Det store nashornet/11

Fra Wikikilden
Hopp til navigering Hopp til søk

Det leid fram mot jul og hadde vori regn og snøbløyte ei tid; men så nokre dagar føre helga blenkte det opp att og vart fint og godt vêr. Dei gledde seg alt til godt skiføre og kjelkeføre i jula. Men enno var det berre mildt i vêret og snøen kram og tung. Til å laga snøballar var han likevel framifrå god, og til å byggja hus og snøkarar. Men alt med dei dreiv på med det, kom dei på noko endå betre. Dei hadde sett gutane nedpå andre garden laga ein snøbjørn ein gong, og så ville dei gjera ein bjørn dei òg. Kvitbjørn måtte det då helst vera, sidan han no vart kvit. Og når dei fyrst fór med det, så ville dei laga han så stor som råd var, helst så svær at ingen hadde sett maken til kvitbjørn. Då kunne dei gjera han hol innvendes og få seg eit stort fint snøhus der med det same. Di meir dei tala om det, di gildare tenkte dei allting ut; og til jul måtte dei få han ferdig, skulle det vera noko. Så fekk dei seg nytt til jul, dei med.

Dei tok på med arbeidet og var der og dreiv på og bygde i kvar stunda dei hadde til overs. Vart dei valne på fingrane, så gjekk dei berre heim og varma seg, og så til å byggja att. Pål og Gunnar var store byggmeistrar og stod med kvar si jarnskuffel og skar snøstykka til, og dei andre to hjelpte til best dei kunne. Og bjørnen voks og voks så det gjekk monaleg fram. Han kunne nok ikkje stå heilt fritt på fire føter, når han skulle vera så stor og vera hol innvendes; han laut stå nedpå med heile kroppen. Men dei laga greie føter i alle fire kantane på han; og hovud og hals og rygg og rumpe, det var alt som på ein skikkeleg bjørn. Han fekk store svarte augo og naseborer av kol; kjeften stod på vidt gap, og der låg ei diger tunge inni. Og han stod så høgt med hovudet at dei måtte stå oppå ein høg stabbe, då dei skulle få det til.

Om kvelden tredje dagen føre jul stod bjørnen der fullferdig, og dei tykte då sjølve at dei hadde gjort eit svært verk; dei hadde aldri gjort maken. Det var måneskin om kveldane, og då dei kom heim i tunet og såg bjørnen innpå åkeren, stod han der skilleg som eit stort, fælt, levande dyr. Dei vaksne måtte òg ut og sjå på han, og dei lét alle om at det var ein veldig stor bjørn. Kom det no berre frostvêr, så han klaka godt til og vart hard, så kunne han verta ståande der frametter heile vinteren.

Det laga seg heilt som dei hadde ynskt denne gongen. Då dei kom ut om morgonen om vesle-julekvelden, var det klårt og isende kaldt, og kvitbjørnen stod der som harde fjellet. No stod det berre att å reia huset til innvendes, så dei kunne vera der i jula; for då måtte dei bu der og ha det gildt inni bjørnen. Dei skar døra inn på eine sida. Så skrapa og sletta dei veggene og tetta godt til i alle hol; dei laga fine sæte av fjøler og kubbar langsmed veggene der og tok med seg halm og strøydde på golvet. Og til slutt fann dei seg ei brei fjøl til dør. Når den var attlaten, var det reint som i ei stove, og der var så høgt under taket så dei kunne stå mest rette.

Så kom jula med all den hugnad og all den høgtid som då skulle vera. Dei hadde fyrst tenkt dei skulle sitja i bjørnen ei stund om sjølve julekvelden; men då var det så mangt anna, så dei fekk ikkje tid. Dei måtte hengja ut kornband til fuglane og vera med då dei vaksne skaut inn helga; så var det å lauga seg til jul og skifta klede, og det var julemat og juleljos og alt det andre. Bjørnen fekk stå for den han var då uti måneskinet.

Om juledagen var det like eins for det fyrste. Det var så godt ver og godt føre og uråd å sitja inne nokon stad då. Dei var innpå haugane og såg på folket som rodde til kyrkje og var sidan ute og løypte på dei nye skiene sine og sprang og sulla heile dagen; og så inn og åt alt dei vann imellomåt; for det var ikkje kvar dagen jul. Men då det leid til kvelds og alt var stilt, og månen tok til å skina, var det ikkje lenge før dei kom seg til huset i kvitbjørnen. Dei var trøytte av å laupa og springa no, og det var så høveleg tid til å sitja der i god fred ei stund. Dei tok juleeple og julenøtter med, og Pål og Gunnar hadde endå kvar si lita lommeflaske med ein drope juleøl på som dei kalla julebrennevin.

Dei let vel att døra etter seg og tetta til med halm rundt ikring. Då var det så døkt i stova at dei berre så vidt såg kvarandre. Men på den sida som snudde mot månen, stod det ein bleik ljoske gjennom snøveggen. Det var som dei skulle sitja inni eit fjell og sjå berre eit lite glim av dagen. Så beit dei på nøtter og drøste og smaka på julebrennevinet og vart jamvel litegrann fulle, som ein skulle vera når det var jul; og dei fraus ikkje det slag. Det var radt som dei skulle sitja heime i ei stove, lét dei, og det var då ikkje så underleg; for det var ikkje alle hus, som hadde så dugeleg tjukke vegger.

«Men det er då ikkje noko hus som dei andre husa, det er ein kvitbjørn vi sit i,» sa han vesle Andres.

«Ja, skulle han no ta til å gå, alt med vi sit her,» sa han Kolbein. «Eg tykkjer mest eg kjenner han ledar på seg, eg.»

Dei tagna og kjende etter, og då var det skilleg som dei tykte det same alle saman — at kvitbjørnen gjekk. Berre stilt og fint, så dei så vidt merka det; men gjekk gjorde han nok likevel.

«Kvar vil han av?» sa han Kolbein.

«Eg trur han tassar oppetter liene og vil opp til fjells,» sa han Pål.

«Er han komen langt no?»

«Ja, no er han komen radt opp i brattaste urdene.»

Dei kjende etter att, og då var det plent som dei vart lyfte oppetter frå stein til stein. Og straks etter kjende han Pål at dei var komne heilt opp på høgda, sa han. Det var måneskin innetter alle heiar og fjell, og snøen låg mange famnar djup. Men det gjorde ikkje noko for kvitbjørnen, han labba og gjekk i snøen som ingenting var; han var van med å gå i snøen før, den kulten.

«Er det noko-slag ville dyr borti skogane her?» sa han Andres.

«Ja… jau det tassar med revar og bjørnar borti halla.»

«Vil dei ta på kvitbjørnen?»

«Å, det vågar dei aldri; ingen vågar å ta på kvitbjørnen, han er for stor og sterk; dei går berre der og nasar og lurer etter han og er redde.»

Men kvitbjørnen hadde ikkje tid til å hefta her og sjå etter dette kreket, sa han Pål; han fór lenger og lenger nord over alle dei høgste heiane som fanst, og det gjekk fortare og fortare. Det gjekk sistpå som ein vind frå blåne til blåne.

«Kvar vil han då av til slutt?» undrast dei andre.

Jau, sa han Pål, han hadde fått hug til å gjera ei ferd radt opp til nordpolshavet og nordpolslanda, der som han høyrde heime frå fyrst av; for alle kvitbjørnane var komne derifrå.

«Men vert det ikkje fælt kaldt så langt nord?»

Å, ikkje når dei sat i eit så godt hus som dette.

«Er han snart komen til havet?»

Ja, no var han der alt og tok til å symja utover, sa han Pål, og det gjekk så fort som det sværaste skip; for det var ingenting for kvitbjørnen å symja over breiaste havet.

Dei kjende på nytt lag etter, og då var det som dei tykte det vogga og rulla, då kvitbjørnen sumde. — Men no var han alt komen over og gjekk opp på isstykka og steig i land i nordpolslanda, sa han Pål, og der var det så vilt og fælt, så ingen hadde sett noko så fælt. Der fanst ikkje folk eller indianarar; det slong ikke så mykje som ein ratleorm; der var så kaldt at ikkje noko-slag kunne leva. Der var berre snø og isfjell på isfjell rundt ikring på alle kantar, og der var mørkt som natta; for sola kom aldri så langt nord om vinteren. Men langt langt imot nord, der var det noko som blenkte raudt i mørkret.

«Å, det er kanskje ei trollborg?» sa Kolbein og Andres og var mest fælne der dei sat.

Ja, sa han Pål, det var ei borg som var av berre skinande kopar, og der budde eit fælt troll som hadde tre hovud. Det hadde røva til seg ei fin jomfru og sat no der og vakta på henne; og alle dei som hadde komi der og ville berga henne, så hadde trollet teki og slegi dei i hel og eti dei opp.

«Huff, er ikkje kvitbjørnen redd?» sa han Andres.

Å, slett ikkje. Nei, kvitbjørnen han labba berre beint opp til trollborga, og så kom trollet ut og var så sinna, det stod berre og bles. Men så gjorde ikkje kvitbjørnen meir av det, han lyfte berre på eine framlabben og slo av alle tre hovuda på trollet, så dei trilla, og så tok han og hadde dei opp i ein sekk som han bar kring halsen. Då vart ho så ubergeleg glad, jomfrua som var der, og så ville ho setja seg på ryggen på kvitbjørnen med det same og få ri heim att; for jomfruene reid jamt på kvitbjørnane. Men han sa ho fekk venta så lenge, for han laut lenger, han. Så tok han ut att og fór frå blåne til blåne.

«…og så ser han noko langt borte som lyser som ein måne,» skaut han Gunnar inn.

Ja, det var ei borg av berre skinande sylvet, sa han Pål. Der budde det eit fælt troll som hadde seks hovud; det hadde òg røva seg ei jomfru og sat der no og gruffa og vakta på henne. Og då det fekk sjå kvitbjørnen, så kom det ut og var så sinna, så det bura og belja…

«Men så lyfter kvitbjørnen berre på eine labben og slær av alle hovuda, så dei trillar,» hjelpte han Gunnar til.

Ja, og så tok han og hadde dei opp i sekken under halsen sin. Og jomfrua som var der, ho vart no så glad; men ho skulle sitja der enno og venta så lenge.

«Og så tek han ut frå blåne til blåne att,» sa han Gunnar.

«Og så ser han noko langt borte som glitrar som sjølve sola,» sa han Kolbein.

«Det er ei trollborg av berre skinande klåre gullet.»

«Og der sit eit fælt troll med ni hovud som har røva ei overhendig fin jomfru!» ropa han Andres. Men då var han Pål åt å verta furten. Ja, når dei visste alt saman så mykje betre sjølve, så turvte ikkje han fortelja meir, sa han. Nei, så tagde dei att då, og han fekk halda på og fortelja. Det gjekk då såleis til, sa han, at kvitbjørnen berre lyfte på labben att og slo av alle dei ni hovuda så dei trilla, og så henta han dei opp i sekken sin liksom andre jordeple. Så ville denne jomfrua òg sitja på ryggen hans heim att, men kvitbjørnen sa at det var ikkje vågande, ho kunne detta av når han laup attende over blånane og havet. «Men eg skal tala med nordavinden og be han ta både deg og dei to andre jomfruene med, når han blæs sørover,» sa han; for nordavinden hadde så store venger, og der kunne dei smyga inn mellom fjørene og halda seg fast…

«Du, dei jomfruene som er alle stader, kva slag folk er no det?» undrast han Kolbein.

Å, dei, sa han Pål, jau det var eit slag fine gjenter som dei hadde til å sitja i berg og verta tekne av troll, meir visste ikkje han heller; men ovende fine måtte dei vera, sidan alle troll var så slie og galne etter dei. — Ja, så gjekk kvitbjørnen endå eit stykke til og kom til nordavinden, han budde der tett innmed Nordpolen. Der var det så heskjeleg kaldt. Der hang store isjøklar på alt du tok i, og spyttet fraus til is før det kom ned på marka. Og nordavinden sjølv var grå og blå av berre frost og hadde lange isjøklar i hår og skjegg, så det skrangla når han leda på seg.

«Huff, det er radt som eg kjenner kor hustralt det er,» sa han Andres og tok til å blåsa seg i hendene, og han Kolbein laut snart gjera det same; det var så altfor kaldt her i Nordpolen.

Ja, men no skulle det ikkje vera lenge før det vart varmare, sa han Pål. No skulle kvitbjørnen ta søretter att og fara alt til dei varme landa, der skulle han innom til kongen sjølv. For desse tre jomfruene var nok sjølve kongsdøtrene, når sant var, og no ville kvitbjørnen seia det med kongen at han hadde løyst dei ut. — Ja, så bad han nordavinden då om han ville ta dei med seg søretter, og det lova nordavinden straks. Men i dag kunne han ikkje gjera det, sa han, for han var ikkje på blåsteren no; han laut få halda jul han og i dag.

«Kva gjer han i jula, nordavinden?» undrast han vesle Andres. «Sit han inne og les og syng i postillen og bøkene?»

Å, det var vel så ymist med det, ottast han Pål; det var vel helst heidenskapen på han; det var ikkje betre venta oppi Nordpolen. Men han var ein beinsam kar elles; han skulle koma med kongsdøtrene så snart han kunne etter helga, sa han. Så sa kvitbjørnen farvel med han og tok ut så ubergeleg sør over land og hav att, og då var det ikkje lenge før det minka med frosten…

«Å, eg tykkjer det er ikkje så lite kaldt enno, eg,» sa han Kolbein og måtte blåsa seg i hen dene att.

Ja, du veit det guffa og bles noko kaldt utpå havet. Men når dei no berre kom i land. Ja, så såg dei atti eit stort svært land då sønnafor havet, og der stod det eit overhendig stort slott oppå eit fjell. Det glima i alle vindaugo, og i alle tårn så lyste det. Der var det kongen budde. Kvitbjørnen steig då i land der og rista vatnet av seg, og så labba han opp til kongsgarden og såg inn gjennom porten til kongssalen. Og der var det gildt, må du tru. Det var forgylt kvar du såg og kva du tok i, så fint var der, og oppetter salen stod ei lang rad med alle slag høge kongens folk på kvar side. Nedst på vinstre sida attmed døra var det no fyrst lensmannen…

«Å, er du galen, dei har då vel ikkje slikt skrap som lensmann hjå kongen sjølv?» sa han Kolbein.

«Jau,» sa han Pål, «lensmann har dei her òg. Men du må tru han er ikkje så høg i horna der som heime,» sa han. «Fyrst då han kom til kongsgarden, då trudde han det fanst ikkje sværare kar enn som han var. Han gjekk berre og yppa seg og ville stemna alle han møtte, både greivar og riddarar, liksom han hadde gjort med folket heime i bygda. Men så var han så nauten ein dag, han ville setja lensmannsstemning på kongen sjølv, og då fekk han rett svi snuten sin, han òg. For kongen han sa berre det, han, at «det er best de tek og har han i spikartynna med det same,» sa kongen. Så tok dei og hadde han i spikartynna straks; det var ei tynne som var sett med kvasse spikrar over det heile innvendes. Så trilla dei tynna, og lensmannen skreik så syndleg og bad for seg og lova at han aldri skulle gjera vondt meir. «Å det er ikkje verdt å tru han for hardt,» sa greivane og kongskarane; «det er best vi tyner han skikkeleg, så vi ein gong kan verta kvitt denne velsigna stemninga,» sa dei.

Men då sa han det, kongen, at det var no ikkje verdt det heller; for kanskje det kunne vera likså godt å ha ein skarve lensmann i kongsgarden, sa han. «Han kan stå attmed døra og gøy som ei anna bikkje og vakta på at det ikkje kjem noko slag fant og fark inn i kongssalen; då gjer han vel alltid like for maten,» sa han. Ja, så slepte dei lensmannen ut or spikartynna då. «Men vågar du no så mykje som å peika på nokon til stemnings att,» sa kongen, «så er det verst for deg sjølv; for då tek vi straks og skjer tre breie raude reimar av ryggen din og strøyer pepar og salt i og så til ormegården med deg,» sa han, og han gjekk endå bort på stabburstrappa etter ein brynestein og brynte tolekniven sin med det same; for kongane brukte alltid så råkande kvasse knivar, når dei skar raude reimar. Men etter den dagen hadde lensmannen aldri tort stemna så mykje som ein katt eller ei mus i kongsgarden; han stod berre bortmed døra og gjætte på at det ikkje fekk koma inn noko-slag fant og fark…»

«Slike som bekafanten kanskje,» sa han Andres, «eller han Lamma-Lars…»

«Å, dei kjem no vel aldri så langt som til kongsgarden, slike traskar,» sa han Kolbein.

Nei, koss det var med bekafanten det kunne ikkje han Pål heller seia noko visst om; men når han tenkte seg rett om, så var det nok så at han Lamma-Lars hadde komi der traskande ein gong liksom lensmannen.

«Nei, kva ville då han der?»

«Jau, han var ikkje visare, han ville preika for kongen sjølv og slo frampå at han tykte han grov vel mykje i det verdslege, han òg.»

«Nei, er du galen; kva sa kongen då?»

Å, du veit, han vart ikke for blid; for ein konge måtte no ha det rette såpass klårt for seg før, han, at … Men han var ikkje den som fauk opp i sinne og bar seg, kan du vita, han som var konge. Han sa berre det at «du er no så svær til å tala og omvenda alle folk, du Lars,» sa han. «Men gå no heller heim og omvend litegrann på deg sjølv, så det kan verta noko-lite munntòl på deg og likare folk utav deg; så kan du koma att då,» sa kongen, og med det laut han Lars gå …

«Det var endå godt han slapp med det, dei kunne teki og stappa han i spikartynna.»

«Ja, du veit nok det, men han var god i seg, kongen, og straffa ikkje meir enn han var nøydd til, når folk var uvyrdne.»

«Men kom han då att til kongen nokon gong, han Lamma-Lars?»

«Å, kor kunne slikt koma att! Nei, han var nok ikkje havande hjå kongen, om han så stod og treskte og omvende på seg eit heilt år.»

Løberg,Rasmus-Det store nashornet-4-Kvitbjørnen.png

«Men presten… har han vori hjå kongen?» undrast han Andres.

«Presten, — ja, koss var det no?» sa han Pål. Jau då, han hadde nok vori innom der ein gong, han òg.

«Han var vel blid då, kongen?»

«Ja, du kan vita det; han gjorde stort gjestebod på han.»

«Å, det var vel mergeleg god mat då?»

Ja, det var då det; men elles så var det no alltid så god mat til kvardags òg hjå kongen, at dei trong ikkje setja kongsgarden på ende for det om presten kom. Ja, så sat dei lenge der attmed bordet då og godprata, og då presten sidan skulle reisa att, så sa kongen det med han at «du får preika det som rett er for folket du,» sa han; «for eg har inga tru på desse Lamma-Larsane og desse andre fromme karane som lest preika, eg for min part,» sa han.

«Du kan då vita han var såpass klok,» sa han Gunnar.

Ja, så lova han det då, presten, at han skulle preika likast han kunne for folket, og då han gjekk heim, så fekk han så mange gilde gåver med seg som han vann bera på ryggen.

— — —

Dei hadde komi noko bort ifrå kvitbjørnen og ferda hans med dette. Men no hugsa han Pål seg og tok i att. Dei var komne til det at kvitbjørnen stod i porten og såg på alle folka oppetter kongssalen. Det var fyrst lensmannen nedmed døra, ja, som alt nemnt var; så var det futen, og han var ikkje heller så fælt stor her. Så var det amtmenner og kapteinar og greivar og allslag andre høge folk radt opp til kongen. Og på den andre sida av salen var det fyrst klokkarane, så var det prestar og prostar og bispar, og så paven sjølv. Han stod der og grein og ville nok helst vera den høgste av alle her; men det fekk han fint sitja ifrå, for den høgste av alle var kongen sjølv. Han sat på ein forgyllande stol øvst oppe i salen og var så ovende drust og fin. Han hadde blank krone på hovudet og ei svær kåpe ikring seg, og i beltet hadde han ein tolekniv av berre gull og ei slire av sylv og sverd av blankaste stål.

Ja, så steig kvitbjørnen inn gjennom porten, då han hadde sett alt dette; han ville opp til kongen og tala med han. Men ikkje før hadde han trødd innom dørstokken, så kom lensmannen som ein kvefs og treiv han i øyra og ville jaga han ut att.

«Vi skal ikkje ha noko til kvitbjørnar her hjå kongen,» sa han; «veit du ikkje eg er lensmann?» sa han. Men kvitbjørnen gjorde ikkje så mykje som sjå til side, han berre letta på labben og gav lensmannen ein knuff — der spratt han heilt bort i veggen og slo seg så han gret. Så kom futen nevande og ville ta han; men kvitbjørnen berre letta på labben att, han — der låg futen òg i veggen, og blødde naseblod. Då våga ingen av dei andre å lyfta ein finger til å meinka han. Berre paven grein noko stygt, men kvitbjørnen såg ikkje etter han heller. Ja, så labba han alt opp til kongen då og letta på framlabben og sa god dag.

«Men vert ikkje kongen redd når det kjem slik ein fæl kvitbjørn opp til han?» sa han Kolbein.

Å, nei då, kongen var ikkje redd noko-slag. Han rista berre bjørnen i labben og sa god dag att og takk for sist. «Er det den bjørnen som er ute og fer?» sa han. «Det er då det,» sa kvitbjørnen. «Her kjem eg med ein sekk full med trollhovud til deg,» sa han. «Eg har slegi i hel alle dei tre trolla som har røva til seg døtrene dine, og no er dei berga og kjem snart heim att til deg.» — «Å hå, og det vil du få meg til å tru!» sa kongen; «nei det får nok ingen tyna dei trolla, dei har slegi i hel og eti opp kvar den kjempa og riddaren som har våga seg ut imot dei og ville berga døtrene mine. Du har vel berre vori borti ormegården og henta desse hovuda opp i sekken din der,» sa han; for borti ormegården slengde dei allslags kalvehovud og trollhovud og anna skrot som dei ville vera kvitt i kongsgarden.

«Ja, vil du ikkje tru, så berre vent litegrann, så skal du få sjå,» sa kvitbjørnen. Ja, så venta dei litt, og best det var, så høyrde dei det dura og duna som eit torebrak. Så tok det til å blåsa så fælt, det rista og skok i heile kongsgarden og bles inn gjennom døra og gluggane, så det rauk i heile salen. Kongen laut berre sitja og blåhalda seg i stolen sin, paven stod og krøkte seg i hop som ein makk og haka seg fast i ein krakk, og alle dei andre kongsfolka laut leggja seg flate på golvet, så dei ikkje skulle blåsa av. Men lensmannen og futen var lettare enn dei andre og stod midt i vinden attmed døra, dei fauk til vêrs som du skulle sjå gamle taknevrar og ryggskinn. Og så kom han inn gjennom døra, nordavinden, for det var han som kom med slikt bråk. Han hadde dei tre kongsdøtrene på ryggen og fór som ein gufs opp til kongen og sette dei av der. «Her har du dei,» sa han, og dermed så føykte han ut døra og fór sørover havet att som eit torebrak; han hadde ikkje tid til å hefta eller drøsa med nokon no då han var på blåsteren.

«Huff, ja eg kjenner det er iskaldt av han,» sa han Andres og hustra endå meir enn før.

«Ja, men no fer han sin veg att, høyrer du,» sa han Pål. — Ja, så sprang kongsdøtrene bort til far sin og var så glade at dei visste mest ikkje om seg; og dei var så fine, det var mest som du skulle sjå englane i bøkene.

«Har dei venger?» undrast han Kolbein.

Ja … jau, dei hadde nok namnet til venger òg, som dei vifta med når dei skulle opp ei trapp. Og kongen han vart no så glad, då han såg dei, han visste lite kva fot han skulle trø på; og han gjekk bort til kvitbjørnen og nevetakka han og spurde kva løn han skulle ha. «Du skal få om det så er halve mitt land og halve mitt rike,» sa han. Men kvitbjørnen skulle inkje ha, sa han; han var berre glad han kunne gjera kongen ei teneste. Men no måtte han av stad og koma seg på heimvegen, sa han. Så bad han farvel då, og både kongen og alle kongsfolka fylgde han radt til døra, då han gjekk.

«Men alle dei trollhovuda han ber på, kva vil han då gjera med dei?» spurde han Gunnar.

Dei ja, det var sant. Jau, då han var komen ut, så rusla han bort til ormegården med dei. Der var så høgt gjerde ikring at det ikkje kunne koma uflygande over, og ingen torde lata opp døra til garden; for då valt det ut med orm. Dei laut kasta maten inn til ormane på ei fjøl som dei vippa opp og ned som eit vindespel. Men kvitbjørnen gjorde ikkje meir av det, han puffa døra opp med labben, og alle ormane kom imot han som dei ville eta han levande opp; det var hoggormar og ratleormar og snokar og slever og firfisler i ei mylske. Men kvitbjørnen tok og slengde dei attende med labben, så dei berre låg og vreid seg og bles. Så hivde han alle trollhovuda inn til dei, og ormane tok og slevja dei i seg før dei enno kom ned på marka…

«Men skal han ikkje heim att no ein gong?» sa Andres og Kolbein, dei fekk det meir og meir annvint med å blåsa seg i hendene, og jamvel Pål og Gunnar fór til å verta vanmælte.

Jau, då han hadde slegi att døra til ormegården, så tok han ut over land og sjø att, så det huska etter, og så kom han sør over fjella, der som han hadde gått då han fór nordetter. Der var det måneskin og snø som før, og revane og bjørnane gjekk og tassa og glumde etter han. Så kom han fram på fjella, så han såg hit ned, og så gjorde han berre eit hopp, — hufs, så stod han der på åkeren att, og dei sat i huset inni han.

— — —

Dei sat ein augneblink og tagde etterpå alle fire; det var nett som dei skulle vori med på heile denne lange ferda, og som dei enno kjende kor snøgt det hadde gått. Så reiste dei på seg, og då kjende dei med eitt at dei hadde frosi seg reint stive der dei sat; det hjelpte nok ikkje at snøhuset hadde tjukke vegger. Dei grov seg ut best dei vann og var reint som fortumla etter ferda enno. Det var som fjella og husa heime og alt saman stod på bakvende leia, og måneskinet skein og skar i augo etter dei hadde seti så lenge inni mørkret. Og då dei såg på kvitbjørnen sjølv, så stod han der skilleg som han skulle ha sprungi. Men så tok kulden dei, så dei skalv i alle lemer, og dei to minste gutane kom på gråten. Dei skunda seg heim og kom seg innåt varme omnen, og kvitbjørnen stod etter og glodde ut i måneskinet.

*

Dei hadde det morosamt i bjørnen sidan òg; men så gildt som denne kvelden i jula vart det likevel ikkje fleire gonger. Og han kom heller ikkje til å stå så ovende lenge som dei hadde tenkt. Det la til med bløytevêr ei tid etter jul att, og så kom det ein fæl nordvest-storm ein dag. Døra til snøhuset bles ned; så fekk vinden tak og reiv over ende heile kvitbjørnen. Han låg der i mange stykke då dei kom der. Då var det ikkje råd til å få han opp att. Men alt til langt fram imot våren låg der ein stor snødunge og synte kvar den store kvitbjørnen hadde stått.