Den burtkomne Messias/IV

Fra Wikikilden
H. Aschehoug & Co. (W. Nygaard) (s. 17-22).
◄  III
V  ►
(Svar paa eit St. av Chr. Bruun i For Kirke og Kultur Novbr. 1906.)
U
m den siste Boki mi hev Novemberhefte av For Kirke og Kultur ei roleg og sakleg Avdøming, som eg hev Chr. Bruun aa takke fyri. —

— Bruun finn, som andre fyrr hev funni, at „Jesus Messias“ ikkje er lett skrivi. Dette maa eg segja at eg helst er glad fyri. Hadde Boki vori serskilt lett, so hadde Teologane sagt um meg som dei sagde um sjølve den lærde Renan: han er Romanskrivar. Eg hev lagt meg etter aa skrive klaart; dei som finn at dei treng til aa tenkje yvi dei Spursmaali Boki dreg fram, vil daa greide ho, um ho er aldri so lite Roman, lyt eg vone. —

— Grunnen i Bruuns Kristindom er Trui paa Uppstòdo. Det er daa her at Domen hans fell sterkast yvi Boki mi.

Uppstòdo er etter hans Meining „frygtelig stærkt bevidnet“; han held seg elles til dei Vitnemaali i N. T., som eg paa min Maate hev granska og prøvt („J. Mess.“ S. 107— 114). Maaten hans er mest uventande teologisk. Mot Tilvisningane mine til Jesus-Sogune segjer hant.D.: „Dersom Jesus virkelig er opstanden fra de Døde, saa siger det sig jo selv, at han paa Forhaand har talt med sine Venner om det.“ Eg hev vist, at Jesus etter Sogune ikkje kann ha spaatt um Uppstòdo si. Det læt Bruun liggje.

At Jesus hev vori „uheldig i Valget af sine Disciple“, soframt Uppstòdo er uhistorisk, det maa like eins vera teologisk Tale. Jesus valde etter Sogune Sveinar til aa hjelpe seg med aa forkynne Gudsrike („J. Mess.“ S. 27—30); dette Arbeide synest dei hava gjort so han var nøgd med det. Daa Jesus mot alle Vonir vart drepin, kom for Sveinane nye Krav upp. Og daa er det at dei med all si Sjælekraft samlar seg um Trui paa Uppstòdo; den aaleine kunde halde deim uppe etter det forvillande Golgata-Hende.

At dei kunde tru paa Uppstòdo, det skynar me naar me dømer deim historiskt, mæler deim med Maale fraa deira eigi Tid. Det hev eg gjort: vist, at etter sine Fyrisetningar kunde, ja maatte dei tru paa Uppstòdo. Aa ikkje tru paa den hadde for deim vori aa negte: 1) at Israels Gud var allmegtig; 2) at Israel var Guds Folk ; 3) at Jesus var Israels Guds Messias [1]. Men um Jesus-Sveinane ut ifraa sine Fyrisetningar hev tenkt og trutt aldri so ærleg, so er det ikkje dermed sagt, at det dei trudde var objektivt sant. Det er eit Spursmaal for seg, som krev historisk Gransking og Prøving.

I Grunnen hev Chr. Bruun sjølv visst dette. Naar det kjem til Stykke byggjer han, som andre upplyste Kyrkjefolk, si Tru paa det han held for aandeleg Sjølvrøynsle: var ikkje Jesus uppstadin, so vilde Live for Chr. Bruun verte meiningslaust. Den Grunnen er ein nøydd til aa lata stande. Men det er ein reint subjektiv Grunn; og kor langt det er millom subjektiv Tru og objektiv Visse, det kjem ein til aa hugse av noko Bruun sjølv dreg fram. „Trui“ paa slikt som To (Stof) og Kraft, den tvingar seg inn-paa oss; men den gudelege Trui, — ja den skulde vel vera „fri", etter det som Teologane plar lære.

Seg sjølv hev Jesus haldi for „den som skulde koma“; Gud vilde gjera han til Messias naar hans Tid kom. No skulde han fyribu Messiasrike. Han vandrar daa um som ein av oss, ja er Tenaren aat Brørane sine. Naar Bruun vil kalle Jesus ein „overtroisk Sværmer“ av di han trur seg Messias, men ikkje held seg for Gud, — so kann Bruun mill. a. ikkje hava lagt Merke til Ord som Mt. 20: 26 flg. med Tilvisningar, eller til Mt. 11: 29.

Det er i det heile forunderlegt, kor den evangeliske Jesus er komin burt jamvel for dei beste Kyrkjefolk. Peter Hognestad sagde i ei Umtale av Boki mi, at det berre er ein „halv Jesus“ som der er førd fram; det høyrdest meg den Gongen rart. No skynar eg, at jamvel „ein halv Jesus“ er for sterkt sagt.

Den bibelske Jesus er etter Kyrkjetrui ikkje so mykje som „ein halv Jesus“; den Kristus, Kyrkja hev bygt seg, er ei Trieining: den evangeliske Messias + den paulinske Sonaren + den heidning-kyrkjelege Gud. Men dei tvo siste —: Naturane eller kva ein skal kalle det, hev døyvt Messiasnaturen so ned, at han no helst vert burtgløymd. Faae av mine teologiske Domarar hev lagt Merke til Hovudstykke i Boki mi: Jesu Forkynning (S. 44—72); dei kjem helst innpaa Paulus og Kyrkjelæra, og gløymer Jesus[2]

Ein Gong vilde Chr. Bruun, um eg minnest rett, ikkje vera Grundtvigsmann, og ikkje Johnsonmann, og knapt nok Luthermann; berre eit Namn brydde han seg um aa bera: Namne etter Nasaræaren; det var vel i den Tidi daa han hjelpte seg med „en Religion omtrent som denne Garborgs“. Sidan hev mangt skift. Bruun segjer vel knapt no som for nokre Aar sidan: „jeg er Oftedøl“; men han vedgjeng, at med Jesus fraa Nasaret klarar han seg ikkje. Spursmaale er etter Jesus: korleis skal eg lìva det Live eg fekk; Bruun spỳrr fysst og fremst: korleis skal eg naa fram til eit anna Liv?[3] Ein „maadelig Kristindom“ utan „religiøs Begeistring“ eller „religiøs Styrke“ er Jesuslæra; ho hev nok kunna „frembringe store Karakterer“; men nokon rett Kristindom vart det ikkje. „Det har“, segjer Bruun, „været en tør, mager Fromhed i Sammenligning med den kristelige Menigheds“, ɔ: den kyrkjelege. Det er den, han no hev søkt inn til; og med alt han kann hava aa segja um Pietistar og dilikt, so hev han ikkje trega paa dette. Heiltupp vedkjømelegt er det aa lesa Bruuns Ord um den Verdi der me „færdes og famler og elsker og hader[4]“; ein heilt annan Klang var der i Jesu Ord: du skal ikkje hata! — du skal elske jamvel din Fiende.

Men Jesu Lære er ikkje Kristindom; Jesu Lære er „Rationalisme“. Og Rationalistlæra hev, med alle store Vonir, ført til „noksaa ynkelige Skuffelser“. Ei „vassen og begeistringsfattig“ Tru er dette, i Hovudsaki Jødedom; og um Jødedomen klara det i si Tid, so er han no for gamall. „Kristendommen“ — Paulus-Læra med sine Tillegg fraa Nikæa o. s. fr. — er „den retmæssige og naturlige Arvtager“ etter Jødedomen; og slik ein Erving vart Kyrkjetrui, „ikke blot og ikke mest ved Jesu Lære[5], men fyrst og fremst ved Læra um Uppstòdo. Kristindom, det er ikkje aa elske sin Næste som seg sjølv; Kristindom er: det „Udødelighedens Haab“, som etter Bruun berre læt seg byggje paa denne Læra.

Chr. Bruun talar so ærlegt her, at han hev ikkje minst min Vyrdnad. Men den heile Sanning kjem ikkje fram, fyrr det vert sagt beint ut, at den heidning-kristelege Kyrkja er bygd paa det Berge som heiter Paulus. Og det maa ikkje heller verte gløymt, at i Nikæa og i Konstantinopel, der vart Taarni til denne Kyrkja reiste.


  1. Paa same Maaten er Paulus seinare rædd for aa verte funnin som eit „falskt Vitne for Gud“; Messias maa vera uppstadin. Elles vilde Israel, i det heile alle Messiastruande, vera dei „usælaste av alle Menneskje“; og den Grunnen hev jamvel for Farisæaren Paulus vori bindande.
  2. Daa Jesus er „2dre Person i Trieiningi“, kjem etter dette Formelen for Trieiningi til aa sjaa soleis ut:
    1+(1+1+1)+1=1.

    Men daa det berre er Guddomen Jesus som kann vera med i Trieiningi, vert Menneskje Jesus og Messias Jesus her utskilde. Likevel er Jesus „ein Person“, heil og ukløyveleg.
      Teologisk Algebra fær ein vel kalle dette.

  3. Jesus lærde sjølv eit Liv etter dette. Men Bruun maa hava Læra um Uppstòdo, fyrr han kann tru paa Jesus her.
  4. Understrika her.
  5. Understrika her.