Den burtkomne Faderen/XLV

Fra Wikikilden
H. Aschehoug & CO.s Forlag (s. 106-108).
◄  XLIV
XLVI  ►

Eg spør han um han finn Samanheng i Skrifterne. Han svarar:

«Ikkje ein Filosofi lærde Meisteren oss, men ein Livskunst. Han kom kje med Nytt til dei forvitne, men med Lækjedom til dei sjuke; og han stifta ikkje ei Sekt, men viste oss ein Veg. Den Vegen er grei, naar ein vil finna Veg; men vil du finna ei Lærebygning, maa du laga ho sjølv, liksom Teologarne.

Lat Munkarne slaast um Gjerningar og Tru! Me trur Meisteren, og gjer som han gjorde. Lat Drøymarar tvista um Himmel og Hel! Me byggjer Guds Rike av Kjærleik og Fred; og Helvite sløkkjer me so langt me rekk med fredsame Ord og hjelpande Hender.

Lat Svermarar og Leigesveinar preika Serleg og Avstengjing og den rette Tru! Den rette Tru avlar Hat og Mord; det rette Liv byggjer Guds Rike.

Men dei ovundsame, dei som elskar Verdi og friar og fær nei, lat dei preika Hat til Verdi! Løyste og lyfte yvi Verdi og alle hennar Vinningar og Tap skal me staa, og soleis frigjorde fraa Verdi elska Verdi, som ei Gaave og ein Rikdom til aa gjera vèl med, og eit Yrkje til aa byggja av, byggja oss Fredheimar og Høgheimar; og sjølve Live vaart skal me leggja i den høgste Hand, at me ikkje lenger ska vera bundne av Rædsle for Dauden.

Men vaar Kraft hev me i Gud, som er det innste i oss sjølve, Sjæli i vaar Sjæl, Domaren, som alltid hev vaart Helvite kveikt for det ureine i oss, og Faderen, som held Høgtid og Helg, so snart me vinn oss upp paa vaare Heime Høgder.»