Den burtkomne Faderen/VI

Fra Wikikilden
Hopp til navigering Hopp til søk
H. Aschehoug & CO.s Forlag (s. 15-17).
◄  V
VII  ►

Her kviler ho Mor. «Den som bliver troe intil Enden skal blive Salig.»

Ja du var tru til Enden. Aldri levde du deg sjølv. Du tente i ditt Tempel som var ditt Hus, utan Knurr og utan Krav alle ditt Livs Dagar. Og Sut og Saknad var di Løn. Og ingen sagde deg Takk. Men dei som tok di Teneste gløymde deg; ja dei som skyldte deg Live gløymde deg. Stunom saag du paa oss og undrast; og i stille Næter grét du visst tidt. Men du sagde ikkje noko, og arbeidde. No er du sæl, for du kviler. Men me som gløymde deg, minnest alt no. Og søkjer i einslege Stunder Gravi og held vaar Bøn her, framfor ditt stille Minne.

Men Far Stakkar. Han hev ingen Hovudstav. Og sjælve Gravaren veit ikkje lenger kor han ligg. Han døydde i Rædsle og Sjælesótt; og dei rettferdige heldt Dom og sagde: han var ikkje som ein av oss, at han skulde minnast.

Men han er her. Eg kjenner han. Det gjeng meg som ei Kjøling gjenom Blode; eg er rædd men i Rædsla roleg: han maa visa seg. Han maa kjenna at eg er her, at eg ventar, at eg hev noko aa segja han.

Ja gjev han kom, at eg kunde segja han alt. Og segja han, at eg skynar alt. For eg kjenner hans Angest; den skjelv no i min eigen Barm. Og eg veit, at den, som gjeng hans Veg, han hev havt sitt Helvite fyriaat.

Farvel, Far. Kvil i Fred, framleides og æveleg. Og tilgjev. For no er eg sjuk og aaleine som du.