Heringsta-Ækte
Gardnamne kjøm trule ’taa Karnamne Hering; Garden er ikje funne nemnt firi 1520. Han Gerhard Schjøning som foor igjønom Gullbransdal’n i 1775, fortel, at de fraa gomol Ti’ skulde ha budd ei Adels-Ækt paa Garde, men Namne va da avgløymt. Dette, som ha vorte fortald Schjøning, va nok Minne antell um han Knut Bagge hell han Abraham Stub, for baae døm budde paa Garde ei stutt Ti’, men ingen ’taa døm va Adels-Menn, ette di, som er kunnogt.
Han Knut Hallvordson Bagge ser ut te aa ha budd paa Heringsta i Aarom millom 1566 og 1580; kaar denne Mann er utstokkjin, er de Oraa’ aa faa Grei’e paa. I eit gomolt Brev fraa 1536 er de nemnt ein Knut Bagge som han Nils Lykke sette te Fout ivi Jord-Eigom sine, men um de er den saamaa, er mykjy ovisst. I 1558 og 1561 ha han vore me og kravt inn Konge-Tiende i Fron og ette di kan de hende, han ha vore busitjandes ei Ti’ der i Bygden. Paa Fron aatte han ein ’taa Brandvols-Gardom; me di Garde gjorde Enkja hans i 1586 Byte me Konga og fekk att Fjordongrein i Heidale. I 1570 er han Knut gjift me henne Marit Tostinsdotter, Enkje ette ein ’taa Brattom paa Bjølsta. Da budde døm paa Heringsta og for Stygbonom sine ha han Knut gjort Krav paa Aasæte paa Bjølsta. Etter han Knut dø, ha Enkja gjifta se att treja Gongen me ein heitte Abraham Stub, kanhende ein Son aat Lagmanne i Oslo, han Nils Stub, men de finnst ikje naagaa som peika dit, at ho Marit ha havt Bon me di tvo siste Mennom sine (sjaa S. 11 um Jenta fraa Heringsta og S. 316 um Bratt-Ækte). Um ho Marit Tostinsdotter kan ein hell-ikje finne naagaa meire. De kan gjetast paa, at ho va Dotter hans „Magister Tosten“ som baade Schjøning og Hjorthøy fortel, va den fyste Presten paa Vaagaa ette Reformasione. Um saa skulde vera, ha ho ei Syster heitte Aase hell Aaste Tostinsdotter som va gjift me ’om Kristofer Eriksen (Glad), Prest paa Vaagaa millom 1598 og 1619. Ho Aaste ha Jord-Eigo paa Ha’lann; ho er dø 1630 og den store Likstein henna staar enno paa Vaagaa-Kjørkjegarde.
I 1610 heitte Mann paa Heringsta Gottorm og maa vera Son hans Per Bratt og henne Marit Tostinsdotter, han er nok att-kalla ette om Gottorm Endresson Bratt som vart saa gomol. Ette Lagtingsboken for Upplandom i 1612 ha han Gottorm Heringsta vore me aa kjæra paa Retten sin aat ein Laat i Tall’raas paa Dovre, og den Retten byggje han paa eit Jord-Byte millom ’om Eistin Bratt og ’om Henning Munk i 1530. Attaat di syne de se i Lensreiknskapom ette 1612, at han Gottorm aatte Jord i Andgard paa Dovre og den Jorde ha han Eistin Bratt bytt aat se ’taa Haamaar-Bispe i 1550. Ette desse kan de ikje vera nugun Tvil um, at han Gottorm Heringsta va ’taa Brattom. Heringsta va enno Krongods og han sat for Leiglenning paa Garde; men da han dø i 1640 va han Eigar ’taa 71⁄2 Hu’ Jord, 5 Hu’e paa Dovre, 11⁄2 i Ringbu og de andre i Vaagaa. I 1640 va han den største Jord Eigar’n millom Odelsmennom i Bygden nest ette Preste, om Kristen Mule. Son hans heitte Knut og der er Von te, han kan heite ette ’om Knut Bagge, for han va full ein saa gjill Mann, døm tykte han lout kallast att.
Han Knut Gottormson va ou ein væl-staa-andes Mann; han er fødd 1605. Denne Mann er jemnan me og er Logretts-Mann og har havt stor Te-Tru ’taa Bygdafolkje; kaar Kjeringje hans er kome fraa er ovisst, men de er likt te ho va fraa Melgard i Kvikne. Han Knut ha kjøpt Heringsta og va Eigar for 3 Hu’e i Garde, da han dø, den fjorde Hu’e aatte ei Syster hans men han Knut raadde Bygsel’n[1]. Han ha 8 Bon og ’taa døm va de berre ein Son, heitte Gottorm, og va fødd i 1652. Ei Dotter vart gjift aat Andgard paa Dovre og ei aat Sygard-Snele paa Lalm. Mest alle desse Sys’kjine va veikhelsa; han Gottorm Knutsson dø ogjift da han va 36 Aar og fem ’taa Systom hans dø ogjifte førr døm vart gamle. Me ’om Gottorm dø Manns-Leggen ut i Ækten og nest-eldste Systerson hans, han Gottorm Olsson Andgard, fekk Gard’n. Han va gjift me henne Marit Tordsdotter Bjølsta, ’taa saamaa Ækten som han sjøl va. Mor henne Marit va kome fraa Sambu og me di vart Bone deres i Skjylde baade me Brattom og me Gjæslingom. Han Gottorm kom aat Heringsta i 1708; han miste Kjeringje si i 1713 men nie Aar ette gjifta han se me Enkjun paa Ellingsbø, ho Anne Andersdotter (kome fraa Formo paa Sell), og no brukte han baade Ellingsbø og Heringsta te eldste Guten paa Ellingsbø vart vaksin. Me fyste Kjeringen ha han tri Bon, 2 Gute og 1 Jente, Jenta vart gjift aat Sambu me ’om Ola Ivason-Gjæsling, me di siste Kjeringen ha han berre ei Dotter. I eit Skjifte paa Heringsta i 1667 er nemnde di tvo Bronse-Kannunn som enno er paa Garde; døm er arbeidde i Hollann og har visst fyl’t Garde ette om Knut Bagge hell ’om Abraham Stub. Døm veg væl eit Bismar-Ponn og tek 5 Potte kaar se. Ette siste Skjifte paa Heringsta er de saa, at desse tvæ gamle Kannunn herette ska føl’je Garde te alle Ti’e.
Gamlaste Son hans Gottorm Andgard, han Ola Gottormson, va fødd i 1701 og vart gjift me ei „’taa di Tolv“ paa Toulsta, Dotter aat Lutnane. Han dø i 1744 og ha 7 Bon ette se; den eldste og den nest di yngste ’taa Gutom er de førr fortald mykjy um, for de va di Stor-Kjempunn, han Gottorm og han Stor-Hans Heringsta. Han Gottorm Olson tok Garden ette Far sine umkring 1752, men de lyt ha gaatt att-over me Vælstande paa Garde mea’ Far hans brukte, Bue va berre saa halv-medels. Han gjifta se me ei Jente fraa Ekre, ’taa Formo- og Toulsta-Ækten, men ho dø allt da de lei’ fraa 5 Aar. Sia’ gjifta han Gottorm se upp-att men denne siste Kjeringje dø ou um nogre faa Aar. I Skjifte ette di siste Kjeringen sto Bue hans Gottorm saa laakt, at han va burtskuldog 400 Riksdale meir, hell han va go for. Da bou Mann paa Groupe i Kvikne, han Torgjer, ’om Gottorm aa byte Gardom ve han og gjeva ’om 1000 Rd. imillom og de tok han Gottorm ve. Me ’om Torgjer Groupe kom de saales ei ny Ækt paa Gard’n i 1775; ho va i Velmagt og sit enno paa Garde.
- ↑ raadde Bygsel’n: Systere aatte Jorde og kunde bruke ho sjøl um ho vilde, men ho kunde ikje bygsle ho burt aat andre hell aat ’om Knut.