Den burtkomne Faderen/IV

Fra Wikikilden
Hopp til navigering Hopp til søk
H. Aschehoug & CO.s Forlag (s. 11-13).
◄  III
V  ►

Verdi er svikefull, men hev endaa sin Mildhug.

Etter kvart som Vonerne brest fyri oss, veks Minni til att etter oss: og det gode me hadde og ikkje visste um, vert uppspart aat oss til Niste og Helsebot i vaar Alderdom.

Eg vankar um Dagen paa gamle Vegar, og Minne vakar ved kvar Stein. Eg ser desse Haugarne der Veslegut sprang ein Gong, og der Ungsveinen drøymde sine fyrste heite Draumar. Og smaka dei fyrste søte og beiske Nippar av Livsens Drykk. Men det søte heng lengst i. Og det som var beiskt hev søtna med Aari. Ho den vesla Jaala, som fyrst gav meg aa eta av Kunnskapstrêe paa godt og vondt, naar ho livnar upp att for meg no, er ho eit mildt Minne. Og all min Barneangest gjeng meg gjenom Hugen som ein døyvd og sorgfull Song.

Eg søkjer ned i Sandarne, der Have bryt; der gjeng den same Susen med sin same djupe Tone. Men naar Haustdagen er linn og Lufti blaa, stavrar eg upp paa Haugen, der Varden stend; daa ser eg ut yvi heile denne vesle Heimen som ein Gong var min; so vent kringar han seg um den kvite Kyrkja. Og det er som eg endaa var komen heim. Eg gløymer tilmed min Harm yvi Bror min og Farsgarden.

Ja her er stillt. Ingen Feber i Lufti; inkje Staak elder Gòv av det Store Kappsprang. Det er eit anna Aarhundrad her. Eg kjenner stundom det eg ikkje hev visst um paa mange Aar: det fell Ro paa meg; eg kviler. Og eg drøymer um aa lura Dauden endaa i nokre Aar. For me priser Dauden, men me elskar Live.

Her er mi Sol og mi Luft; her renn mine Bekkjer. Og uppe i denne store Himmelen budde min Gud. Stundom kjennest det som han maa bu der enno. Og i Kyrkja bur han. Det veit eg, naar eg ikkje serskilt hugsar meg um.

Men inn i Kyrkja vaagar eg meg ikkje. Eg veit, at kom eg der inn, so kvarv han burt for meg.