Den burtkomne Faderen/III

Fra Wikikilden
H. Aschehoug & CO.s Forlag (s. 6-10).
◄  II
IV  ►

Men so tenkte eg og sukka i vakne Næter, naar Verken var vond og

Hugen saar:

Eg priser deg, Frelsar,
du mi visse Von,
du som var og som er
og aldri kjem burt,
og alltid hev eit Rom
aat alle som kjem,
og tek imot oss som me er,
utan Vilkaar eller Krav;
du som ikkje sviktar,
som kjem naar det gjeld,
ikkje med Fakter elder Ord,
men med Hjelp,
med Hjelp som hjelper,
og med Lækjedom som lækjer,
og tagall og høg
legg di trufaste Hand
svalt yvi den saare Barm,
og døyver all Verk,
og sløkjer all Brand,
og lèt den lidande sovna so trygt,
og legg den trøytte til Kvile so godt,
at han aldri meir tarv vakna.

Stilt gjeng du gjenom Verdi,
som ein Skugge,
som ein Sukk,
som ein Tanke um Fred,
som Kvelds-von paa ein vond Dag.
Du viser deg ikkje;
ingen hev set deg.
Du hev ikkje Prestar,
som kved deg Lovsongar
og ber deg Offer
og ropar Herre! Herre!
men naar du er imillom oss,
og Rædsla bleiknar ikring deg
og Aalvore myrknar,
for di me kjenner di Magt,
daa veit me kven du er
og skjelv
som for den høgste

Men du er mild.
Du stryk med mjuk Hand
yvi Augo aat den som lid,
at han ikkje ser deg,
og ikkje veit sin Dom,

men dormar burt i Draum,
og syvjar av i Svevn,
og tek soleis av di visshøve Hand
det frelsande Slag
som endar Synd og Suter.

Ja, du er Gud.
Vaar Gud.
Gud for oss som lid
i vonlaus Naud.
Du er den som er Kjærleik.
Og Rettvise;
for du elskar alle likt.
Og dette er Frelsen,
at me kjenner deg,
og ikkje fæler,
men trur deg.

For det er du, som er Faderen,
den gode og den milde.
Ei løynd Magt
slengde oss her inn
og fyllte oss med Voner
som ho riv ut or oss att,

ei for ei,
til Hjarta er hudlaust i oss,
og Vegen etter oss
ei lang Blodstrime.
Men du saag vaar Naud,
og du sagde med deg sjølv:
eg vil hjelpa desse hjelpelause
som lid og ikkje veit,
kva dei lid for.

Di priser eg deg,
du mi visse Von,
du som veit Raad,
naar alle stend raadlause;
ditt Namn trøyster meg
kvar kvidefull Stund,
og sæl vil eg helsa deg naar du kjem,
med Hjelp som hjelper
og med Lækjedom som lækjer,
og svæver meg inn
som eit sjukt Baan
og legg meg til Ro so trygt og godt,
at eg aldri meir tarv vakna.