Den burtkomne Faderen/XXXI

Fra Wikikilden
Hopp til navigering Hopp til søk
H. Aschehoug & CO.s Forlag (s. 72-74).
◄  XXX
XXXII  ►

Eg spør um det er sant at han kann lækja Sjukdomar. Nei, segjer han.

Eg held fram.

«Dei fortel, at du fer med aa beda for sjuke og leggja Henderne paa dei. Eg vil segja deg beint ut: eg likar ikkje slikt!»

«Det lindrar stundom. Og ein skal freista alt som kann vera til Hjelp For det er Kristendom, at me hjelper kvarandre.»

Eg tagnar. Han tek frami att:

«Mange av Vesaldomarne vaare; dei fleste av dei er Hugsótt. Det er Sjæli som er sjuk. Og hev ikkje den si Kraft, vinn alt vondt innpaa oss. Daa styrkjer Bøni, um der er Tru; Sjæli samlar seg og fær ny Kraft til Motstand.»

«Hev du ein Gud som høyrer Bøner, so vis meg han. Just ein slik Gud treng eg.»

Han lo. «Ja Teikn vil me hava.»

«Svara meg no. Alt det De bed um skal De faa, stend det.»

«I mitt Namn, stend det. Det er: naar me bed som han bad. Men det var hans Bøn: verte din Vilje.»

Stundom trur me aa sjaa Undere. Men beda, det er kje aa gjera Trolldom i Guds Namn; gjenom Bøni vil me lyfta oss upp til aa vilja Guds Vilje. Og vinn me dette høgste, so fær me alt det me vil. Og det er Livsens Forløysning, at min Vilje vert eitt med Allviljen.

Men mykje er der i den gamle Sjælesyrjarvisdom, som der er Meining i. Bøn, Arbeid, Faste er tri gode gamle Vaapen. Mange vonde Aander er drivne ut med dei. Sjukdom og Synd heng so ihop, at Sælebot vert Helsebot ofte. Ungdomar spør meg stundom um Raad mot den ureine Lyst. Faste, svarar eg; Arbeid, og naar det ikkje er nok, Faste! Eg hev set støde Karar veksa etter det.

Ofte trengst det berre eit sterkt Ord av ein frisk Mann, so gjev Hugsykja seg, og Kruslingen kvìknar. Dette røynde eg tidt. For der er mykje Hugsykje og Hugløyse millom Folke. Og den gamle Lækjekunsten er god for dei, som fyrst og fremst treng Lækjedom paa Viljen.»