Den burtkomne Faderen/XXIV

Fra Wikikilden
H. Aschehoug & CO.s Forlag (s. 55-56).
◄  XXIII
XXV  ►

Du Gnag der inne, no kunde du lata meg vera i Ro.

Kva vil du? Du piner meg. Kven er du? Er det gamle Skuggar? Truer, som eg hev mana ut or Minne men ikkje or Blode? Er det Samvit? Sit det ei Sjæl der inne og græt yvi eit spillt Liv? Aa lat vera. Kva nyttar det? Alt Liv er spillt. Eller hadde eg lova noko? Hadde eg bunde meg; er det nokon som hev Krav paa meg?

Lat meg vera. Eg var den eg var. Kven skulde eg elles ha vore? Kann ein Morian skifta sitt Skinn eller ei Flyndre sine Flekkar? Eg var so laga, og so vart min Lagnad so. Hev nokon Skuld, maa det vera han som hev skapt meg; men det er ingen som hev skapt meg. Eg er flòten fram av ein uendeleg Livsens Straum. Eg er ein Dròpe; kven bryr seg um Dròpen?

Men er det ein som hev noko aa krevja, so lat han melda seg. Lat han stiga fram og provfesta sine Krav. Eg tek gjerne min Dom, berre alt gjeng rett til, og eg fær Greide paa, kven eg hev med aa gjera.