Det store nashornet/10

Fra Wikikilden

Eldste bror hans Pål kom ein dag heim med ei bok frå boksamlinga. Det var berre ei gamal og sliten grå-lefse, og det fanst ikkje bilete i ho. Han Pål brydde seg fyrst aldri til å sjå i denne boka eingong. Men så såg han at broren ofte lo med seg sjølv, når han sat og las lågt i ho om kveldane. Då vart han forviten og fann ho ned or hylla ein dag og tok til å lesa. Og då kunne det henda det var bok! Det fyrste stykket han råka på, var om ein gut som skulle berga kongsdottera ut or fjellet, og aldri hadde han lesi noko så svært som alt det den guten gjorde og alt det han kom ut for.

Då han kom til neste stykket, så var det ikkje verre. Det var om ein gut som var hjå eit troll og fekk narra det så fælt. Og det tredje og det fjerde — — — heile boka. Det var om risar og om kongar og kongsdøtrer, det var om Espen Oskeladden og fæle stykmødrer og sankt Peter og alle slag andre underlege folk; og så om hinmannen sjølv ikkje minst, og her fekk vi sjå kva kar han var. Han var så nauten og godtruen, så dei kunne narra han mest kor gali dei ville, og ein gong var det ein smed som fekk han inn i ein jarnpung og hadde så nær slegi han snupt i hel. Han kunne aldri vera så farleg som dei lét då, dei som preika. Det var berre leitt at smeden ikkje fekk gjera radt av med han, så vi kunne vorti kvitt han for godt.

— Han las så ofte han kunne koma seg til, og for kvar gong han hadde funni noko rett gildt, fortalde han det med dei andre gutane. Og dei var ikkje minder forvitne. Dei ville berre få høyra meir og meir. Dei fekk jamvel hug til å lesa om alt dette sjølve. Så lurde dei seg til å ta boka med bort i sauehuset og sat og las der. Men då hadde det så nær gått gali. Dei vaksne hadde alt lenge tykt at han Pål var svært strid til å hengja over denne boka og hefta seg bort med ho, og så fekk mor hans vita at dei endåtil sat ute og las; det var han Kolbein, den tosken, som hadde slarva om det Då hadde ho så nær teki og læst inne heile boka. Det måtte vera eit snodig gudsord i den boka, med di ungane hadde vori så forhuga, sa ho; for ho såg ikkje anna enn at både salmeboka og dei andre gode bøkene fekk liggja fint i fred i hylla. Han svara ikkje noko, han Pål; det var aldri verdt å la dei vaksne få nasen oppi for mykje. Han berre plystra og leita etter vottane sine bortmed omnen og lest aldri sjå etter den skarve boka. Då gjorde ho ikkje meir av det, ho sette boka opp i hylla att.

Etter den dagen våga han ikkje å lesa stort så dei vaksne såg det; men så ofte det lét seg gjera, stal han boka med seg ut og sat og las kvar det kunne høva. Og då han hadde lesi alle sogene til endes, var det mest likså gildt å lesa dei oppatt, og for dei andre likså gildt å høyra dei ein gong til. Dei levde reint som i ein eventyrheim så lenge dette varde, og når dei var ute og moroa seg, tok dei snart til å vera både oskeladdar og kongar og troll sjølve.

Ein dag borti løa hadde dei det svært gildt. Han Pål hadde fortalt eitkvart, og så fekk dei auga på den gamle kjetta hans Per nedi-stova, ho sat på golvet oppi korn-romet og halvsov. No visste dei det or denne boka, at ei kjette kunne vera mangt, ho. Det kunne gjerne vera ei forgjord kongsdotter for alt det dei visste. Så skulle han Gunnar vera troll og ta og setja henne i eit blått berg. Der stod ei stor tynne bortpå golvet, den skulle vera berg; der sette han kjetta varleg oppi og la eit lok over, og sjølv sette han seg framføre fjellet og vakta på henne og gjorde seg ein svær, lang nase av halm og hengde på seg. Og han skulle ha to gode hjelpesmenner med seg. På den eine sida skulle han vesle Andres liggja og vera einhyrning, og på den andre sida han Kolbein og vera linnorm.

«Ja, ja, det lyt no vel helst vera som ein linnorm-unge då,» slo han Pål frampå; for det skulle vel liksom vera noko meir til tøyg og lengd på ein vaksen linnorm. Men då vart han snurten, han Kolbein. Fekk han ikkje vera anna enn ein linnorm-unge, når han Andres var ein skikkeleg einhyrning, så ville han ikkje vera nokoslag; så kunne dei vera forutan linnorm og sjå kor godt det var, sa han. Nei, så fekk han vera ein vaksen linnorm lenge nok då, og det var endå godt dei fekk blidka han med det. Han fann seg ein gamal rivetind og heldt mellom tennene, det var ei fæl eitertann; og han Andres sat og heldt ein lang stav rett fram for nasen, det var det fæle hornet på einhyrningen.

Men så var det han Pål, han skulle koma og

vara Oskeladden og berga kongsdottera, og kunne han gjera det, så skulle han få både henne og halve kongeriket; det var ein stor slede nedi låven som var halve riket.

Ja, så tok han i vegen då og gjekk langt og lenge over svære heiar kringom i korn-golvet; der var tomt og godt rom til å ferdast no, etter dei nyst hadde treskt opp og lagt halmen på hjellen. Då han hadde gått fælande langt, kom han til ei eldende gamal kjerring; det var ein sopelime som låg der som var kjerring. «Å, gode, gjev meg ein bete mat,» sa ho, for no hadde ho stått her i hundre år og ikkje smaka såa; ho ville kløyva sund litt ved, og så hadde ho fått nasen fast i ein klove og ikkje visst noka råd til å koma laus att, sa ho. Ja, det var nok han Pål som laut seia sjølve orda, men han skjøna godt det var dette ho meinte; ho kunne berre ikkje få opp målet. Så var Oskeladden snill, og hjelpte henne laus og gav henne ein kakebit av nistematen sin; — ei never han sette bort mellom kvistene på limen var mat. Då gnog ho og åt og vart så glad og lova at ho skulle gjera han ei beine att.

«Når du no kjem fram til einhyrningen og linnormen,» sa ho — han Pål måtte enno hjelpa litegrann til med orda — «så skal du ikkje vera redd om dei olmar stygt på deg. Du skal berre seia pink, pank, pynk, så sovnar dei,» sa ho; for det var tre kaldlege trollord, dette. «Og når du kjem til trollet sjølv, så skal du berre gje deg i godprat med det og ljuga nytteleg for det og lokka det av leia, så får du nok kongsdottera,» sa ho. — Så bad

Oskeladden farvel då og gjekk att, og om ei stund kom han fram til fjellet og råka dei to fæle dyra; og dei vart no så eitrande vonde. Einhyrningen støytte etter han med hornet sitt, og linnormen låg berre og kvæste og hogg etter han med eitertanna. Men så sa Oskeladden berre dei tre orda han, og straks så seig dei ned og sovna og snorka, såleis som einhyrningar og linnormar skal gjera.

Det grodde jamvel mose på augo og andleta deira; det var agner og halm dei la oppå seg som var mose. Så kom han til trollet, og det var så olmt, så det stod berre og bura og belja. «Kva er det for ein stakkar som kjem her og trakkar på mine grunnar?» sa det.

«Å, eg ville berre godprata med deg,» sa Oskeladden.

«Å, vil du det,» sa trollet og var straks litt blidare.

«Ja, eg veit om meir gull og sylv, eg, enn som du veit om,» sa guten.

«Gjer du det,» sa trollet.

«Ja, kom berre her, så skal du få sjå,» sa Oskeladden. Ja, så var trollet godtrui liksom alle troll, og var med heilt bort åt veggen. Der låg det ei stor ruve som hønsa hadde lagt etter seg.

«Dette her er berre skinande gullpengar og sylvpengar og glimesteinar,» sa Oskeladden, og så var trollet ikkje klokare, det trudde straks han sa sant. Det la seg på kne og olbogar og stakk nasen heilt ned i dungen og tok til å telja pengane; for trolla hadde det alltid så annvint med å telja pengar. Men då var han ikkje sein, Oskeladden, han fór bort til fjellet og reiv loket av og treiv kongsdottera. Ho stokk, så ho gjorde både bles og hogg, då han kom med slik ofse, men han let seg ikkje skræma; han heldt henne fast med båe hendene og tok på tanande laupet heimetter til kongeriket. Men då kunne det henda trollet fauk opp. «Kven er det som torer røva mi vene jomfru!» ropa det og bura av sinne og kom laupande etter. Og så vakna einhyrningen og linnormen og reiv mosen or augo og kom takande, dei òg. Dei fekk springa på tverke for Oskeladden, så han ikkje slapp ned til låven med ein gong. Han laut laupa bort til den andre veggen og kom seg opp i ein halmdunge, og der hadde dei så nær ringa han inn og teki han. Men så gjorde han eit fælt hopp og kom seg fram imellom dei, og i nokre sprang var han nedi låven og heime i kongsgarden. Då hadde nasen på trollet vorti så skakk, så han hang og slong bortunder eine øyra; linnormen hadde mist eitertanna si, og einhyrningen hadde det gått endå verre med. Han hadde rent mot veggen med hornet, så han så nær hadde støytt seg naseblod. Hadde det ikkje vori det at han var einhyrning, så var det ikkje eingong visst om han ikkje hadde komi på gråten; men han visste det høvde seg ille for einhøyrningen å gråta, og så heldt han seg.

Så hadde Oskeladden vunni halve riket då, det hadde han; men kongsdottera hadde han minder av. Ho hadde vorti så redd alt dette bråket då dei var oppi halmdungen, at ho hadde sett i og remja og sliti seg laus. Det siste dei såg henne, fór ho som ein elding inn gjennom eit hol nedi låven. Og Oskeladden hadde fått ei rispe av kloa hennar på eine handa, så det sila og blødde. Men løyst henne or berget det hadde han, og det var det fremste; for det var difor vi hadde oskeladdar at dei skulle løysa kongsdøtrer or berg.