Den burtkomne Faderen/XXXIV

Fra Wikikilden
H. Aschehoug & CO.s Forlag (s. 79-80).
◄  XXXIII
XXXV  ►

«Meisteren hev sine Sveinar i alle Kyrkjur og Kyrkjelag, men er ikkje allstad like lett aa finna. Her hjaa oss er det ikkje best. Det er lettare for Kamelen aa gaa gjenom Naaleauga enn det er for ein rett Lutheran aa sleppa gjenom Paulus fram til meisteren.

Trui er god, naar ho er ei Trygd i meg sjølv og eit Ljos som eg treng og ei Kvild for mine Tankar; og ein god Filosofi er ein stor Ting. Men korkje i teologi eller Filosofi vert du spurd, naar Domen stend; og ingen hev lova meg Løn for min Lutherdom; men eitt er visst: at eg er dømd, um eg dømer andre.

Meisteren let roleg Farisæar tru og Sadusæar negta Uppstandelsen; og han sagde ingen Ting til Romarhovdingen som trudde paa Jupiter, eller til Pilatus som trudde paa inkje-noko; og i det han sagde til Kananæarkvinna var der ikkje so mykje som eit Spursmall um ho trudde paa Molok eller Astarte. Til alle vaare kloke Meiningar hev Vaarherre knapt anna enn ein Smil.»