Hopp til innhold

Ækte paa Slette

Fra Wikikilden
H. Aschehoug & Co. (s. 386-388).

Ækte paa Slette.

I 1440 kjøpte han Tostin Paalsson List ein Part i Slette, men um nugun ’taa hans Ækt sat paa Garde ette hans Daagaa, er ovisst. Lenger ne i Ti’n er Gard’n kome onde Erke-Stol’n i Trondem og skjylda for 16 Alne Vømmaal og 1 Hu’, Hu’-Skjylde kom fraa ein Øygard, Nersta-Øygard’n, som enno høyre onde Slette. Paa Lag 1570 er de kome ein Bygselmann paa Gard’n, som heite Lover[1], og de er aa kalle visst, at han høyre te di Ækten, som enno sit paa Garde, men de er Oraa’ aa rekkje Samen-Henge heilt ut. Ein ’taa Syn’om hans heitte Ola og han bygsla Slette ette Fare; av og te ve 1640 fall baade han Ola og Kjeringje av; døm va baanlouse og ein Ner-Skjylding, helst ein Brorson hans Ola, heitte Ola Persson, fekk „kgl. Majts. Naadebrev“ paa allt, døm ha att ette se og han bygsla Gard’n att ette døm. Han Ola Persson er ette som de ha vore sagt kome fraa Røysem i Kvam og ska ha vore ’taa Bratt-Ækten og ette di Røysem fraa gamle Ti’e ha høyrt te Gjæslingom, er de stor Von te, at han va ’taa di Ækten, ou. Denne Mann lyt ha kjøpt Gard’n te Odel antell ’taa Kronun hell ’taa inkun Stor-Mann som kunde ha kjøpt hell panta han aat se. Han va ein væl-haldin Mann og aatte 14 Hu’e og 5 Skjinn me Jord; Kjeringje hans heitte Mari Tostinsdotter og er visst kome fraa Kjilli paa Dovre. Døm ha 4 Bon, ein Son heitte Ola som fekk Slette og 3 Døtt; desse Døtt’n vart alle tri væl gjifte, tvæ kom aat Kvam, ei aat Veikle og den andre aat Forbrigd, den treja vart gjift aat Bjølsta. Han Ola Olsson fekk Slette i 1708, Kjeringje heitte Kari Persdotter men de er okjennt kaar ho va kome fraa. Mann ha stor Medel og kjøpte mange Garde baade i Bygden og utta’bygdes; i 1726 kjøpte han Litljem me Lansverk i Kvam for 795 Rd., seinar kjøpte han Sambu i Bræe-Bygden og ein Gard i Lands Gjeld, heite Øysta, paa 5 Hu’e i Skjyld. Da han heldt Skjifte i 1741 aatte han 15 Hu’e Jord, eldste Son, han Ola, fekk Slette, han Per fekk Øysta i Land, han Tostin Sambu i Bræe-Bygden og di tvo hine Gutann, han Eistin og han Iva, fekk annor Jord-Eige imot. Alle desse 5 Gutann, og nogor Syster ha døm ikje, kom se væl te og ette fleire ’taa døm røta de se Ækte, som ha vore ’taa di fremste i Bygdom, der døm vart buande.

Han Per, som fløtte aat Øysta vart gjift me eine Dotter ette Lutnan Fliflet (sjaa Toulsta-Ækte S. 335) i Faaber; ei Dotter deres vart gjift me ’om Per Lomsdale i Land og Son deres, han Bjønn Persson Skjei vart Bestefar aat Bjørnstjerne Bjørnson.

Han Eistin ha fleire Garde i Ti’n men kom sist aat Ovren i Gousdal og der sit Ækte enno. Mennan paa Ovren ha stødt sia’ vore Eistin og Ola og Sone-Son hans Eistin Slette va Stortingsmann. Han Tostin kom aat Nordrom i Gousdal og han Iva aat Vingnes i Faaberg og ette baae er de store Æktgreine i di Bygdom.

Eldste Bror’n, han Ola Slette, va gjift me eine Dotter aat Lutnane paa Toulsta, „ei ’taa di Tolv“ og heitte Kari Paalsdotter. Eldste Son deres att, han Ola Olsson, og som fekk Slette ette Fare, va gjift me henne Guri Tordsdotter Bjølsta, døm ha fleire Bon, o’framt den eldste, han Ola va de di tvo Slette-Gutann han Eistin og han Paal som sto ve Garden i Kjøpenhamn og som førr er fortalt um. Ei Syster, heitte Mari, va gjift me ’om Hans Paalsson Toulsta paa Lalm. Han Ola dø i 1811 og Son, han Ola Olsson, livde te i 1838, han va gjift me Sys’kjinbaane sine ho Kari Paalsdotter Toulsta. Sonen ette honom, den siste som heitte Ola paa Garde, va gjift me henne Anne Tordsdotter Bjølsta; han livde te i 1856 og ha att 3 Døtt, men ingen Son ette se. Eine Dottere fekk Garden og gjifta se me ein fraa Fron som va i Ækt me Brattom og Valbjørs-Folke. Ækte sit paa Garde, men Ola-Namne er fulle burt.

  1. Lover, uttaalaa Laavær: de gamle Lodver.