Den burtkomne Faderen/XXXIII

Fra Wikikilden
H. Aschehoug & CO.s Forlag (s. 77-79).
◄  XXXII
XXXIV  ►

Bror min segjer til meg: «du synest ikkje vera fornøgd med Live ditt.»

Eg svarar: «Mykje hev eg kje att for det.»

«Var det noko du hadde tenkt aa vinna?»

«Eg vilde vinna Rikdom.»

«Kva vilde du med Rikdom?»

«Rikdom er Magt.»

«Kva vilde du med Magt?»

«Magti raar.»

«Kva vilde du raa?»

«Daa fyrst er ein fri og kann njota Live.»

Han lo. «Njota Live er aa øyda det upp. Det hev du gjort, Bror min. Kvi syter du daa? Noko meir Moro, noko mindre Moro, det vert det same til Slutt. Facit er Null i alle Tilfelle.»

«Ein fær ikkje Ro til aa leva,» knurrar eg. «Det gjeng upp i Mas. Livsraadi maa ein vinna, so ein kann vera trygg; av Live fær ein berre ein Jafs so i Millomstunder. Og naar Livsraadi er vunni, so er Livskrafti øydd.»

«Menneskje hev gløymt aa leva,» segjer han. «Live skulde vera Kunst, men hev vorte Handel. Dei set sitt Livs Meining ikkje i Arbeide, men i det dei kann faa for Arbeide; og Livskunsten er aa snyta til seg den største Vinning for det minste Vederlag. Og Live vert ikkje Skaparglede og Arbeidsro, men eit endelaust Jag; for livsmeining og Sjælefred kann ein korkje kjøpa eller snyta seg til; og alt det ein vinn vert for lite. Og i Staden for Lykke lyt dei nøgja seg med Moro.»

Men Livskjensla hadde du, Bror. Denne tirande Gneisten, som ligg oss i Barmen og gløder i Sorg som i Glede og fyller kvar Stund av vaart Liv med sin stille Fest, den hadde du. Og den var deg Like for alt, so at um du hadde det aldri so vondt, so vilde du endaa leva. For um me kjenner Live som Liding eller som Lyst, so vert det ein liten Ting mot Livskjensla.

Difor skal du vera fornøgd med det du hev havt og enno hev; for endaa naar du er sjuk, vil du leva. Njota Live var ditt Livsmaal, og det hev du gjort. Og den som nyt Live skal ikkje samstundes venta noko att for det. Du er Bonde og veit, at det vert ikkje Smør av uppdrukken Rjome.»