Det store nashornet/13

Fra Wikikilden
Hopp til navigering Hopp til søk

Korleis han Pål fekk kniven, og korleis han slepper han.


Dei var oppi bakkane og gjætte smalen, Pål frå austre stova og Gunnar frå vestre stova. Det låg snø og klake mange stader nedpå slette bøane enno. Men oppunder fjella var det for lenge sidan snøbert og grønka alt under ufser og steinar. Seljene stod med utsprotne gåsungar og kvitveisen stakk opp or den grøne mosen. Der gjekk sauene og åt på groen og bladknuppane.

Men på ein stein nedunder sat gutane og såg etter. Det var ein stor, svær stein. Han var høg og avlang som eit skip, og tvert gjennom han gjekk det nokre store rivner. Det såg ut som han skulle ha slegi seg i stykke i det same han kom veltande ned frå Storenuten og stansa her. Men mellom rivnene var det godt å sitja, og dei kunne herifrå sjå smalen kring alle bakkane. Kom ein sau ned og ville renna heim, så sette dei berre i å remja og gøy til han snudde att.

Fram på dagen var Kolbein og Andres, småbrørne deira, komne opp, dei òg. Dei hadde funni seljegreiner oppi bakkane og sat no og laga seg fløyter alle fire.

Men då dei hadde fått borken av, laut alltid han Pål gjera resten — skjera ljodhol og få låt i fløyta. Det kunne ingen gjera så godt som han; for det var han som hadde beste kniven. Han hadde ein blenkjande ny tolekniv, medan dei andre hadde berre kvar sin bordkniv. Det fanst ikkje kvassare kniv på heile garden, og det skulle spørjast om han fanst nokon stad, meinte han Pål. Det var då heller ikkje ofte det hadde hendt han noko så uventa gildt som den dagen han fekk den kniven. Han drøymde minst om det i vinter, då han gjekk der og tykte det var svært berre han hadde den vesle fallekniven, som attåt slarka i fjøra.

Men så var det den dagen han Bjedne skulle reisa i vår. Han hadde tent i huset i mange år, han Bjedne; men no skulle han til Amerika. Han hadde straks før vori i byen og løyst ferdakort, og med det same kjøpt eit nytt knivstell. Og det var knivstell som var noko. Slira var fint utkrota med ormar og ein påfugl. Skaftet var skinande brunmåla, bladet blankt som ein spegel, og egga så fin at ein kunne skjera lause hår. Dei prøvde han på hårbustene hennar Helga den kvelden ho hadde sovna ved rokken. Han tok dei snupt. Men det var ikkje mange som fekk sjå den kniven. Han Bjedne var så redd for han, at han gøymde han radt på kistebotnen, og gjekk ikkje med han til kyrkje eingong.

Men så kom den dagen han skulle fara. Han stod oppi lemtrappa med noko under trøya og bad Pål koma opp.

«Eg har ein liten ting til deg her… dersom du vil koma meg i hug ein og annan gong,» sa han, og han var så underleg oppi augo. Så kom han fram med det nye knivstellet. Det skulle Pål ha!

Det var mest for mykje til å tru i fyrste laget. Han hadde så nær gløymt å takka. Han laut ut og skjera i alle vegger og tre av berre glede, og frå den dagen var dette knivstellet det gildaste han åtte i verda. Han sette ein stor knapp i både kvardags- og sundagsbroka, så han kunne bera det til alle tider. Han synte det byrg fram til alle som kom til gards, og det var berre valde folk som nokon gong fekk kniven i hand til lånings. Han hadde jamvel rømt ut og vori uta middag ein dag far hans ville ha kniven og banda ei bytte med han. Han skulle rett klussa med kniven til byttebanding, den karen! Nei takk, sann.

Han sat nettopp varsam som ein dokter oppå steinen og skar til ei fløyte. Då såg dei at ei heil horg av sauene var komne ned or bakkane og tok til renns heimetter. Dei sette i å gaula og gøy som vanleg; men sauene ansa ingen ting denne gongen. Dei trudde dei skulle få eitkvart godt, når dei kom heim.

Pål og Gunnar laut av stad etter dei, og det i ein så fykande fart, at han Pål gløymde å stikka kniven i slira. Han vart liggjande etter på mosen.

Dei jaga sauene langt opp i bakkane og kom sidan til å hefta ei heil stund der. Dei fann fjor-gamle nøtter og flogsa og flaug berrføtte. Dette hadde dei nok ikkje lov til enno; men når ingen såg det så. Dei våga seg radt ned på dei kalde snøfonnene og rømde ikkje meir enn så måteleg langt, då dei såg likt til ein ormespæl oppi ein runne.

Då høyrde dei med eitt eit skræmt rop innafrå steinen, og han Kolbein tok til å tuta og gråta. Pål hugsa med ein gong at han hadde gløymt kniven, og fekk ein stygg støkk. Kanskje dei hadde skamskori seg med han! Dei sprang på livet laust attende til steinen.

Nei, då var det ikkje likt til at nokon av dei små blødde. Dei stod berre bleike og forskræmde og stirde. Men endeleg kom det med hiksting og gråt frå han Kolbein: han hadde brukt kniven litt, så kom han til å sleppa han ned, så han gleid på den håle mosen — beint ned i den djupe tronge rivna midt i steinen.

Pål kjende seg som råka av eit hardt slag og skalv i knea, då han sprang bort til rivna og såg ned. Men med eit rop fór han opp att.

«Eg ser atti han!» ropa han.

Jau, så menn! Rivna smalna av eit stykke nede, og der hadde kniven sett seg fast. Men lenger nede vart ho vidare att; for det var berre så vidt han hang og dingla. Berre dei no kunne finna eitkvart å ta han opp att med! Dei sprang etter ei lang bjørkegrein og laga ein krok. Pål stakk han ned i rivna og fekk han heppeleg inn under kniven.

Jau, han fylgde oppetter bergsida. Kolbein tok til å le av glede. Men der glapp taket, og ned att for kniven som til avgrunns. Dei sette i eit skræmt rop alle saman. Nei men tenk! der hadde han stansa no òg, men lenger nede no. Det var berre så vidt dei såg atti han.

Løberg,Rasmus-Det store nashornet-6-Bjednekniven.png

Pål var så redd at han visste ikkje om han skulle våga nokon ting meir. For slepte han ein gong til, var det ikkje tanke om von lenger. Kniven kunne smyga gjennom klemma som ein ål. Men det var ikkje vågande å venta heller. Det var som hans eige liv hang i ein tråd over avgrunnen. Han laut freista att, og fór ned med kroken.

Med endelaus varsemd som ein klokkevisar gjekk det opp att. Seint som ein makk. Dei anda mest ikkje. Berre ei halv alen var sistpå att… då vart Pål som nomen av otte og spaning. Kroken skalv som eit ospelauv, og kniven fór att. Og denne gongen stansa han ikkje. Rivna gjekk på skrå lenger nede, og dei høyrde han rulla, rulla til svarte botnen.

Det var om å gå svart for augo hans Pål. Det fyrste han tenkte på var å banka opp veslebroren, som var skuld i dette. Men då han såg kor broren tok til å stridgråta att, let han det vera. Det kunne ikkje berga opp att nokon kniv, likevel. Han låg snart på mosen og stridgret han òg, endå det var leitt at han Gunnar skulle sjå det.

Det såg ikkje rart ut med Pål og Kolbein da dei kom heim til middag. Dei var raudgråtne og nedfor, så mor deira vart radt skræmd. Men då ho fekk vita kva det var, meinte ho det endå kunne verta ei råd. Dei skulle få han Tormod, tenestguten, med opp. Kanskje han kunne vita ei råd, sa ho. Ja, han var med på flekken. Han stod og såg på rivna eit bel. Så spytta han tobakk og sa: «Er de galne, ungar? Den kjem aldri opp att, lim de så får lensmannen med.» sa han. Og nokre store toskar var dei, som kunne umaka han opp for slikt. Så larka han beint heim att.

Han er ute og leitar om kvelden.

Kniven er borte, borte.


Dei hadde lagt seg om kvelden. Men han Pål fekk ikkje sova. Han kunne ikkje gløyma kniven og låg enno og grunda på bergingsråder, så hovudet verkte. Det var som han ikkje enno rett kunne tru at all von var ute, kva han Tormod så sa. Det var så altfor fælt til å tru.

Då skaut det ein tanke opp i han, så han fór heilt opp i senga. Der var ein liten heller på vestsida av steinen, og han hugsa no at han og Gunnar ein gong for lenge sidan hadde sett eit hol der, som bar endå lenger inn. Kanskje ein kunne koma så langt inn der, at ein nådde radt til botnen på rivna? Tosken han var, som ikkje hadde komi på det i dag! Han fekk gå opp i morgon, så snart det ljosna.

Han freista å slå seg til ro med dette så lenge; men denne vesle vona hadde sett slik uro i blodet hans, at han fekk endå minder sovna no. Og det var så endelaust lenge å liggja i denne uvissa heile natta.

Han gjekk sistpå fram og stiltra seg bort til loftsvindauga. Det var fint og ljost ute. Måneskin og blank vårkveld. Det kunne visst ikkje vera vanskeleg å gå opp no med det same. Han hivde svint på seg kleda og smaug ut.

Det var alltid noko meir hustralt og uhugleg enn han hadde tenkt, då han kom opp mot steinen. Måneskinet var så bleikt, og alt så stilt. Det var halvmørkt under helleren og radt kolmørkt i hola innafor. Men tanken på kniven stålsette han mot alt. Det var radt som han ikkje var heilt åleine, når kniven låg der. Det var mest som kniven hadde eit slag liv og låg der i den fæle rivna og hadde det vondt. Og no ville han ha greie på dette, når han var komen så langt.

Han gjekk modig på og smaug på kne og olbogar inn i hola. Ho var såpass romsleg at det var ingen fare for å smyga seg fast. Men lenge var det ikkje, før han støytte med hovudet mot faste berget og kom ikkje lenger.

Han freiste på ein annan kant, men stod like fast der òg. Han hadde snart trivla heile hola rundt… berre faste steinen alle stader og inga rivne å kjenna. Han kjende ikkje så mykje som ein liten sprekk i berget.

Han vart liggjande som fjetra ein augneblink; så vart han teken av fælske, så det fór iskaldt gjennom han. Det var som alt med ein gong var omskift, då vona ikkje lenger heldt han oppe. Kniven var berre ein daud kniv, og mørkret låg som ein fæl mur rundt han og over han. Han arbeidde seg ut att, så han reiv seg til blods. Så fór han på livet laust heimetter og tykte det lo og lét fælt etter han oppunder steinane.

Han låg berre og hustra av fælske lenge etter han var komen i seng, og skjøna ikkje korleis han hadde våga dette. Men då han endeleg vart rolegare att, seig det som ei fjelltyngd over han, at no var all von om kniven borte for alltid — no då dette òg gjekk i mist. Inga makt i verda kunne få han opp att. Aldri meir skulle han no ha kvassare kniv enn dei andre. Aldri skulle han ha noko fagert knivstell å syna fram meir. Han hadde berre tome slira, og det var ingenting. Han laut vel til å bruka utskjemde bordknivar han òg no.

Det var som han sokk i senga der han låg, og no fyrst skjøna til botnar det endelause tapet sitt. Ingen ting ville verta gildt meir etter dette. Og kva ville han Bjedne ha sagt, dersom han hadde visst dette? Han hugsa med eitt så levande på han Bjedne. Han hugsa den dagen han fór. Han hugsa kor underleg han var i augo den dagen. Og det var med eitt som han skjøna det så godt. Såleis var det når ein laut skiljast frå noko som det var så vondt å skiljast frå. Han vart så teken, at gråten losna som ei elv. Det var som han ville renna bort i gråt. Det varde til han sovna.

Han får seg ein Torsteins-kniv.


Han hadde legi som i ein fæl kingelvev av vonde draumar då han vakna om morgonen. Stundom var det som han sjølv låg fast i rivna og hadde vorti eitt med kniven, og stundom var det som han hadde funni han att. Men så snart han skulle til å verta glad, låg det ein fæl otte under, otten for den vonde sanninga.

Han var så hugtung, at det var berre så vidt han kom seg or senga. Alt var som grått og svart ute og inne i dag, og gråten sat ikkje svært fast no heller.

Han far hadde òg fått vita det no, og han vart ikkje meir enn så måteleg blid. «Ein skulle rett gje dei noko, som ikkje passar betre på det,» sa han. «Ris burde dei ha,» sa han. Men ho mor tykte fælt synd om han og freista å trøysta han best ho kunne i dag òg.

«Vi får høyra med han Torstein, om han ikkje kan smi deg ein ny,» sa ho. Ho hadde alltid såpass skillingar, at ho skulle vita ei råd.

Pål tok etter denne vona med båe hender og kunne ikkje venta ein einaste dag. Han laut av stad til han Torstein på flekken. Det var som han ikkje kunne halda det ut uta ein god kniv no.

Jau, han Torstein nedmed stranda lova vel. «Eg skal gjera det best eg kan,» sa han. Og han smålo, då han Pål lova blanke skillingar på klypa, så snart kniven var ferdig. «Eg tenkjer rett det, at eg får skillingane,» sa han Torstein.

To dagar etter var det komi ei lita pakke til han Pål. Det var den nye kniven. Han hadde fint, kvitt skaft og var så blankslipt og føreseg-gjort, at det var svært.

«Jamen får du kniv no, så du treng ikkje klaga,» sa ho mor, og han far kytte han òg. «Det er visst ein grepa kniv,» sa han. — Han høvde godt i slira òg og såg råkande kvass ut.

Det skaut ei stor glede opp i han Pål. Men då han hadde hatt kniven i hand eit bel og sett betre på han, tok gleda heller snart til å sakka. Så fin som Bjedne-kniven var han likevel ikke, om han var aldri så fin. Han hadde ikkje det fine, skinande brune skaftet og ikkje nåme nær det fine laget på odden. Og egga…

Så snart ho Helga kom inn og sette seg ved rokken, lurde han seg bakom henne og prøvde kniven på hårbustene hennar i nakken. Men nei, han tok ikkje likt til hår som Bjedne-kniven. Han laut sistpå halda i nokre hår og skjera hardt til, før han fekk dei av, og då fór ho Helga opp, så han nær hadde fått knivsegga i neven.

«Er du frå deg, unge?» sa ho og gav han ein under øyra. Han slo ikkje att som han elles alltid gjorde. Han tagde og gjekk ut i djupe tankar. Nei, det var ikkje ventande at han var så kvass som Bjedne-kniven. Det var ikkje meir enn ein kniv som var Bjedne-kniv.

Men han var då rett bra denne òg, om han ikkje plent rakk den andre! Det var lygn å seia anna. Ein måtte ikkje vera urimeleg heller. Han freista å trøysta seg best han kunne, og då han dagen etter sat oppå steinen med dei andre gutane att, la han på med skryt og kyt det som kniven vanta i seg sjølv.

Men korleis han kytte, så ville det ikkje hjelpa. Det var så altfor stor skilnad; di lenger det leid, di betre såg han det. Bjedne-kniven var så forunderleg fin, når han rett skulle tenkja etter. Det var som han såg han, når han let att augo. Men denne vart som ringare for kvar dag. Slik ein kvardags-påk! Det var radt som han såg styven ut og liktest han Torstein sjølv, tykte han.

Han vart sistpå så lei av han, at han beint fram bytte han bort til han Gunnar mot ein gamal fallekniv og ei halv sirupskake. Han hadde så nær fått ris, då han far sidan fekk høyra det. Men det var det same: han ville ikkje ha ein slik kniv.

Han kjøper ein kniv hjå landhandlaren.


Det leid til sumars, og smalen var jaga til fjells, så dei slapp å gjæta lenger. Då fekk han Pål vera med far sin ut fjorden til landhandlaren ein dag. Der var så mange rare og underlege ting å sjå i vindaugo, og sistpå vart han var ein fin blank kniv som hang der. Slira var av skinande nysylv, skaftet var glimande svart og hadde blanke holkar i endane. Han vart ståande og einstira og kunne ikkje riva seg laus. Du, den som hadde hatt råd til å kjøpa den! Den måtte vel vera både så god og betre enn den som var komen bort. Men han var vel speglande dyr? Han kunne sistpå ikkje halda seg, han gjekk inn og spurde.

«Kostar ei krone,» sa handlaren. «Skal du kjøpa han, kanskje?»

Det gjekk heitt i Pål. Ei krone! Han åtte nettopp så mange pengar og hadde dei med i ein liten lereftspung. Skulle han la dei springa? Han vart ståande og såg og såg … før han sjølv mest visste ordet av, hadde han lati pengane springa og teki mot kniven.

Han var radt sveitt, då han kom ut etter denne store avgjerda. Men var pengeutlegget svært, så var det òg noko til kniv! No var det ikkje tale om å kalla Bjedne-kniven betre lenger.

Han gjekk berre og såg på han og lo og spegla seg i det blanke bladet.

Men det var ikkje verdt at han far fekk sjå han enno. Han vart kanskje vond ein gong til, for han hadde øydd opp så mange pengar. Han gøymde han i lomma innpå trøya, då dei fór heim.

Då han var komen opp på stovelemmen og ville leggja seg om kvelden, tok han fram det nye knivstellet og såg på det att. Då kom det med ein gong så underleg over han, at han skjøna det ikkje sjølv. Men han såg det klårt no: denne kniven var ikkje som Bjedne-kniven likevel! Nei nei, han var ikkje. Han var ikkje så lite mindre enn den, og så var han så mykje tunnare og grannare i alle endar. Det var som han såg med andre augo no han var komen heim og hugsa skikkeleg på den gamle. Denne her var berre som ein blank stas mot den. Han skjøna ikkje korleis han hadde kunna tru noko anna. Men kva hugnad var det så i å ha han?

Det var med eitt som heile glansen var stroken av han. Og for ein slik kniv hadde han gjevi alle sine pengar! Han vart teken av trege, så han kom mest på gråten, og gøymde knivstellet i eit hol oppunder taket. Ingen skulle få vita at han var narra. Så la han seg, tung i hug. No hadde han både kniven og pengane å trega.

Oppå steinen eit år etterpå.


Eit heilt år hadde gått, og det var vår att. Pål og Gunnar såg til sauene oppi bakkane som i fjor og heldt til på same steinen.

Så var det ein dag dei kleiv nedi småskorene på austsida av steinen. Dei ville freista å koma opp ein veg der dei aldri hadde vunni opp før. Men berget var bratt og vondt. Dei rasa ned att gong på gong. Ein gong Pål datt såleis, kom han til å riva med seg ei tjukk mosefille, som grodde oppetter eit lite skråberg tett nedved marka. Då kom det til syne ei djup rivne i steinen, som før hadde vori løynd. Og då ein skulle sjå, så hang ho i hop med den som kniven datt ned i i fjor. Ho var så smal lenger oppe, at ein berre så vidt såg henne. Men her var ho mykje breiare att.

Pål vart ståande og einstira og gløymde reint å kliva opp att.

Kanskje det her kunne verta ei råd til å få tak i den kniven som han aldri hadde tenkt å få att! Ein kunne stikka ein lang krok inn og freista å få han ut.

Mangt og mykje hadde hendt frametter dette året, og mangt nytt hadde han fått seg. Han hadde fått ei lita klokke av nysylv og ein dåse med spegel i. Han hadde fått nye støvlar og hatt og meir, og den bortkomne Bjedne-kniven hadde etter kvart vorti berre ei gamal soge. Men så glad som då han fekk den, hadde han aldri vorti for noko av dette. Så gildt som den var det ikkje heller. Aldri meir vart noko så gildt som den kniven, det visste han no. Han kunne berre ikkje skjøna, korleis han Bjedne hadde fått tak i ein såvoren kniv; for maken kunne han aldri tru var å få nokon stad no. Det var som han enno såg kor glimande fin han var, når han tenkte vel etter.

Han ropa på han Gunnar og sa kva han tenkte. Jau, han Gunnar trudde òg at det her måtte vera ei von. Dei sprang heim etter ei lang stong, batt ein jarnkrok i enden og tok til å kara inn i det djupe holet.

Det var lenge berre rot og eldgamalt lauv dei fekk ut. Men til slutt var det som kroken hadde tak i noko avlangt, og det skrapa som i jarn… det måtte vera kniven! Hjarta tok til å hamra hardt i han Pål. Tenk å få kniven att likevel!… det var mest for mykje. Og når dei heime og alle fekk sjå det!…

Men det var ikkje så greitt å få han ut, om ein hadde tak i han heller. Han sette seg fast i stein og rot kvar augneblink. Dei laut få seg ein krok til. Pål flaug opp i bakkane og ville skjera ein.

Då sette han Gunnar i å ropa nedved steinen. «Her er han! Eg har fått tak i han!» Pål tvibykste ned att, og Gunnar rette ein kniv ut mot han. Han tok mot han, men vart så ståande og berre einstirde. Det var nok ein kniv, ja, men kva slag kniv var dette? Han minte alltid noko om Bjedne-kniven; han hadde brunt skaft og var kvass og avlang på odden som den. Men det var ikkje den likevel. Han var så underleg liten og smal. Skaftet var så bleikt og bladet så tunt. Heile kniven var berre som ein fattigsleg ham av den rette.

«Kven kan det vera som har mist denne her?» spurde han sistpå varsamt.

Då sette han Gunnar i å le høgt. «Korleis er det du står? Kjenner du ikkje att kniven din?» spurde han. «Han må ha legi radt turr under lauvet; for det finst mest ikkje rustflekk på han, og skaftet er like fint det òg.»

«Eg ser det,» sa Pål lågt.

Han fekk i det same auga på ei innskrift på bladet og eit merke på skaftet plent som på Bjedne kniven… jau, det var den, likevel; han såg det med ein gong no.

Men korleis i vide verda hadde han vorti såleis?…

Han vart med eitt så underleg flat der han stod, at han snudde seg bort og lest som han prøvde egga. Han lika ikkje å verta sedd i andletet.

— — Dei var oppe i urdene og samla heim sauene om kvelden. Gunnar sulla og song i villan sky av kjæte. Men han Pål gjekk der tagal og tankefull enno. Han hadde gøymt kniven under mosen nedved steinen og nemnde han ikkje meir med eit ord. Han ville heller ikkje ta han heim og syna han der. Det var ikkje noko å syna fram. Den kniven han hadde kjøpt hjå landhandlaren i fjor var ein god mole finare. Jamvel Torsteins-kniven som han Gunnar enno hadde, var mest likså fin. Og mange av dei andre eignelutene han hadde, var likså mykje verde. Han hadde berre gått og drøymt i hop slikt som inkje var.

Han skjøna det ikkje, han Pål. Han hadde ingen ting mist i dag, og likevel var det som han hadde mist noko no òg. Det kjendest mest som ein løynleg trege, at han hadde funni kniven att, liksom i fjor etter han hadde mist han. Han skulle mest ha gjevi noko, dersom han ikkje hadde funni han på denne måten. Så hadde Bjedne-kniven for alltid vori like blank og skinande fager.