Den burtkomne Faderen/XLIV

Fra Wikikilden
Hopp til navigering Hopp til søk
H. Aschehoug & CO.s Forlag (s. 104-106).
◄  XLIII
XLV  ►

«Ein Sjølvherskar var den gamle Gud, med strenge Krav, for si Skuld. For si Skuld kravde han Lydnad og Ære. Og fekk han ikkje sin Rett, vart han harm, og med Blod laut dei blidka den hemnfuse.

Men Meisteren lærde oss ein Gud som krev Lydnad for vaar Skuld. Og syrgjer naar me syndar. For vaar Skuld. Men vender me oss burt fraa Sjølv-øyding og Synd, vert han glad og gløymer alt. Og det spørst ikkje etter Offer og Soningsblod; sjølv slagtar han Gjødkalven; Høgtid held han for Syndaren som snudde.

Med denne Læra løyste Meisteren Verdi ut or ei lang Blodrædsle. Men Verdi kunde ikkje vera løyst. Den glade Helsing at Gud var Faderen, vart gjort til eit Krav. Trur du kje at Gud er Faderen, kastar han deg paa Elden! Og aldri hev det vore meir Rædsle millom oss og Gud enn det er no.

Du segjer du finn ikkje Faderen. Det trur eg vèl. Den gamle Blotguden er i deg. Inst inne i din eigen Hjarte-Angest sit han, sveipt i den som i ei svart Sky.

Men tok du Mod til deg og sagde til Skyi: eg fór villt; men no vil eg gjera ditt Verk; lat meg vera som ein av dine Arbeisfolk, — so fekk du sjaa. Kann henda var det Faderen!»

«Eg er ikkje høgtidsklædd,» svara eg.

«Ja den nye Hugen maa til,» svara han, «den heile og den reine.»