet. Men han hadde alltid hatt det i seg, han for sin part, sa han, at han ikkje lika å koma altfor mykje ut for folkeaugo og verta kytt av. Og han var heller ikkje såleis kledd nett då, at han tykte det høvde å koma opp mellom folk som var altfor mykje over hans stand, sa han. Han hadde laupi av stad i skitne arbeidsklede og svart på nevane som han var; for det var anna å gjera då enn å tenkja på beste-dressen; han hadde ikkje eingong gjevi seg tid til å hiva på seg den nye fine frakken sin, som han alltid gjekk med når han vanka i store byar. Så heldt han seg berre unna då og smaug seg ut or folkehopen, og dermed så strauk han beint heim att på landet og tok til å arbeida hjå baronen som før. Og slikt som dette gjorde ein då heller ikkje for løna, ein fekk vera glad når ein berre kunne hjelpa folket, sa han og retta seg opp og saug på pipa si.

Dette svara ho ikkje noko på, ho Lisbet; ho berre såg litegrann bort på fillene hans. Men gutane var reint arge der dei sat; for dette var då å gjera seg altfor snill. Han kunne då sakte teki mot nokre tusen dalar av kongen sjølv om ikkje anna, tykte dei.

Vaksne-karane hadde komi inn, alt med bekafanten fortalde slutten av soga si, og dei tykte òg at dette var svært til storverk. Dei gav han både juleøl og dram attpå, og då fekk dei høyra så mykje anna både frå Sverike og frå andre land og rike, at dei visst aldri hadde høyrt så mykje på ein gong. For han hadde hatt høve til å ferdast nokon kvar stad og sett vonom meir, bekafanten, når han fyrst ville opp med det. — Då dei to gutane frå andre stova endeleg måtte koma seg heim langt fram på kvelden, var dei øre og fælne, så dei mest ikkje torde gå over tunet; det var som dei såg hovud og spælar av ratleormar borti alle fjøssvalene og under stabburet.

Om morgonen etterpå var bekafanten seint oppe, og då var han still og tagal att, liksom han gjekk og gruvla på alle slag underlege løyndomar. Men dei var ikkje det slag redde han no, gutane. Dei stod og såg etter han, då han gjekk og stava seg utetter snøbrauta, og slepte han ikkje or augo før han kvarv bort oppi skogbruna. Då var dei visse på eitt, og det var at folk måtte vera fæle til å tala ilt og ljuga på bekafanten. Ein mann som han kunne aldri vera farleg korkje for gjætslegutar eller andre, og dei kunne heller ikkje lenger tru på dette med bjørnen han reid på, eller bekskåla som han smurde seg or.

«Det kunne likså godt vera ein stor pengepung det han bar på innunder trøya,» sa han Andres.

«Ja,» sa han Gunnar òg; «for ein lyt no seia at bekafanten ikkje er nokon vanleg fant; ein må no helst rekna han mellom dei likaste,» sa han, og det tykte dei alle fire. Det var i grunnen ein bra fant, den bekafanten.