Den burtkomne Faderen/XXV

Fra Wikikilden
Hopp til navigering Hopp til søk
H. Aschehoug & CO.s Forlag (s. 56-58).
◄  XXIV
XXVI  ►

Synd?

Aa ja du arme Far. Som fylgjer meg all Tid, i Dags Tanke, i Nattedraum. Ja, eg veit det.

Men eg var for ung. Eg visste ikkje at eit Hjarta kan lida so. Eg visste ikkje, at ein Mann kann døy av Hugsótt. No veit eg det. Er det mi Skuld at det er for seint?

Og du, Anny. Som reis upp so bleik og gjekk. Med Taarer som rann. Og det eine stille Ord Farvel. Og sidan let deg banka ihel av ein cowboy.

Eg veit det, Anny; eg veit det. Eg hev trega det saart, so mang ein vond Dag. Men kva hjelper det aa trega?

Hu, der er dei. Dei vil fram. Dei trengjer seg hit. Blodøygde, bleike. Hyss; dei murrar; dei stirer; dei lyfter Henderne mot Himmelen. I Jesu Namn; eg kann ikkje hjelpa dykk; burt! Det var ikkje mi Skuld. Eg gjorde som eg maatte. Verdi var slik. Meg og mine maatte eg tenkja paa; kva skulde eg gjera? Hadde eg vore den veikaste, so hadde De gjort det same med meg.

Daa tagnar dei. Dei veit det. Dei veit at det er sant. Dei sig inn i sine Skuggar.

Men dei kjem att. Kor skal eg gøyma meg og gjera av meg. Hu, desse Mødrarne, svartklædde, saargrétne, med blaasvelte Ungar. Og der er han. Han med Blodflekken. Burt! Det var ikkje mi Skuld! Eg visste det ikkjer! Det var Forretning, Forretning! og kvar maa agta seg. Og den som ikkje er sterk nok, eller klok nok, han maa svida, kven det so er. Og den som gjeng under, maa endaa vera glad; for den som vinn maa lida lengst og verst; og der er ingen Naade lenger. For Faderen er burte; men Helvite brenn som fyrr med blaae Logar og usløkkjeleg Eld i vaar eigen Barm.

Hu! Burt!

Fader vaar, du som er i Himlarne —