Den burtkomne Messias/III

Fra Wikikilden
H. Aschehoug & Co. (W. Nygaard) (s. 15-16).
◄  II
IV  ►

(Merknad til eit Ord i Herman Lundes Hefte „Garborgs Jesus Messias“ — or eit St. i D. 17de Mai ²⁰/₁₂ 06.)

— — Med „Jesus Messias“ hev Teologane vori ikkje lite i Beit. Den Jesus, som eg hev ført fram, det er nok Jesus paa ein Maate; men det er ikkje deira Jesus: det er berre Tridjeparten av honom, eller i det høgste Helvti. Og dei hev æveleg Rett. Millom den kyrkjelege Jesus, som er paa ein Gong Sonar og Offergud: ofrar seg sjølv til seg sjølv til aa forsone seg, men endaa held sitt ævelege Helvite brennande for Stormengdi av sine Brørar (Born; smf. „Jes. Mess.“ S. 21), — millom denne og den evangeliske Jesus, som er Guds Barn liksom Brørane hans, og forkynner Fagnadbode um ein Fader som ikkje bryr seg um Blot eller Blod, men elskar oss, og vil at me skal elske honom, og vise dette ved aa elske vaar Næste som oss sjølve, — millom desse tvo Jesusbilæti er det ein Skilnad som me vel trygt karm kalle uendeleg. —

— — At Kyrkja i det lengste held paa Helvite læt seg forstaa; Helvit-Læra er det Grunnfjelle Heidningkyrkja er bygd paa. Det gamle Eldhelvite liver elles berre hjaa „Folke“ no; men sjølve Herman Lunde — i vaart Jerusalem ein av Modeprestane for den Jesus som i sitt Jerusalem vart krossfest (Lunde legg seg daa og etter aa gjera Jesus noko meir rikmans-tekkjeleg enn han etter Testamente kann ha vori; smf. Mt. 19: 23, 24) — denne Presten Lunde gjer alt det han kann til aa halde uppe det „rystende Mysterium i Begrebet Gjengjældelse“, um han elles vedgjeng, at Boki mi hev Rett i si „Afskrælling af væsentlig middelaldersk“ (ɔ: luthersk) „Udvikling af Jødeforestillinger“ um Gehenna („Garborgs Jesus Messias“ s. 24) [1].


  1. „Begrebet Gjengjældelse“ er aalvorsamt. Syndi straffar seg her i Live so visst, og so strengt at Presten kann vera trygg: det er ingin som slepp for lett ifraa Leiken. Me lès no um ein Amerika-Riking som held paa og gjev burt Millionane sine; den Mannen er komin etter, at jamvell Gull karm vera „Helvites Eld“.