Den burtkomne Faderen/XLIII

Fra Wikikilden
H. Aschehoug & CO.s Forlag (s. 102-104).
◄  XLII
XLIV  ►

«Du talar um Gud som han var din næraste Granne. Hev du aldri vore i Tvil? Hev du aldri tenkt?»

«Eg hev undrast og spurt,» segjer han. «Men der er gjerne noko i meg som svarar.»

«Sæl er du. Men eit Spursmaal vil eg gjeva deg, som det knapt er Svar paa. Korleis kann du tru paa ein Gud, som ikkje er rettferdig?»

«Han hev vore rettferdig mot meg. Hev du noko aa klaga?»

«Sjaa deg ikring. Sjaa paa Folk. Some er fødde gode. Andre vert slengde inn i Verdi med so mykje vond Hug, og veks upp i so mykje vond Luft, at dei ikkje kann bli gode. Eg veit sjølv noko um det. Og sjaa paa Verdi og koss det der gjeng. Dei gode lid vondt; dei vonde vert feite; Retten maa tegja; Magti raar. Og det er berre ei Lov: at den sterke ét den veike. Og endaa trur du paa ein Styrar, ja ein Fâr!»

«Her er me innpaa dulde Ting.»

«Eg bryr meg kje um dine dulde Ting. Eg er ikkje synsk, og maa halda meg til det, som eg sjølv ser.»

«Det er sant at ein maa vera synsk. I Verdi raar Naturlovi. Den rettferdige gjeng under med den urettferdige, og Soli gjeng upp yvi vonde og gode.

Men Meisteren lærde oss aa byggja eit nytt Rike. Ovanum Verdi, ovanum Naturen, ovanum det høgste Dyr, inni oss sjølve byggjest det Rike der Rettferd bur. Der fær det vonde sin Dom og det gode si Løn; og der finn me Faderen.»

Eg tagna og tenkte.

Han stod fram ved Glase og saag paa Blomen, som sprett so vent. «Seg meg,» spurde han, «hev Blomen sagt deg noko?»

«Verdi hev Sjæl, segjer Blomen til meg.»

«Det er det han segjer til meg og. Det er eit stort Ord!»