Den burtkomne Messias/V

Fra Wikikilden
H. Aschehoug & Co. (W. Nygaard) (s. 23-27).
(Svar til „Steingrim Lærar“ i Unglyden 3 Jan. 1907.)
S
teingrim Lærar gjev meg gode Ord for den siste Boki mi.

Han finn nok, at eg „hjartelaust tyner Jesus Kristus“. Han finn like eins at eg „vrakar Bibelen“; for ikkje Læraren Jesus, „Sonaren Jesus er Kjerna og Mergen i den heilage Skrifti“. (Tilvisningar hadde her vori gode?) Og vrakar me Bibelen, spỳrr Steingrim, „kva hev me daa aa setja i Staden?“

Eg, min Syndar, hev sant aa segja haldi meg til Bibelen so godt som eg berre kunde. Det finst i „Jesus Messias“ inkje-noko um Jesu Liv eller Lære som er teki annan-stad ifraa enn fraa Nytestamente; og alt som Nytestamente inneheld um Jesu Lære og Liv hev eg nemnt eller ført fram. Og ikkje eit Ord hev eg sagt um at me skal vraka Bibelen; heller er eg etter Kyrkja for di at ho altfor mykje „vrakar Bibelen“, hev sine „Sannings-Kjeldur“ utan for den.

So her skynar eg ikkje Steingrim Lærar.

Dess betre skynar eg han, naar han segjer : „Menneskjesonen kann me kann henda lìva, men ikkje døy paa“; eg kjenner dette so vel att fraa mine eigne Strids-Tidir.

Presten hev lært oss aa spyrja, ikkje so mykje um korleis me skal lìva, men fyrst og fremst um, korleis me skal døy. Kva Jesus tenkte um dette siste Spursmaale hev eg etter Testamente lagt fram i Boki mi. Men det eg serskilt hev lagt fram, det som eg ser Jesu sanne Visdom i, det er, at han lærer oss korleis me skal lìva.

Gjeng ein til Jesus fyrr ein hev komi til dette Spursmaale, — ja, Jesus svarar sitt: Du skal gjera Guds Vilje. Dette Svare finn me, med vaar Kyrkjeupplæring, forunderleg lite djupt. Det er klaart! Beint ut sagt klaart! Og det som er klaart kann daa ikkje vera djupt? Nei; dette er nok ikkje noko aa høyre paa. Me dreg paa Aksli og gjeng vaar Veg, um Lag som Spyrjaren i Mt. 19: 16—22 .

Men hev ein arbeidt so lengi med Livsspursmaale at ein ser kor stutt me i røyndi rekk, med Tenkjarvisdom som med Kyrkjelærdom, so kann det hende at ein gjeng til Jesus paa nytt Lag, og spỳrr: korleis var det i Grunnen du meinte det du sagde, Meistar?

Jesus svarar, rolegt som fyrr: Du skal gjera Guds Vilje. Det Live du hev fengi skal du nytte soleis som Gud, den høgste Livslovi, byd. Daa er du i Guds Rike alt her paa Jordi; Gudsrike er innantil i deg (Lk. 17: 20, 21).

So talar Jesus. Ein segjer kannhende endaa ein Gong med seg sjølv: so djup som dei Skriftkloke er Meistaren ikkje. Men hev ein tenkt seg um eit Bìl, so kjem ein til aa minnast Skaldeorde um den Visdomen „som et Barn kan forstaa, men ei de Vise udgrunde“; og ein fær ein Mistanke um, at den som talar um dei høgste Ting so at jamvel eit Barn kann finne Meining i det, — han er vel sistpaa djupare enn jamvel dei som talar so „djupt“ at dei ikkje skynar seg sjølve.

— Ein kristin i nytestamentleg Meining, d. e. ein Messiasfylgjar, ein Jesus-Svein, er daa den, som i heilt Aalvor arbeider med aa „halde Bòdi“. Med dette vil det i Fyrstningi ikkje gange noko rart. Men etterkvart gjeng det betre; det er som det er komi ein ny Vilje i deg: din sanne menneskjelege Vilje samlar seg og vinn fram, med veksande Kraft og med veksande Glede. Og den Uhyggja som fyrr laag yvi baade Live og Dauden, den kjem meir og meir burt. Du vert fri og glad; og um du aldri so vel veit, og meir og meir ser, at du er ufullkomin, so vil du med alltid heilare Hug arbeide deg fram-yvi mot det høge Maale som er sett i Mt.5:48 (Lk.6:36).

Du kjem meir og meir i Samanheng med ditt sanne deg-sjølv; du kjenner at du hev „vunni Live“. Og det Liv du hev vunni er ditt rette, ditt i høgste Meining „naturlege“ Liv; du hev daa ikkje paa nokon Maate Grunn til aa „skapa deg“, korkje for deg sjølv eller for andre. Eit Gudsbarn er du, men er det i Samhøve med Ord som Mt. 6: 1—7, 16—18. Det vil ikkje gange noko Rop i Bygdi um, at no er du „frelst“, eller at no hev du „fengi Naade“; men dei som hev med deg aa gjera, dei vil finne at du er greid aa ha med aa gjera, og dei vil vera glade for det; eller som Jesus segjer: „dei vil sjaa dine gode Gjerningar og ære din Fader i Himlom“.

Live vert deg gjævt, høgt, heilagt, og det um det etter vanlege Maal er baade ringt og smaatt. Du tek til aa skyna det gamle Orde um, at det som er smaatt for Verdi er stort for Gud, d. e. at dei smaae Livs-Kaari gjev dei beste Vilkaar for eit rett Menneskjeliv. Jamvel det aalvorsame i eit Ord som Mt. 19: 23—24 vil klaarne for deg.

Men liksom me skal elske Næsten som me elskar oss sjølve, so skal me og elske oss sjølve som me elskar Næsten. Næstekjærleike, men ikkje Sjølv-Uppgjeving kravde Jesus; han var ein Livslærar og ikkje ein Drøymar.

I ei Tid som denne, daa Mammon heilt hev vorti Gud, ikkje berre i den vanlege Verdi, men og i den „Kyrkja“ som denne Verdi hev laga seg, vil du kjenne deg drìvin til aa vise din Kristindom i Gjerning i Aalmennlive med. Du vil der som elles gjera det du kann til Hjelp for dei Brørane som lid Urett og Naud; du vert soleis ein av dei trugne og aldri trotnande Hèr-mennane i den Striden mot Mammons-Velde som kjem up i Rikslive meir og meir, — ein Strid som Kyrkja krossfester so godt ho kann med Ordnaglar som „radikal“, „ukristeleg“, o. s. fr., paa Lag liksom Tempelprestane fekk Jesus hengd upp paa ein meir handfast Kross utanfor Jorsal.