Den burtkomne Faderen/V

Fra Wikikilden
Hopp til navigering Hopp til søk
H. Aschehoug & CO.s Forlag (s. 13-15).
◄  IV
VI  ►

Heilag er den stille Bygd; alle Vegar fører til Kyrkja.

Og Live samlar seg der og vert vigt; og Helg og Høgtid legg seg ut yvi Land og Leid fraa det kvite Altar med Stakarne og det heilage Staupe.

Og Klokkune signar og syng, og paa Jordi er Fred, og Soning for Sorg og Synder.

Men uppe i Taarne, i Myrkre utanfyri, der spøkjer det vonde; der heksar Trollkjeringar med svart Kunst, og spinn Uraader, og lyser Ubøner, og sender Vanhug og Vantrivnad ut yvi dei, som ikkje stengde for Dører og Tankar med Vigsle og Kross og det heilage, sterke Fadervaar. Og Midnettes Bil naar alt søv, stig or vanstelte Graver Sjælene som ikkje fekk Fred, og søkjer heim att til det dei elska paa Jordi elder hata.

Himmelbru er Kyrkja, og Helgrind, Porten millom der uppe og der nede og her, det store Vegskìl og Vegamot. Her lever det ukjende, Magterne, dei høge og dei laage, det som spinn Lagnaden og raar for alt Liv. Og naar Folke møter til Helg, so er det Helg. Gud er tilstades sjølv, Faderen, Sonen og Anden; men utanfor sit den vonde og bit seg i Fingrarne; for no hev han inga Magt. Og gjenom Ord som Verdi ikkje forstend, klaarnar fram for den barnslege Hug og Livsens truskyldige Meining.

Du gamle kvite Hus. Eg rømde fraa deg som fraa alt, og er no framand her som all Stad. Men det stend Fred av deg. Og gjerne sit eg i Hagen din, der Live søv og Gløymsla held Vakt, og les paa Gravkrossarne og tenkjer paa gamalt.

Og ser meg ut mitt eige vesle Rom.