Den burtkomne Faderen/XXII

Fra Wikikilden
Hopp til navigering Hopp til søk
H. Aschehoug & CO.s Forlag (s. 52-53).
◄  XXI
XXIII  ►

Eg sagde med meg sjølv: dette Live hev dei nøydt paa deg; du skylder ingen noko for det; gjer deg den Hugnad av det som du kann, og lat det so fara.

No, daa eg hev gjort meg min Hugnad av det, kann eg ikkje lata det fara.

Det er utbrukt og inkje tess. Det er ei Møde og ei Tyngd, og eg orkar knapt bera det. Men daa eg ei vond Nott tok frem mine sterke Dròpar, dei, eg hadde gøymt som ei Redning og ein Utveg fraa mi verste Tid, daa kunde eg ikkje med all mi Magt faa meg til aa taka dei. Eg var ikkje rædd Dauden. Eg kunde berre ikkje sleppa Live. Dette utslitne Live, eg held paa det som ein Skatt. Eg klengjer meg til det som Baan til Mor. Mot min eigen Vilje. Kven skynar sovore.

Dei nøydde Live paa meg; var det for mi Skuld? Var det ei Gaave eg fekk? Ei Gaave so gjæv, at endaa naar ho er burtøydd og inkje meir tess, er ho gjævare enn Verdi?

Er her noko som er gjævare enn Verdi? Og det hev eg aatt og øydt burt? Er det det, som gjer deg so uroleg, du Hjarta der inne? Ræddast du for ein Rekneskap? Tenkjer du paa den late Tenaren, som grov ned sitt Pund og sùmla burt si Tid; og daa Dagen kom, hadde han kje vunne nokon Ting, men vart jamvel fraateken det, som han hadde fengi?