Det nye Testamente (1883-1889)/Brev til Romararne

Fra Wikikilden
Hopp til navigering Hopp til søk
1ſte Kapitlet.
 
P
aulus, Jeſu Kriſti Tenar, kallad til Apoſtel, utkorad til aa forkynna Guds Evangelium,

2 ſom han fyrr lovade ved Profetarne ſine i dei heilage Skrifter,
3 um hans Son, ſom etter Kjøtet er komen av Davids Ætt;
4 ſom etter Heilagdoms Ande er ſannkjend ſom Guds Son med Velde ved Uppſtoda fraa dei Daude, Jeſus Kriſtus vaar Herre,
5 ſom me fekk Naade ved og Apoſtelembætte til aa verka Lydnad imot Trui millom alle Heidningar fyre hans Namns Skuld,
6 og millom deim ero de og kallade til Jeſus Kriſtus: —
7 til alle Guds Elſkade, Kallade, Heilage, ſom ero i Rom. Naade vere med dykker og Fred fraa Gud vaar Fader og Herren Jeſus Kriſtus!
8 Fyrſt takkar eg min Gud ved Jeſus Kriſtus fyre dykker alle, fyredi dykkar Tru er velgjeti i all Verdi.
9 For Gud, ſom eg tener i min Ande i Evangeliet um hans Son, han er mit Vitne um, kor uavlatande eg kjem dykker i Hug,
10 med di eg i mine Bøner alltid bed um, at eg daa eingong kunde faa Lukka til, med Guds Vilje, aa koma til dykker;
11 for eg ſtundar etter aa ſjaa dykker, at eg kunde giva dykker eikor andeleg Naadegaava med meg, ſo de kunde ſtyrkjaſt,
12 det vil ſegja, at eg hjaa dykker kunde hyggjaſt ſaman med dykker ved den ſamlike Tru, dykkar og mi.
13 For eg vil ikkje, Brøder! at de ſkulo vera uvitande um, at eg ofte heve etlat meg til aa koma til dykker (men eg vart hindrad til desſa), at eg kunde hava nokor Frukt hjaa dykker og, likſom hjaa dei andre Heidningar.
14 Eg ſtend i Skuld baade til Grekarar og Barbarar, baade til Viſe og Uviſe.
15 Soleides er eg fyre min Deil buen til aa forkynna Evangeliet fyre dykker og, ſom ero i Rom.
16 For eg ſkjemmeſt ikkje ved Kriſti Evangelium; for det er ei Guds Kraft til Frelſa fyre kvar den, ſom trur, fyre Jøde fyrſt og fyre Grekar.
17 For i det vert Guds Rettferd openberrad av Tru til Tru, ſom ſkrivet er: „Men den Rettferdige av Tru ſkal liva.“
18 For Guds Vreide vert openberrad fraa Himmelen yver all Gudløyſa og Urettferdi hjaa dei Menneſkjor, ſom forhalda Sanningi ved Urettferd;
19 etterdi det, ſom Ein kann vita um Gud, er kunnigt ibland deim; for Gud heve kunngjort deim det.
20 For hans uſuynlege Kynde, baade hans ævelege Kraft og Guddom, det vert ſkodat, ſidan han ſkapte Verdi, daa det er ſkynande av Gjerningom, — ſo dei ero ikkje orſakande;
21 for endaa dei kjende Gud, ſo ærade og takkade dei honom ikkje ſom Gud, men vart faafengde i ſine Tankar og deira uvituge Hjarta formyrkteſt.
22 Medan dei ſagdeſt vera viſe, vart dei Daarar,
23 og dei bytte den uforgjengelege Guds Herlegdom burt fyre eit Bilæte i Likning med ei forgjengeleg Menneſkja og med Fuglar og firføtte Dyr og Krekelde.
24 Difyre yvergav Gud deim i deira Hjartans Lyſter til Ureinſka, ſo dei ſkjemde ſine Likamar ſeg imillom,
25 med di dei bytte Guds Sanning burt fyre Lygn og ærade og dyrkade Skapningen framfyre Skaparen, ſom er velſignad i all Æva, Amen.
26 Difyre yvergav Gud deim til ſkammelege Lyſter; for baade Kvinnorna deira forvende det naturlege Bruket til det unaturlege,
27 og framleides forlet og Mennerne det naturlege Bruket av Kvinna og kveikteſt upp i ſi Lyſt til kvarandre, ſo at Menner dreiv Skjemdaverk med Menner og fekk paa ſeg ſjølve det Vederlag fyre ſi Villferd, ſom rett var.
28 Og likſom dei ikkje vyrde um aa hava Kunnſkap um Gud, ſo yvergav Gud deim til eit vanvyrdande Huglynde, til aa gjera det Uſømelege,
29 ſo dei ero fyllte med all Urettferd, Hordom, Argſkap, Vinneſykja, Vondſkap, fulle av Ovund, Mord, Trætte, Svik, Fulkynde,
30 Øyretutarar, Baktalarar, gudhatade, ovmodige, ſtorlaatne, ſtororduge, uppfinnſame til Vondt, ulyduge mot Foreldre,
31 uvituge, uſætande, ukjærlege, uſemjande, miskunnlauſe,
32 ſlike, ſom vel kjenna Guds Dom, at dei, ſom gjera ſlikt, ero ſkyldige til Dauden, og endaa ikkje berre gjera det, men og giva ſitt Samtykke til deim, ſom gjera det.

2dre Kapitlet.

 Difyre er du, Menneſkja, ikkje orſakande, kven du ſo er, ſom dømer; for med di du dømer den Andre, fordømer du deg ſjølv; for du, ſom dømer, gjerer ſjølv det ſame.
2 Men me vita, at Guds Dom er etter Sanning yver deim, ſom gjera ſlikt.
3 Men trur du det, du Menneſkja, ſom dømer deim, ſom gjera ſlikt, og ſjølv gjerer det ſame, at du ſkal ſleppa undan Guds Dom?
4 Elder vanvyrder du hans Rikdom paa Godleike og Tolmøde og Langmod og veit ikkje, at Guds Milda driv deg til Umvending?
5 Men med ditt Hardlynde og ditt ubotferduge Hjarta hopar du Vreide yver deg paa Vreidens Dag, daa Guds rettferdige Dom vert openberr;
6 for han ſkal giva kvar etter kvar ſine Gjerningar:
7 deim, ſom med Trott i god Gjerning ſøkja Æra og Heider og Uforgjengelegdom, ſkal han giva eit ævelegt Liv;
8 men deim, ſom ero ſtridſame og ikkje lyda Sanningi, men lyda Urettferdi, ſkal hendaſt Harm og Vreide.
9 Trykk og Trengſla ſkal koma yver kvar Menneſkeſaal, ſom gjerer det Vonde, Jøde fyrſt og Grekar;
10 men Æra og Heider og Fred ſkal hendaſt kvar den, ſom gjerer det Gode, Jøde fyrſt og Grekar;
11 for det gjeld ingen Mannamun fyre Gud.
12 For ſo Mange, ſom ſyndade utan Log, dei ſkulo og fortjonaſt utan Log; og ſo Mange, ſom ſyndade med Logi, dei ſkulo og verta dømde ved Logi;
13 for ikkje dei, ſom høyra Logi, ero rettferdige fyre Gud; men dei, ſom gjera etter Logi, ſkulo verta rettferdiggjorde.
14 For naar Heidningarne, ſom ikkje hava Logi, gjera av Naturi det, ſom Logi byd, ſo ero dei ei Log fyre ſeg ſjølve, endaa dei ikkje hava Logi;
15 for dei ſyna, at Loggjerningi er innſkrivi i deria Hjarto, med di deira Samvit vitnar med, og Tankarne ſeg imillom ſaka elder og orſaka deim
16 paa den Dag, daa Gud ſkal døma det Dulde hjaa Menneſkjom, etter mitt Evangelium, ved Jeſus Kriſtus.
17 Sjaa, du er kallad Jøde og ſet di Lit til Logi og roſar deg av Gud
18 og veit hans Vilje, og fyreſynt av Logi prøvar du dei ymſe Ting
19 og trøyſter deg til aa vera ein Vegviſar fyre Blinde, eit Ljos fyre deim, ſom ero i Myrker.
20 ein Uppſedar fyre Uvituge, ein Lærar fyre Umynduge, daa du heve den rette Skapnad av Kunnſkap og Sanning i Logi.
21 Du ſom ſoleides lærer ein Annan, lærer du ikkje deg ſjølv? du, ſom preikar, at Ein ikkje ſkal ſtela, ſtel du?
22 du, ſom ſegjar, at Ein ikkje ſkal drive Hor, driv du Hor? du, ſom ſtyggjeſt ved Avgudar, ranar du Heilagdomar?
23 du, ſom roſar deg av Logi, vanærar du Gud ved aa brjota Logi?
24 For Guds Namn vert fyre dykkar Skuld ſpottat millom Heidningom, ſom ſkrivet er.
25 For Umſkjering gjerer vel Gagn, um du held Logi; men bryt du Logi, ſo er di Umſkjering vorti til Fyrehud.
26 Derſom daa Ein med Fyrehud liver etter Logbodi, ſkal ſo ikkje hans Fyrehud verta reknad fyre Umſkjering?
27 Og den naturlege Fyrehud, ſom uppfyller Logi, ſkal døma deg, ſom med Bokſtav og Umſkjering bryt Logi.
28 For ikkje den er Jøde, ſom er det i ſyndo, og helder ikkje er det Umſkjering, ſom er det i ſyndo, paa Kjøtet,
29 men den, ſom er Jøde i løyndo, og Umſkjeringi paa Hjartat, i Anden, ikkje i Bokſtaven; ein ſlik heve Ros, ikkje av Menneſkjor, men av Gud.

3dje Kapitlet.

 Kvat Fyremun heve ſo Jøden? elder kvat Gagn er det i Umſkjeringi?
2 Myket i alle Maatar! og fyrſt daa det, at Guds Ord vart deim gjevet til Vareign.
3 For kor er det? um ſume var utrue, ſkulde daa deira Utruſkap gjera Guds Truſkap til inkjes?
4 Langt derifraa! lat helder Gud vera ſannordig, men kvar Menneſkja ein Ljugar, ſom ſkrivet er: „At du maa kjennaſt rettferdig i dine Ord og vinna, naar du heve Søksmaal.“
5 Men derſom vaar Urettferd ſyner Guds Rettferd, kvat ſkulo me daa ſegja? er daa Gud urettferdig, naar han fører Vreiden yver oſs? (Eg talar paa Menneſkjevis.
6 Langt derifraa! Korleides kann Gud daa døma Verdi?).
7 For derſom Guds Sannleike ved mi Lygn ſynte ſeg ovſtor til hans Æra, kvi vert eg endaa dømd ſom ein Syndar?
8 og ſkulo me daa ikkje (ſom me verta aatfunne fyre, og ſom ſume ſegja, at me lære) gjera det Vonde, at det Gode kann koma utav det? Yver ſlike er Domen rettferdig.
9 Kvat ſo? Hava me nokon Fyremun? Nei, ſlett ikkje; for me hava fyrr klagat baade Jødar og Grekarar fyre, at dei ero alleſaman under Synd,
10 ſom ſkrivet er: „Der er ingen Rettferdig, ikkje Ein helder;
11 der er Ingen, ſom er vitug; der er Ingen ſom ſøkjer Gud.
12 Dei er all avvikne; dei ero udugande vortne alle i Hop; der er Ingen, ſom gjerer Godt; der er ikkje ein Einaſte.
13 Ei opnad Grav et Strupen deria; med Tungom ſine ſvika dei; Orme-eiter er under Lepom deria.
14 Munnen deira er ful av Vannſkap og Veiſka.
15 Føterne deira ero ſnare til aa ſpilla Blod.
16 Avøyding og Uſæla er der paa Vegom deira,
17 og ein Fredsveg kjenna dei ikkje.
18 Der er ingen Guds Age fyre Augom deira.“
19 Men me vita, at alt det, ſom Logi ſegjer, det talar ho til deim, ſom ero under Logi, ſo kvar Munn ſkal tagna, og all Verdi verta ſakad fyre Gud,
20 etterdi at inkje Kjøt kann ved Loggjerning verta rettferdiggjort fyre honom; for ved Logi kjem Kanning av Synd.
21 Men no er Guds Rettferd, ſom er umvitnad av Logi og Profetarne, openberrad utan Log,
22 det vil ſegja: Guds Rettferd ved Trui paa Jeſus Kriſtus fyre alle og yver Alle, ſom tru; for der er ingen Skilsmun:
23 for Alle ſyndade og vanta Æra fyre Gud,
24 og dei verta rettferdiggjorde til Givendes, av hans Naade, ved den Atterløysning, ſom er i Kriſto Jeſu,
25 ſom Gud ſette fram i hans Blod ſom ein Naadeſtol ved Trui, til aa ſyna ſi Rettferd, fyredi han hadde Tol med dei Synder, ſom fyrr vart gjorde under Guds Langmod, —
26 til aa ſyna ſi Rettferd i den noverande Tid, at han kunde vera rettferdig og gjera den rettferdig, ſom heve Jeſu Tru.
27 Kvar er ſo vaar Ros? Ho er uteſtengd. Ved kvat Slags Log? ei Log um Gjerningar? Nei, men ved ei Log um Tru.
28 Dermed ſo halda me fyre, at Menneſkja vert rettferdiggjord ved Tru, utan Loggjerningar.
29 Elder er Gud berre Gud fyre Jødar? er han ikkje Gud fyre Heidningar og? Jau, fyre Heidningar og,
30 etterdi det er einGud, ſom vil rettferdiggjera dei Umſkorne av Tru og dei Uumſkorne ved Tru.
31 Avlyſa me daa Logi ved Trui? Langt derifraa; men me ſtadfeſta Logi.

4de Kapitlet.

 Kvat ſkulo me daa ſegja, at Abraham Fader vaar heve vunnet etter Kjøtet?
2 For vart Abraham rettferdiggjord av Gjerningar, ſo heve han Nokot aa roſa ſeg av; men det heve han ikkje fyre Gud.
3 For kvat ſegjer Skrifti? „Men Abraham trudde Gud, og det vart reknat honom til Rettferd.“
4 Men den, ſom fer med Gjerningar, honom vert Løni ikkje tilreknad etter Naade, men etter Skyldnad;
5 men den derimot, ſom ikkje ſer med Gjerningar, men trur paa honom, ſom rettferdiggjerer den Ugudlege, honom vert Trui hans reknad til Rettferd.
6 Likſom og David ſegjer den Menneſkja ſæl, ſom Gud tilreknar Rettferd utan Gjerningar:
7 „Sæle ero dei, ſom deira Misgjerder vart forlatne og deira Synder yverbreidde.
8 Sæl den Mann, ſom Herren ikkje tilreknar Synd!“
9 Gjeld no denne Sælking Umſkjeringi elder Fyrehudi og? for me ſegja daa, at Trui vart Abraham reknad til Rettferd.
10 Korleides vart ho daa tilreknad honom? med Umſkjering elder med Fyrehud? Ikkje med Umſkjering, men med Fyrehud.
11 Og han fekk Umſkjeringteiknet ſom eit Innſigle paa den Rettferd af Trui, ſom han hadde med Fyrehudi, fyredi at han ſkulde vera Fader til alle deim, ſom tru med Fyrehud, at Rettferd ſkulde verta tilreknad deim og,
12 og Fader til dei Umſkorne, ſom ikkje berre hava Umſkjering, men ſom og ganga i Fotfarom av den Tru, ſom Abraham Fader vaar hadde med Fyrehudi.
13 For ikkje ved Logi vart den Lovnaden gjeven Abraham og Ætti hans, at han ſkulde vera Erving til Verdi, men ved Rettferdi av Tru.
14 For derſom dei, ſom hava Logi, ero Ervingar, ſo er Trui gjord gagnlaus og Lovnaden til inkjes;
15 for Logi verkar Vreide; for der ingi Log er, der er helder ingi Motgjerd.
16 Difyre er Arven av Tru, at han kunde vera av Naade, at Lovnaden kunde ſtanda faſt fyre all Ætti, ikke berre fyre den, ſom heve Logi, men og fyre den, ſom heve Abrahams Tru, han ſom er Fader fyre oſs alle
17 (ſom ſkrivet er: „Eg heve ſfett deg til Fader fyre mange Folk“) fyre Guds Aaſyn, ſom han trudde paa, ſom gjerer dei Daude livande og kallar det, ſom ikkje er til, ſom det var til.
18 For han trudde med Von mot Von, at han ſkulde verta Fader til mange Folk, etter det, ſom ſagt var: „So ſkal di Ætt vera;“
19 og daa han ikkje var veik i Trui, ſo ſaag han ikkje paa ſin eigen Likam, ſom alt var utlivd, med di han var fram mot hundrad Aar gamall, og ikkje paa det daude Moderlivet hennar Sara;
20 men paa Guds Lovnad tvilade han ikkje med Vantru, men vart ſterk ved Trui og gav Gud Æra,
21 fullviſs paa, at det han heve lovat, er han og megtug til aa gjera.
22 Difyre vart det og reknat honom til Rettferd.
23 Men ikkje berre fyre hans Skuld vart det ſkrivet, at det vart honom tilreknat,
24 men og fyre vaar Skuld, ſom det ſkal verta tilreknat, naar me tru paa honom, ſom vekte Jeſus vaar Herre upp fraa dei Daude,
25 han ſom vart yvergjeven fyre vaare Misgjerningar og uppvekt fyre vaar Rettferdiggjering.

5te Kapitlet.

 Daa me no ero rettferdiggjorde av Trui, hava me Fred med Gud ved vaar Herre Jeſus Kriſtus,
2 likſom me og ved honom hava i Trui fenget Tilgjenge til denne Naade, ſom me ſtanda i, og me roſa oſs av Von um Guds Herlegdom.
3 Og ikkje berre det; men me roſa oſs og av Trengſlom, daa me vita, at Trengſla verkar Tolmøde,
4 og Tolmødet verkar Røynſla og Røynſla verkar Von,
5 og Voni gjerer ikkje til Skammar, fyredi Guds Kjærleike er uthellt i Hjarto vaare ved den Heilage Ande, ſom er oſs gjeven.
6 For medan me endaa var duglauſe, døydde Kriſtus i den fyreſette Tid fyre Ugudlege;
7 for det vil vandt Nokon døy fyre ein Rettferdig — fyre den Gode torde Ein kann henda koma ſeg til aa døy —;
8 men Gud ſyner ſin Kjærleike til oſs med di, at Kriſtus døydde fyre oſs, medan me endaa var Syndarar.
9 So myket helder ſkulo me daa, no me ero rettferdiggjorde ved hans Blod, verta frelſte ved honom fraa Vreiden.
10 For derſom me, daa me var Fiendar, vart utſonade med Gud ved hans Sons Daude, ſo ſkulo me ſo myket helder no, daa me ero utſonade, verta frelſte ved hans Liv.
11 Og ikkje berre det; men me roſa oſs og av Gud ved vaar Herre Jeſus Kriſtus, ſom me no hava fenget Soningi ved.
12 Difyre, likſom Syndi ved eiMenneſkja kom inn i Verdi, og Dauden ved Syndi, og Dauden ſoleides trengde ſeg igjenom til alle Menneſkjor, av di dei ſyndade alle, —
13 for vel var der Synd i Verdi fyrr Logi; men Syndi vert ikkje tilreknad, der ingi Log er;

14 men endaa valdade Dauden fraa Adam til Moſes ogſo yver deim, ſom ikkje hadde ſyndat i Likning med Adams Misgjerd, han ſom er eit Fyredøme paa den Tilkomande.
15 Det er daa ikkje ſo med Naadegaava ſom med Fallet; for døydde dei Mange ved Fallet av den Eine, ſo er Guds Naade og Naadegaava av den eine Menneſkja Jeſus Kriſtus ſo myket meir vorten ovrik fyre dei Mange.
16 Og ikkje er det med Gaava, ſom det var med Syndi av den Eine; for Domen kom fraa den Eine til Fordøming, men Naadegaava etter mange Fall til Fridøming.
17 For derſom Dauden fyre den eine Manns Fall valdade ved den Eine, ſo ſkulo dei, ſom taka imot den ovrike Naade og Rettferds Gaava, ſo myket meir valda i Livet ved den Eine, Jeſus Kriſtus. —
18 Difyre, likſom einManns Fall vart til Fordøming fyre alle Menneſkjor, ſo vart og einManns rettferdige Gjerning til Livſens Rettferdiggjering fyre alle Menneſkjor.
19 For likſom dei Mange vart Syndarar ved Ulydnaden av den eine Mennſkja, ſo ſkulo og dei Mange verta rettferdige ved Lydnaden av den Eine.
20 Men Logi kom attaat, at Fallet ſkulde verta ſtørre; men der Syndi vart ſtørre, vart Naaden endaa meir ovſtor,
21 fyredi at, likſom Syndi valdade ved Dauden, ſo ſkulde og Naaden valda ved Rettferd til ævelegt Liv ved Jeſus Kriſtus vaar Herre.

6te Kapitlet.

 Kvat ſkulo me daa ſegja? Skulo me halde fram med Syndi, at Naaden kann verta ſtørre?
2 Langt derifraa! Me, ſom ero avdøydde fraa Syndi, kor ſkulo me endaa liva i henne?
3 Elder vita de ikkje, at alle me, ſom vart døypte til Kriſtus Jeſus, me vart døypte til Dauden hans?
4 Me vart ſoleides gravlagde med honom ved Daupen til Dauden hans, fyredi at, likſom Kriſtus vart uppvekt fraa dei Daude ved Faderens Herlegdom, ſo ſkulo og me ferdaſt i ein ny Livnad.
5 For derſom me ero ſamlagade med honom til Likning med Dauden hans, ſo ſkulo me og vera det til Likning med Uppſtoda hans,
6 daa me vita dette, at vaar gamle Mennſkja vart kroſsfeſt med honom, ſo Syndalikamen ſkulde verta til inkjes, ſo me ikkje lenger ſkulo tena Syndi;
7 for den, ſom er daud, er rettferdiggjord fraa Syndi.
8 Men døydde me med Kriſto, ſo tru me, at me og ſkulo liva med honom,
9 av di me vita, at ſidan Kriſtus er uppvekt fraa dei Daude, døyr han ikkje meir; Dauden heve ikkje lenger Vald yver honom.
10 For det, at han døydde, det døydde han ein Gong fyre Syndi; men det, at han liver, det liver han fyre Gud.
11 Soleides ſkulo de og rekna dykker ſom daude fyre Syndi, men livande fyre Gud i Kriſto Jeſu vaar Herre.
12 Difyre ſkal ikkje Syndi valda i dykkar daudelege Likam, ſo de lyda henne i dei likamleges Lyſter.
13 Og give ikkje Limerne dykkar under Syndi til Vaapen fyre Urettferd; men give dykker ſjølve under Gud, ſo ſom upplivnade av daudom, og Limerne dykkar under Gud til Vaapen fyre Rettferd.
14 For Syndi ſkal ikkje valda yver dykker, av di de ero ikkje under Logi, men under Naaden.
15 Kvat ſo? Skulo me ſynda, ſidan me ikkje ero under Logi, men under Naaden? Langt derifraa!
16 Vita de ikkje, at naar de giva dykker under Nokon ſom Tenarar til Lydnad, ſo ero de og Tenarar under den, ſom de lyda, anten det ſo er under Syndi til Daude, elder under Lydnaden til Rettferd?
17 Men Gud vere Takk, at de, ſom var Tenarar under Syndi, ero no av Hjartat vortne lyduge mot den Lærdomsform, ſom de ero yverførde til!
18 Men ſidan de ero frigjorde fraa Syndi, ero de vortne Tenarar under Rettferdi.
19 Eg talar paa Menneſkjevis fyre dykkar Kjøts Veſaldom. For likſom de gav Limerne dykkar til Tenarar under Ureinſka og Urettferdi til Urettferd, ſo ſkulo de no giva Limerne dykkar til Tenarar under Rettferdi til Helging.
20 For daa de var Tenarar under Syndi, va de frie fraa Rettferdi.
21 Kvat Frukt hadde de ſo den Tid? Slike Ting, ſom de no ſkjemmaſt ved; for Endelykten paa deim er Dauden.
22 Men no, de ero frigjorde fraa Syndi og vortne Guds Tenarar, hava de dykkar Frukt til Helging, og Endelykten er ævelegt Liv.
23 For den Løn, ſom Syndi giv, er Dauden, men Guds Naadegaava er ævelegt Liv i Kriſto Jeſu vaar Herre.

7de Kapitlet.

 Elder vita de ikkje, Brøder, (for eg talar til ſlike, ſom kjenna Logi), at Logi heve Vald yver Menneſkja, ſo lenge ho liver?

2 For den gifte Kvinna er bundi ved Logi til Mannen, alt medan han liver; men derſom Mannen døyr, er ho løyſt fraa Logi um Mannen.
3 Difyre ſkal ho kallaſt Horkona, um ho gifteſt med ein annan Mann, medan Mannen hennar liver; men derſom Mannen døyr, er ho fri fraa Logi, ſo ho ikkje ſkal vera Horkona, um ho gifteſt med ein annan Mann.
4 Soleides, mine Brøder, døydde de og fraa Logi med Kriſti Likam, at de ſkulde tilhøyra ein Annan, det er: honom, ſom er uppvekt fraa dei Daude, at me kunde bera Frukt fyre Gud.
5 For daa me var i Kjøtet, verkade dei ſynduge Lyſter, ſom vart vekte ved Logi, i vaare Limer, ſo me bar Frukt fyre Dauden;
6 men no ero me løyſte fraa Logi, daa me ero avdøydde fraa den, ſom me var fangade under, at me ſkulo tena paa eit nytt Lag i Anden, og ikkje paa det gamle Lag i Bokſtaven.
7 Kvat ſkulo med daa ſegja? er Logi Synd? Langt derifraa! Men eg kjende ikkje Syndi utan Logi; for eg kjende ikkje Lyſti, derſom Logi ikkje hadde ſagt: „Du ſkal ikkje lyſta!“
8 Men Syndi tok Tilleiding av Bodordet, og verkade allſkyns Lyſt i meg; for utan Log er Syndi daud.
9 Eg livde eitid utan Log; men daa Bodordet kom, livnade Syndi upp,
10 men eg døydde, og Bodordet, ſom var gjevet til Liv, det røyndeſt med til Daude;
11 for Syndi tok Tilleiding av Bodordet og daarade og drap med ved det.
12 So er daa Logi heilag, og Bodordet heilagt og rettferdigt og godt.
13 Er daa det Gode vortet meg til Daude? Langt derifraa! men Syndi er det, at ho ſkulde ſyna ſeg ſom Synd, av di ho ved det Gode volde meg Daude, at Syndi ſkulde verta ſtorlege ſyndug ved Bodordet.
14 For me vita, at Logi er andeleg, men eg er kjøtleg, ſeld under Syndi.
15 For det, eg gjerer, veit eg ikkje av; for ikkje det, ſom eg vil, gjerer eg; men det, ſom eg hatar, det gjerer eg.
16 Men gjerer eg det, ſom eg ikkje vil, ſo vitnar eg med Logi, at ho er god.
17 Men no gjerer ikkje eg det lenger, men Syndi, ſom bur i meg.
18 For eg veit, at i meg, det er i mit Kjøt, bur inkje Godt; for det aa vilja ſtend i mi Magt, men aa utføra det Gode vinn eg ikkje.
19 For det Gode, ſom eg vil, det gjerer eg ikkje; men det Vonde, ſom eg ikkje vil, det gjerer eg.
20 Men gjerer eg det, ſom eg ikkje vil, ſo gjerer ikkje eg det lenger, men Syndi, ſom bur i meg.
21 So finn eg daa den Log fyre meg, naar eg vil gjera det Gode, at det Vonde ligg meg fyre Handi;
22 for eg er glad i Guds Log etter den indre Menneſkja;
23 men eg ſer ei onnor Log i mine Limer, ſom ſtrider imot Logi i min Hug og fangar meg under Syndalogi, ſom er i mine Limer.
24 Eg arme Menneſkja! kven ſkal frigjera meg fraa denne Daudſens Likam?
25 Eg takkar Gud ved Jeſus Kriſtus vaar Herre! So tener eg daa Guds Log med Hugen, men Syndalogi med Kjøtet.

8de Kapitlet.

 So er der daa ingi Fordøming fyre deim, ſom ero i Kriſto Jeſu, deim ſom ikkje fara etter Kjøtet, men etter Anden;
2 for Logi av Livſens Ande heve i Kriſto Jeſu frigjort meg fraa Logi av Syndi og Dauden.
3 For det, ſom var umoglegt fyre Logi, av di ho var magtlaus ved Kjøtet, det gjorde Gud, daa han ſende Son ſin i ſyndugt Kjøts Likning og fyre Syndi Skuld og fordømde Syndi i Kjøtet,
4 at Logkravet ſkulde verta fullnøgt i oſs, ſom ikkje fara etter Kjøtet, men etter Anden.
5 For dei, ſom ero etter Kjøtet, traa etter det, ſom høyrer Kjøtet til; men dei, ſom ero etter Anden, traa etter det, ſom høyrer Anden til.
6 For Kjøtſens Traadom er Dauden; men Andens Traadom er Liv og Fred,
7 etterdi Kjøtſens Traadom er Fiendſkap imot Gud; for det er ikkje Guds Log lydugt, ja det kann ikkje vera det helder;
8 og dei, ſom ero i Kjøtet, kunna ikkje tekkjaſt af Gud.
9 Men de ero ikkje i Kjøtet, men i Anden, ſo framt Guds Ande bur i dykker; men heve Ein ikkje Kriſti Ande, ſo høyrer han ikkje honom til.
10 Men er Kriſtus i dykker, ſo er vel Likamen daud fyre Syndi, men Anden er Liv fyre Rettferdi.
11 Men derſom Anden hans, ſom vekte Jeſus upp fraa dei Daude, bur i dykker, ſo ſkal han, ſom vekte Kriſtus upp fraa dei Daude, ogſo gjera dykkar daudelege Likamar livande ved Anden ſin, ſom bur i dykker.
12 Difyre, Brøder! ſtanda me ikkje i Skuld til Kjøtet, ſo me ſkulde liva etter Kjøtet;
13 for derſom de liva etter Kjøtet, ſkulo de døy; men derſom de døyda Likamens Gjerningar ved Anden, ſkulo de liva.
14 For ſo Mange, ſom verta drivne av Guds Ande, dei ero Guds Born.
15 For de fekk ikkje ein Tældoms Ande til Ræddhug atter; men de fekk ein Barnakors Ande, og ved honom ropa me: Abba, Fader!
16 Anden ſjølv vitnar med vaar Ande, at me ero Guds Born.
17 Men ero me Born, ſo ero me og Ervingar, det er: Guds Ervingar og Kriſti Medervingar, ſo framt me lida med honom, at me og ſkulo verta herleggjorde med honom.
18 For eg held ſo fyre, at Lidingarne i den noverande Tid ikkje ero vyrdande imot den Æra, ſom ſkal openberraſt paa oſs.
19 For Skapninger ſtundar med Lengting etter Openberringi av Guds Born;
20 for Skapningen er lagd under Veſaldomen, ikkje godviljug, men etter Viljer hans, ſom lagde honom derunder,
21 i Von um, at Skapningen og ſkal verta frigjord fraa Trældomen under Tunſla til Fridomen i Æra med Guds Born.
22 For me vita, at all Skapningen ſukkar ſaman og verkjer ſaman alt til deſa;
23 ja ikkje berre det, men me og, ſom hava Fyrſtegrøda av Anden, jamvel me ſukka med oſs sjølve, medan me ſtunda etter Barnakoret, vaar Likams Utløysning.
24 For i Voni vart me frelſte; men ei Von; for kvi ſkulde Ein vona det, ſom han ſer?
25 Men derſom me vona det, me ikkje ſjaa, ſo ſtunda me deretter med Tolmøde.
26 Men ſameleides kjem og Anden vaar Vanmagt til Hjelp; for me vita ikkje, kvat me ſkulo beda um, ſo ſom det turvteſt; men Anden ſjølv gjeng i Bøn fyre oſs med uſegjelege Sukkar;
27 men han, ſom ranſakar Hjarto, veit kvat Anden meiner; for etter Guds Vilje gjeng han i Bøn fyre dei Heilage.
28 Men me vita, at alle Ting lagaſt deim til Gode, ſom elſka Gud, deim ſom etter hans Raadgjerd ero kallade.
29 For deim, ſom han fyreaat kjende, deim forade han og fyreaat til aa verta tilſkapade etter hans Sons Bilæte, at han ſkulde vera den fyrſtefødde millom mange Brøder;
30 men deim, han fyreaat korade, deim kallade han og; og deim, han kallade, deim rettferdiggjorde han og; og deim, han rettferdiggjorde, deim herleggjorde han og.
31 Kvat ſkulo me daa ſegja til dette? Er Gud med oſs, kven er daa imot oſs?
32 Han, ſom ikkje ſparde ſin eigen Son, men gav honom fyre oſs alle, kor ſkulde han ikkje og giva oſs alle Ting med honom?
33 Kven vil klaga Guds Utvalde? Gud er den, ſom rettferdiggjerer.
34 Kven er den, ſom fordømer? Kriſtus er den, ſom fordømer? Kriſtus er den, ſom er daud, ja endaa meir, ſom og er uppvekt, ſom og er ved Guds høgre Hand, ſom og gjeng i Bøn fyre oſs.
35 Kven ſkal ſkilja oſs fraa Kriſti Kjærleike? Trykk elder Trengſla elder Forfylging elder Hunger elder Klædeløyſa elder Faare elder Sverd?
36 ſom ſkrivet er: „Fyre di Skuld verta me drepne all Dagen; me vart reknade ſom Slagteſauder.“
37 Men i alt dette ſigra me ſtorom ved honom, ſom elſkade oſs.
38 For eg er viſs paa, at korkje Daude elder Liv, korkje Englar elder Herrevelde elder Magter, korkje det Noverande elder de Tilkomande,
39 korkje Høgs elder Dypt elder nokon annan Skapning ſkal kunna ſkilja oſs fraa Guds Kjærleike i Kriſto Jeſu, vaar Herre.

9de Kapitlet.

 Eg ſegjer Sanning i Kriſto, eg lyg ikkje, daa mitt Samvit vitnar med meg i den Heilage Ande,
2 at eg heve ei ſtor Sorg og ein ſtendig Verk i mitt Hjarta.
3 For eg vilde ynſkja, at eg ſjølv var bannſtøytt fraa Kriſto fyre Brøderne mine, Skyldingarne mine etter Kjøtet,
4 dei, ſom ero Israelitar, ſom hava Barnakoret og Herlegdomen og Pakterna og Loggivningi og Gudsteneſta og Lovnadarne,
5 ſom hava Federne, og ſom Kriſtus er ættad fraa etter Kjøtet, han ſom er Gud yver alle Ting, velſignad i all Æva, Amen!
6 Det er daa ikkje ſo, at Guds Ord ſkulde hava misfallet; for ikkje alle dei ero Israel ſom ero ættade fraa Israel;
7 og ikkje ero Alle Abrahams Born, fyredi um dei ero hans Ætt; men det er ſkrivet: „I Iſak ſkal verta kallad deg Ætt;“
8 det er: ikkje Borni etter Kjøtet ero Guds Born; men Borni etter Lovnaden verta reknade honom til Ætt.
9 For dette er eit Lovnadsord: „Ved denne Tid vil eg koma, og daa ſkal Sara hava ein Son.“
10 Men ikkje berre det; men og til Rebekka vart ſlikt ſagt, daa ho var med Barn ved Ein, det er Iſak, Fader vaar.
11 For daa dei endaa var ufødde og ikkje hadde gjort nokot Godt elder Vondt (fyredi at Guds Naadgjerd etter Utval ſkulde ſtanda ved Lag, ikkje ved Gjerningar, men ved honom, ſom kallade),
12 daa vart det ſagt til henne: „den Eldſte ſkal tena den Yngſte;“
13 likſom det er ſkrivet: „Jakob elſkade eg, men Eſau hatade eg.“
14 Kvat ſkulo me daa ſegja? Maa tru der daa er Urettferd hjaa Gud? Langt derifraa!
15 For han ſegjer til Moſes: „Eg vil miskunna den, ſom er miskunnar, og vaarkunna, ſom eg vaarkunnar.“
16 So ſtend det daa ikkje til den, ſom vil, og helder ikkje til den, ſom renner, men til Gud, ſom gjerer Miskunn.
17 For Skrifti ſegjer til Farao: „Juſt dertil reiſte eg deg upp, at eg kunde ſyna mi Magt paa deg, og at mitt Namn kunde verta kunngjort yver all Jordi.“
18 So miskunnar han daa den, han vil, og forherder den, han vil.
19 Du vil daa ſegja til meg: Kvi læt han endaa illa? Kven ſtend daa Viljen hans imot?
20 Men kven er daa du Menneſkja, ſom andordaſt med Gud? Vil daa Verket ſegja til Verkaren: Kvi gjorde du meg ſo?
21 Elder heve Krusmakaren ikkje Vald yver Leiret, ſo han av ſame Deigi kann gjera det eine Kjerald til Æra, det andre til Vanæra?
22 Men enn um no Gud, daa han vilde ſyna ſin Vreide og kunngjera ſi Magt, endaa med ſtort Langmod tolde dei Breidekjerald, ſom var lagade til Fortjoning.
23 at han og kunde kunngjera ſin rike Herlegdom paa dei Miskunnkjerald, ſom han fyrr hadde lagat til Herlegdom?
24 og til ſlike kallade han og oſs, ikkje berre av Jødar, men og av Heidningar;
25 ſom han og ſegjer hjaa Hoſeas: „Eg vil kalla det mitt Folk, ſom ikkje var mitt Folk, og henne den Elſkade, ſom ikkje var elſkad;
26 og det ſkal henda paa den Staden, der det var ſagt til deim: de ero ikkje mitt Folk, der ſkulo dei verta kallade den livande Guds Born.“
27 Og Eſaias ropar ut yver Israel: „Um Talet paa Israels Born er ſom Havſens Sand, ſo ſkal daa berre Leivninger verta frelſt;
28 for ſitt Ord fullfører han og gjerer det ſnøgt av i Rettferd; for eit ſnøgt avgjort Ord ſkal Herren utføra paa Jordi.“
29 Og ſom Eſaias fyrr heve ſagt: „Hadde ikkje Herren Sebaot leivt oſs eit Sæde, ſo var me vortne ſom Sodoma og vortne like med Gomorra.“
30 Kvat ſkulo me daa ſegja? At Heidningarne, ſom ikkje ſøkte Rettferd, dei vann Rettferd, men Rettferdi av Tru;
31 men Israel derimot, ſom ſøkte Rettferds Log, dei vann ikkje fram til Rettferds Log.
32 Kvifyre ſo? Fyredi dei ikkje ſøkte henne ved Tru, men ſo ſom ved Loggjerningar; for dei ſtøytte ſeg paa Støyteſteinen;
33 ſom ſkrivet er: „Sjaa, eg ſet i Sion ein Stein til Støyt og eit Berg til Avſtygging, og kvar den, ſom trur paa honom, ſkal ikkje verta til Skammar.“

10de Kapitlet.

 Brøder! Mitt Hjartans Ynſkje og mi Bøn til Gud er fyre Israel um Frelſa.
2 For eg giv deim det Vitnesmaal, at dei hava Ihuge fyre Gud, men ikkje med Skynſemd.
3 for daa dei ikkje kjende Guds Rettferd, men ſtrævade etter aa grunna ſi eigi Rettferd, ſo gav dei ſeg ikkje under Guds Rettferd.
4 For Kriſtus er Endemaalet fyre Logi til Rettferd fyre kvar den, ſom trur.
5 For Moſes ſkriv um den Rettferd, ſom er av Logi: „Den Menneſkja, ſom gjerer desſe Ting, ſkal liva ved deim.“
6 Men den Rettferd, ſom er av Tru, ſegjer ſo: „Seg ikkje i ditt Hjarta: kven ſkal fara upp til Himmels?“ (det er: til aa føra Kriſtus ned);
7 „elder: kven ſkal fara ned i Avgrunnen?“ (det er: til aa føra Kriſtus upp fraa dei Daude).
8 Men kvat ſegjer ho? „Ordet er deg nær, i din Munn og i ditt Hjarta;“ det er Ordet um Tru, ſom me forkynna.
9 For derſom du vedkjenneſt Herren Jeſus med din Munn og trur i ditt Hjarta, at Gud vekte honom upp fraa dei Daude, ſo ſkal du verta frelſtt;
10 for med Hjartat trur Ein til Rettferd, og med Munnen vedkjenneſt Ein til Frelſa.
11 For Skrifti ſegjer: „Kvar den, ſom trur paa honom, ſkal ikkje verta til Skammar;“
12 for der er ingen Skilsmun paa Jøde og Grekar; for Alle hava den ſame Herre, ſom er rik nog fyre Alle, ſom paakalla honom.
13 „For kvar den, ſom paakallar Herrens Namn, ſkal verta frelſt.“
14 Kor ſkulo dei daa paakalla den, ſom dei ikkje hava trutt paa? og kor ſkulo dei tru paa den, dei ikkje hava høyrt um? og kor ſkulo dei høyra utan der er Nokon, ſom forkynner?
15 og kor ſkulo dei forkynna, utan dei verta utſende? ſom ſkrivet er: „Kor fagre Føterne deira ero, ſom forkynna Fred, ſom bera godt Bod!“
16 Men ikkje alle lydde det gode Bodet; for Eſaias ſegjer: „Herre, kven trudde Bodſkapen vaar?“
17 So kjem daa Trui av Høyringi, men Høyringi ved Guds Ord.
18 Men eg ſegjer: Hava dei daa ikkje høyrt det? Jau til Visſa: „Røyſti deira gjekk ut yver all Jordi, og Ordi deira til Heimſens Endar.“
19 Men eg ſegjer: Var Israel daa uvitande um det? Fyrſt ſegjer Moſes: „Eg vil gjera dykker aabrydne paa det, ſom ikkje er Folk; paa eit uvitugt Folk vil eg gjera dykker harme.“
20 Og Eſaias vaagar ſeg til aa ſegja: „Eg vart funnen av deim, ſom ikkje ſøkte meg; eg ſynte meg fyre deim, ſom ikkje ſpurde etter meg.“
21 Men um Israel ſegjer han: „Eg rette all Dagen mine Hender ut til eit ulydugt og gjenordigt Folk.“

11te Kapitlet.

 Eg ſegjer difyre: Heve Gud daa utſkotet ſitt Folk? Langt derifraa! for eg er og ein Israelit, av Abrahams Ætt, av Benjamins Ættgrein.
2 Gud heve ikkje utſkotet ſitt Folk, ſom han fyreaat kjende. Elder vita de ikkje, kvat Skrifti ſegjer um Elias? korleides han ſtig fram fyre Gud imot Israel, ſegjande:
3 „Herre! Profetarne dine drap dei, og Altari dine reiv dei ned, og eg vart aaleine atter, og dei ſtanda meg etter Livet.“
4 Men kvat ſegjer det guddomlege Svar til honom? „Eg leivde meg ſjau Tuſund Mann, ſom ikkje bøygde Kne fyre Ba’al.“
5 Soleides er daa og i denne Tid ein Leivning etter Naadens Utval vorten atter.
6 Men er det av Naade, ſo er det ikkje lenger av Gjerningar: elles vert Naaden ikkje lenger Naade; og er det av Gjerningar, ſo er det ikkje lenger Naade: elles er Gjerningi ikkje lenger Gjerning.
7 Kvat ſo? Det Israel traattar etter, heve det ikkje naatt; men dei Utvalde hava naatt det; dei Andre ero forherde;
8 ſom ſkrivet er: „Gud gav deim ein Dauvſkaps Ande, Augo, ſom ikkje ſjaa, og Øyro ſom ikkje høyra, til den Dag i Dag.“
9 Og David ſegjer: „Lat Bordet deira verta deim til ei Snara og ei Gildra og ei Fella og ei Attergjeld!
10 Lat Augo deira formyrkjaſt, ſo dei ikkje ſjaa, og bøyg alltid Ryggen deira!“
11 Eg ſegjer difyre: Snaavade dei daa dertil, at dei ſkulde falla? Langt derifraa! men ved deira Fall er Frelſa komi til Heidningarne, at desſe ſkulde vekkja deim til Kapphug.
12 Men derſom deira Fall er Rikdom fyre Verdi, og deira Fraagang Rikdom fyre Heidningarne, kor myket meir ſkal daa deira Fullnad vera det?
13 For til dykker, Heidningar, talar eg. Med di eg er Heidningapoſtel, heidrar eg mitt Embætte,
14 um eg daa kunde vekkja mi Ætt til Kapphug og frelſa nokre av deim.
15 For derſom deira Burtkaſting er Soning fyre Verdi, kvat annat er daa deira Mottaking enn Liv av Daude?
16 Men er Fyrſtegrøda heilag, ſo er Deigi det og, og er Roti heilag, ſo ero Greinerna det og.
17 Men um no ſume av Greinom ero avbrotne, og du, ſom var ein vill Oljekviſt, vart innſett imillom deim og vart luthavande i Roti og Feita paa Oljetreet,
18 ſo roſa deg ikkje imot Greinerna; men um du roſar deg, ſo er det daa ikkje du, ſom ber Roti, men det er Roti, ſom ber deg.
19 Du vil daa ſegja: „Greinerna vart avbrotne fyre di, at eg ſkulde verta innſett.“
20 Ja vel nog! Ved Vantru vart dei avbrotne, men du ſtend ved Tru; høgmodaſt ikkje, men ottaſt!
21 For derſom Gud ikkje ſparde dei naturlege Greinerna, ſo vil han visſt ikkje ſpara deg helder.
22 Sjaa daa Guds Godleike og Strengleike: Strengleiken imot deim, ſom ero fallne, men Godleiken imot deg, ſo framt du held faſt paa Godleiken; elles ſkal du og verta avhoggen.
23 Men hine ſkulo og verta innſette, derſom dei ikkje halda fram i Vantrui; for Gud er megtug til aa innſetja deim atter.
24 For derſom du vart avhoggen av det naturlege ville Oljetre og imot Naturi innſett i eit godt Oljetre, kor myket helder ſkulo daa dei, ſom av Naturi var Greiner, verta innſette i ſitt eiget Oljetre!
25 For eg vil ikkje, Brøder! at de ſkulo vera uvitande um denne Løyndomen (ſo de ikkje ſkulo tykkjaſt dykker ſjølv kloke): at Forherding til Deils er komi yver Israel, til deſs at Fullnaden av Heidningom er komen inn,
26 og ſo ſkal heile Israel verta frelſt; ſom ſkrivet er: „Fraa Sion ſkal Frelſaren koma og rydja Gudsløyſa burt fraa Jakob;
27 og dette er mi Pakt med deim, naar eg tek deira Synder burt.“
28 Etter Evangeliet ero dei vel Fiendar fyre dykkar Skuld; men etter Utvalet ero dei elſkade fyre Federne Skuld;
29 for Naadegaavorna og Kallet angrar Gud ikkje.
30 For likſom de fyrr var ulyduge imot Gud, men no hava fenget Miskunn ved deira Ulydnad,
31 ſo ero dei og no vortne ulyduge dertil, at dei og ſkulo ſaa Miskunn ved den Miskunn, ſom er dykker gjevi;
32 for Gud heve yvergjevet deim alle til Ulydnad, at han kunde miskunna deim alle.
33 Aa det Djup av Rikdom og Visdom og Kunnſkap i Gud! kor uranſakelege hans Domar ero, og kor urekkjande hans Vegar!
34 For kven kjende Herrens Hug, elder kven var Naadgivaren hans?
35 Elder kven gav honom nokot fyreaat, ſo det maatte verta honom vederlagt?
36 For av honom og ved honom og til honom ero alle Ting. Honom vere Æra i all Æva! Amen.

12de Kapitlet.

 So aaminner eg dykker, Brøder, ved Guds Miskunn, um aa framføra dykkar Likamar til eit Offer, ſom er livande, heilagt og huglegt fyre Gud, — dette er dykkar andelege Gudsteneſta;
2 og lage dykker ikkje likt med denne Verdi, men umlageſt ved Nyſkaping av Hugen dykkar, ſo de kunna prøva, kvat ſom er Guds Vilje: det Gode, Huglege og Fullkomne.
3 For ved den Naade, ſom er meg gjeven, ſegjer eg til kvar og ein millom dykker, at han ikkje ſkal tenkja høgre um ſeg, enn han byr tenkja, men tenkja ſo, at han er bljugtenkt, etter ſo ſom Gud heve tiletlat kvar ſitt Maat av Tru.
4 For likſom me hava mange Limer paa ein Likam, men ikkje alle Limerne hava den ſame Gjerning,
5 ſoleides ero me Mange ein Likam i Kriſto, men kvar fyre ſeg ero me kvarannans Limer.
6 Og saa me hava ymſe Naadegaavor alt etter den Naade, ſom er oſs gjeven, ſo lat oſs, um me hava Profetgaava, bruka henne i Samhøve med vaar Tru;
7 elder um me hava ei Teneſta, ſo lat oſs taka Vare paa Teneſta; elder um Ein er Lærar, paa Lærdomen;
8 elder um Ein er Fyreteljar, paa Fyretola; den, ſom etlar ut, gjere det i god Tru; den, ſom er Fyreſtandar, vere det med Umhug; den, ſom er Fyreſtandar, vere det med Umhug; den, ſom gjerer Miskunn, gjere det med Blidlæte!
9 Kjærleiken vere utan Fals, ſtyggjeſt ved det Vonde, halde faſt ved det Gode!
10 Vere venelſkne med kvarandre i Broderkjærleike; kvar ſøkje aa vera fremſt i Vyrdnad fyre kvarandre!
11 Vere ikkje kjølne i dykkar Ihuge, vere brennande i Anden, tene Herren!
12 Vere glade i Voni, toluge i Trengſla, trottuge i Bøni!
13 Syne Samhug med dei Heilage i deira Trong; vere gjerna gjeſtmlide!
14 Velſigne deim, ſom forfylgja dykker; velſigne og banne ikkje!
15 Gledje dykker med dei Glade, og graate med dei Graatande!
16 Vere ſamlynde med kvarandre; traa ikkje etter det Høge, men halde dykker gjerna til det Laage; verte ikkje ſjølvkloke!
17 Give ikkje Nokon Vondt fyre Vondt; leggje Vinn paa Godt fyre alle Manns Aaſyn!
18 So framt det er moglegt, ſo halde Fred med alle Menneſkjor, der ſom det ſtend til dykker!
19 Hemne dykker ikkje ſjølve, mine Elſkade! men give Vreiden Umrøme; for det er ſkrivet: „Hemnen høyrer meg til; eg vil gjera Heimgjeld, ſegjer Herren.“
20 Derſom daa Fienden din hungrar ſo giv honom aa eta; derſom han tyrſter, ſo giv honom aa drikka; for naar du gjerer det, hopar du gloande Kol paa Hovudet hans.
21 Lat ikkje det Vonde yvervinna deg; men yvervinn det Vonde med det Gode!

13de Kapitlet.

 Kvar Menneſkja vere dei fyreſette Styremagter lydug! for der er ikkje Styremagt utan av Gud; men dei Styremagter, ſom ero, dei ero ſkipade av Gud;
2 ſo at den, ſom ſet ſeg imot Styremagti, han ſtend Guds Skipnad imot; men dei, ſom ſtanda imot, ſkulo faa ſin Dom.
3 For dei Styrande ero ikkje til Rædſla fyre gode Gjerningar, men fyre vonde. Vil du daa ikkje ræddaſt fyre Styremagti, ſo gjer det Gode, og du ſkal hava Ros av henne;
4 for ho er Guds Tenar, deg til Gode. Men gjerer du det Vonde, ſo ræddaſt! for ho ber ikkje Sverdet fyre inkje; for ho er Guds Tenar, ein Hemnar til Vreide yver den, ſom gjerer det Vonde.
5 Difyre er det naudſynlegt aa vera lydug, ikkje berre fyre Vreidens Skuld, men og fyre Samvitet.
6 Difyre leggja de daa og Skatt; for dei ero Guds Tenarar, ſom juſt taka Vare paa dette.
7 Give daa Alle det, de ero deim ſkulduge: den Skatt, ſom Skatt ſkal hava, den Toll, ſom Toll ſkal hava, den Age, ſom Age ſkal hava, den Æra, ſom Æra ſkal hava.
8 Verte Ingen nokot ſkulduge, utan det aa elſka kvarandre; for den, ſom elſkar den Andre, heve uppfyllt Logi.
9 For det Ord: Du ſkal ikkje driva Hor, du ſkal ikkje ſlaa i Hel, du ſkal ikkje ſtela, du ſkal ikkje bera falſkt Vitne, du ſkal ikkje lyſta, og um der er nokot annat Bodord, det vert atter ſamanteket til eitt i dette Ord: du ſkal elſka Næſten din ſom deg ſjølv.
10 Kjærleiken gjerer Næſten inkje Vondt; difyre er Kjærleiken Uppfylling av Logi.
11 Og dette gjeld det um no, daa me kjenna Tidi, at Timen er komen, daa me ſkulo vakna upp or Svevne; for Frelſa er oſs nærre no, enn daa me tok ved Trui.
12 Det lid med Natti, og det ſtundar til Dag; lat oſs daa leggja Verki fraa Myrkret av og taka Vaapen fyre Ljoſet paa!
13 Lat oſs ferdaſt ſømelege ſom um Dagen, ikkje i Svir og Drykk, ikkje i Lauslivnad og Utugt, ikkje i Kiv og Ovund.
14 Men iklæde dykker Herren Jeſus Kriſtus, og gjere dykker ikkje Umſut fyre Kjøtet til aa vekkja Lyſter!

14de Kapitlet.

 Men take vel ved den, ſom er veik i Trui, utan aa døma Tankarne hans!
2 Den Eine heve Tru til aa eta alle Slag; men den Veike et berre Urter.
3 Den, ſom et, mismæte ikkje den; ſom ikkje et; og den, ſom ikkje et, døme ikkje den, ſom et; for Gud heve vedteket honom.
4 Kven er du, ſom dømer ein framand Dreng? Han ſtend elder fell fyre ſin eigen Herre; men han ſkal verta ſtandande; for Gud er megtug til aa halda honom uppe.
5 Den Eine held ein Dag hæv framfyre ein annan; den Andre held alle Dagar like; kvar vere fullviſs i ſin eigen Hug!

6 Den, ſom mæter Dagen, gjerer det fyre Herren; og den ſom ikkje mæter Dagen, gjerer det fyre Herren. Den, ſom et, gjerer det fyre Herren, for han takkar Gud; og den, ſom ikkje et, gjerer det fyre Herren og takkar Gud.
7 For Ingen av oſs liver fyre ſeg ſjølv, og Ingen døyr fyre ſeg ſjølv;
8 for um me liva, ſo liva me fyre Herren, og um me døy, ſo døy me fyre Herren; ſo anten me liva elder dø, høyra me Herren til.
9 For dertil døydde Kriſtus og ſtod upp og vart livande atter, at han ſkulde vera Herre baade yver Daude og Livande.
10 Men du, kvi dømer du Broder din? elder du, kvi mismæter du Broder din? for me ſkulo alle verta framførde fyre Kriſti Domſtol.
11 For det er ſkrivet: „So ſannt ſom eg liver, ſegjer Herren, ſo ſkal kvart Kne bøygjaſt fyre meg, og kvar Tunga ſkal lova Gud.“
12 So ſkal daa kvar og ein av oſs gjera Gud Rekneſkap fyre ſeg ſjølv.
13 Difyre, lat oſs ikkje lenger døma kvarandre, men døme helder ſo, at de ikkje maa leggja Støyt elder Avſtygging fyre Broder dykkar!
14 Eg veit og er viſs paa det i Herren Jeſus, at ingen Ting er urein i ſeg ſjølv; men fyre den; ſom held Nokot fyre ureint, fyre honom er det ureint.
15 Men derſom Broder din vert harmad ved din Mat, ſo fer du ikkje lenger fram i Kjærleike. Fortjona ikkje ved din Mat den; ſom Kriſtus er daud fyre!
16 Lat daa ikkje Eignaluten dykkar verta ſpottad!
17 For Guds Rike er ikkje Eting og Drikking, men Rettferd, Fred og Gleda i den Heilage Ande.
18 For den, ſom tener Kriſtus deri, han er vellikad av Gud og godkjend av Menneſkjom.
19 Lat oſs difyre traa etter det, ſom tener til Fred og Uppbygging innbyrdes!
20 Riv ikkje Guds Verk ned fyre Mats Skuld! Alt er vel reint, men det er vondt fyre den Menneſkja, ſom et med Samvitsſtøyt.
21 Det er godt aa ikkje eta Kjøt elder drikka Vin elder gjera Nokot; ſom Broder din ſtøyteſt elder ſtyggjeſt elder vanſtyrkjeſt ved.
22 Du heve Tru; hav henne hjaa deg ſjølv fyre Gud! Sæl er den, om ikkje dømer ſeg ſjølv i det, ſom han finn fyre godt.
23 Men den Tvilande — derſom han et, ſo er han fordømd, fyredi det ikkje er gjort av Tru; men Alt, ſom ikkje er av Tru, det er Synd.

15de Kapitlet.

 Men me, ſom ero ſterke, me ero ſkulduge til aa bera Vanſtyrken hjaa dei Veike og ikkje vera oſs ſjølve til Hugnad.
2 Kvar av oſs vere Næſten til Hugnad til det Gode, til Uppbygging!
3 For Kriſtus livde helder ikkje ſeg ſjølv til Hugnad, men ſom ſkrivet er: „Hædningarne deira, ſom hæda deg, dei fall paa meg.“
4 For Alt, ſom fyrr er ſkrivet, det er ſkrivet oſs til Lærdom, at me ſkulo hava Von ved det Tolmøde og den Trøyſt, ſom Skrifterna giva.
5 Men den Gud, ſom giv Tolmødet og Trøyſti, han give, at de maa vera ſamlynde med kvarandre etter Kriſti Jeſu Vilje,
6 ſo de ſamheldige, med ein Munn, kunna priſa Gud og vaar Herre Jeſu Kriſti Fader!
7 Difyre, take ved Kvarandre, likſom og Kriſtus tok ved oſs til Guds Æra.
8 Men eg ſegjer, at Jeſus Kriſtus er vorten ein Tenar fyre dei Umſkorne, fyre Guds Sannleike, til aa ſtadfeſta Lovnadarne til Federne;
9 men at Heidningarne ſkulo priſa Gud fyre Miskunn, ſom ſkrivet er: „Difyre vil eg priſa deg millom Heidningar og lovſyngja ditt Namn.“
10 Og atter ſegjer Skrifti: „Fagne dykker, Heidningar, ſaman med hans Folk!“
11 Og atter: „Love Herren, alle Heidningar! og priſe honom, alle Folk!“
12 Og atter ſegjer Eſaias: „Det ſkal vera Roti av Iſai og han, ſom reiſer ſeg til aa raada yver Heidningom; paa honom ſkulo Heidningarne vona.“
13 Men den Gud, ſom giv Von, han fylle dykker med all Gleda og Fred i Trui, at de kunna vera rike paa Von ved Krafti av den Heilage Ande!
14 Men eg er og ſjølv fullvisſad um dykker, mine Brøder! at de og ero fulle av Godleike, fyllte med all Kunnſkap, og føre ogſo til aa aaminna kvarandre.
15 Men endaa heve eg til Deils ſkrivet nokot djervt til dykker, Brøder! med di eg atte vilde aaminna dykker, etter den Naade, ſom er meg gjeven av Gud,
16 at eg ſkal vera Jeſu Kriſti Altartenar fyre Hedningarne og embætta ſom Preſt med Guds Evangelium, at Ofret av Heidningom maa verta vellikat, helgat ved den Heilage Ande.
17 Difyre heve eg Ros i Kriſto Jeſu i det, ſom høyrer Gud til.
18 For eg vil ikkje vaaga meg til aa tala um Annat enn det, ſom Kriſtus heve verkat ved meg til aa føra Heidningarne til Lydnad, ved Ord og Gjerning,
19 ved Krafti av Teikn og Under, ved Krafti av Guds Ande, ſo eg fraa Jeruſalem og rundt ikring alt til Illyria heve fullt kunngjort Kriſti Evangelium,
20 men daa ſoleides, at eg ſette mi Æra i aa forkynna Evangeliet, ikkje der ſom Kriſtus alt var nemnd, at eg ikkje ſkulde byggja paa framand Grunnvoll,
21 men, ſom ſkrivet er: „Dei, ſom inkje er kunngjort um honom, ſkulo ſjaa, og dei ſom ikkje hava høyrt, ſkulo ſkyna.“
22 Dermed er eg og jamnaſte vorten hindrad fraa aa koma til dykker.
23 Men no, daa eg ikkje lenger heve Rom i desſe Landslag, men i mange Aar heve lengtat etter aa koma til dykker,
24 no vil eg, naar eg fer til Spania, koma til dykker; for eg vonar aa ſjaa dykker paa Gjenomferdi og faa Fylgjeſkap av dykker dit, naar eg fyrſt i nokon Mun heve fenget mitt Nøgje av dykker.
25 Men no fer eg til Jeruſalem i ei Ærend fyre dei Heilage.
26 For Makedonia og Akaja hava funnet fyre godt aa gjera eit Samanſkot til dei Fatige millom dei Heilage i Jeruſalem.
27 Dei hava funnet ſo fyre godt, og dei ero og deira Skuldmenner; for naat Heidningarne hava fenget Lut i deira andelege gode Ting, ſo ero dei og ſkulduge til aa tena deim med dei timelege.
28 Naar eg daa heve fullført dette og trygt fenget denne Frukt i deira Hender, ſo vil eg fara derfraa gjenom dykkar Land til Spania.
29 Men eg veit, at naar eg kjem til dykker, ſo vil eg koma med ei Fylla med Velſigning av Kriſti Evangelium.
30 Men eg aaminner dykker, Brøder, ved vaar Herre Jeſus Kriſtus og ved Andens Kjærleike, um aa ſtrida med meg i Bøner fyre meg til Gud,
31 at eg maa ganga fri fyre dei Vantruande i Judæa og mi Ærend til Jeruſalem verta dei Heilage til Hugnad,
32 ſo eg kann koma til dykker meg Gleda, um Gud ſo vil, og kvikaſt up i Samvære med dykker.
33 Men den Gud, ſom giv Freden, vere med dykker alle! Amen.

16de Kapitlet.

 Men eg bed um dykkar Godvilje fyre Føde, Syſter vaar, ſom er Teneſtekvinna fyre Kyrkjelyden i Kenkrea,
2 at de maa taka vel ved henne i Herren, ſom det ſømer dei Heilage, og ſtydja henne med Alt, ſom ho treng til av dykker; for ho heve og voret til Studnad fyre Mange, og fyre meg ſjølv med.
3 Helſe Priſkilla og Akvilas, mine Medverkarar i Kriſto Jeſu,
4 ſom hava vaagat ſitt eiget Liv fyre mitt, — ſom ikkje berre eg takkar, men og alle Kyrkjelydar av Heidningom;
5 og helſe Kyrkjelyden i deira Hus. Helſe Epænetus, min Elſkade, ſom er Fyrſtegrøda av Akaja fyre Kriſtus.
6 Helſe Maria, ſom heve arbeidt myket fyre oſs.
7 Helſe Andronikus og Junias, mine Skyldfolk og Medfangar, ſom ero namngjetne millom Apoſtlom, ſom og fyrr meg ero komne til Kriſtus.
8 Helſe Amplias, min Elſkade i Herren.
9 Helſe Urbanus, vaar Medverkar i Kriſto, og Stakys, min Elſkade.
10 Helſe Apelles, den Velrøynde i Kriſto. Helſe deim, ſom høyra til Ariſtobulus’ Hus.
11 Helſe Herodion, Skyldingen min. Helſe deim, av Narkisſus’ Hus, ſom ero i Herren.
12 Helſe Tryfæna og Tryfoſa, ſom hava arbeidt i Herren. Helſe Perſis, den Elſkade, ſom heve arbeidt myket i Herren.
13 Helſe Rufus, den Utvalde i Herren, og hans og mi Moder.
14 Helſe Aſynkritus, Flegon, Hermas, Patrobas, Hermes og Brøderne hjaa deim.
15 Helſe Filologus og Julia, Nereus og Syſter hans og Olympas og alle dei Heilage hjaa deim.
16 Helſe kvarandre med ein heilag Kyſs. Kriſti Kyrkjelydar helſa dykker.
17 Men eg aaminner dykker, Brøder, um aa gjæta paa deim, ſom valda Tvidrætte og Avſtyggingar imot den Lærdomen, ſom de hava lært, og halde dykker fraa deim!
18 For ſlike tena ikkje vaar Herre Jeſus Kriſtus, men ſin eigen Buk, og med ſmjugande Ord og ſmeikjande Tale daara dei Hjarto paa dei Godtrugne.
19 For Ordet um dykkar Lydna er komet utyver til Alle; difyre gled eg meg yver dykker; men eg ynſkjer, at de ſkulo vera viſe til det Gode, men reine fyre det Vonde.
20 Men den Gud, ſom giv Freden, ſkal braadt knyſja Satan under Føterne dykkar. Vaar Herre Jeſu Kriſti Naade vere med dykker! Amen.
21 Tomotheus, Medverkaren min, og Lukius og Jaſon og Soſipatros, Skyldingarne mine, helſa dykker.
22 Eg Tertius, ſom ſkriv Brevet, helſar dykker i Herren.
23 Gajus, ſom er Vert fyre meg og heile Kyrkjelyden, helſar dykker. Eraſtus, Rekneſkpsføraren i Byen, helſar dykker, og Broderen Kvartus.
24 Vaar Herre Jeſu Kriſti Naade vere med dykker alle! Amen.
25 Men honom, ſom er megtug til aa styrkja dykker etter mitt Evangelium og Forkynningi um Jeſus Kriſtus, etter Openberringi av den Løyndomen, ſom heve voret duld fraa ævelege Tider,
26 men no er komen til Synes og ved profetiſke Skrifter, etter den ævelege Guds Bod, kunngjord fyre alle Heidningar til aa verka Lydnad mot Trui,
27 honom den eien viſe Gud, ved Jeſus Kriſtus, vere Æra i all Æva! Amen.