Den burtkomne Faderen/XXXII

Fra Wikikilden
H. Aschehoug & CO.s Forlag (s. 75-76).
◄  XXXI
XXXIII  ►

«Sjæli.» Han talar so lett um Sjæli. Veit han ikkje, at eit Menneskje er ein Samvokster, ei Uppdyngjing av Cellur, ein Cellestat, og at kvar Celle hev si Sjæl? Vaar Sjæl er berre Samspele av desse Cellesjæler.

Men ein kjem vel like langt med alle vaare Ord. Me kann segja um Sjæli kva me vil; ho lever sitt same Liv der inne for det; og Spursmaale døyr ikkje.

Denne Uro, denne Gløding, dette som bivrar og brenn og skjelv og skyt Gneistar og sejer «eg» ende inn i Dauden, det er Sjæli, kva me so kallar ho.

Aa du mi arme Sjæl, som veld meg all denne Verk og Brand. Gjev eg kunde taka deg inn til meg som ein Sjuk Fugl og kjæla for deg og trøysta deg. For eg kjenner deg og hev vondt av deg, og veit at du treng Trøyst, og at du elles inga fær. Gjev eg kunde leika deg i Logn og kjæla deg trygg, du arme skræmde Fugl!

Stakkar, som du skjelv; stakkar, som du er rusken og avplukka. Du flaug for mykje. Du kunde ikkje sitja i Ro. Ein gamall Sol-Draum drog deg; du maatte upp og ut og leita og sjaa. Heil Hugnad vilde du hava; og du søkte vidt og fór høgt og laagt. Men alltid stengde Skyer og Fjell; og Haukar og hakkande Klør var etter deg.

Ikkje skjelv. Ikkje ver rædd. Eg var vond med deg; eg tenkte for lite paa deg; no ligg du der broten og arm, og hev misst Vengefjørerne. Men kvil deg no. Den Soli du drøymde um dreg deg vel til seg ein Gong; um ikkje fyrr, so i dine siste Draumar.