Den burtkomne Faderen/XXIII

Fra Wikikilden
Hopp til navigering Hopp til søk
H. Aschehoug & CO.s Forlag (s. 53-54).
◄  XXII
XXIV  ►

Vinteren tek til; Jordi døyr. Sval og rein legg Snøen seg ned yvi alt og løyner alt, Aaker og Urd, Stuve og Stein, Rusk og Avfall og altslag. Og alt vert vent; og alt fær Ro.

Ja kom, Vinter, med di svale Ro og di reine Luft; kom med ditt kvite Lakan. Kom og breid ned alt Avfall og alt Rusk. Meg med, du reine Vinter! —

«Døy er ingenting.

Me gjer oss for store Tankar um det som um det meste i Verdi. Me kjem til aa tenkja med oss sjølve daa som so tidt: aa, var det kje anna.

Men hev du hard Verk i Kropp eller Sjæl, so er ei Morfinsprøyte betre enn ei Trøystepreike. Det er Raad for alt; og naar det ikkje er Raad lenger, trengst det inga Raad.»

Segjer Doktoren.

Og alt vert gøymt og gløymt under den kvite Snø.