Hopp til innhold

Sporak ell Noperi

Fra Wikikilden
Det norske Samlags Forlag (s. 117-127).

1.

E møtte ein Mann,
Dæ va kji Mann;
Han gjekk paa ein Veg,
Dæ va kji Veg;
Han bar Vatn førutta Kar,
O sei so me, ko Mann dæ var.

2.

Tvo Stølpa paa ein Vøll,
Ein Sekk, ein Hekk,
Ein Stratt, ein Knapp, o det ovapaa ein Hatt.

3.

Fire gangandis, fire hangandis,
Tvo vise Veg i By, tvo peike upp i Skjy,
O ei dalta ette.

4.

Svart Hatt, rau Stakk, Steinmage o Trefot.

5.

Rundt so Sol,
Svart so Jor,
So Takka hennar Mor.

6.

Krokute Far, innhøla Mor o try ærelause Bødn.

7.

Rundt so Egg o langt so Kyrkjevegg, ka æ dæ?

8.


Um Dagen æ dæ fullt mæ Kjøt o Blo,
Men um Natte stend dæ gape so ein Sko.

9.


Ko æ dæ, so e tykkje o du tykkje; men ner me koma
der, so Tykkjin æ, so æ Tykkjin burte?

10.


Ko æ dæ, so staar paa Stein, retta Bein, kløyve
Hødn o tuta?

11.


Mest neva a minst nemnd.

12.


Ko æ dæ, so um Natte æ fullt me Kjøt o Blo, men
um Dagen stend o gape?

13.


Dæ tuska a dæ taava,
Dæ læt unde Laava,
Løe so eit Lambeskjinn,
O alder fannst eit Haar paa.

14.


Ko æ dæ, so har Vete i Ryggje, o Styrkjin i Nasa?

15.


Smaahølut o tett, frir Gjenta fraa Stikk.

16.


Eit Hus fullt mæ graa Ull,
Men ein faar endaa kji ein Neve full.

17.


Dæ stend ein Ting i Bonden sin Ga(a)rd:
Han har fleire Saar, en Hunden har Haar.

18.


Rullball uppe o Nullball ne,
Um d’æ alder so go ein Gullsme,
So kann han kji Nullball bøte.

19.


Dæ kom ei Tynne rultande, tultande, bøttnelaus,
gjurelaus; dæ finnst ikji Mann i dette Land, so dena
Tynna gjure kann.

20.


Hesten æ taa Staal, o Rova taa Lin;
Gjete du paa, ska du faa vera Guten min.

21.


Ein Rill o ein Rall,
Ein Understikkar o ein Smikkarball.

22.


Stytt pytt Nevetak o tølv Tjug i Enda.

23.


Fire o tjue steikte Huvu staa paa Huvue o tene sin Herre
baade Natt o Dag.

24.


Dæ sto ein Hund paa Gauarberg o søykte over Hav;
Hunds Navdn æ sagt, du gjete kji paa i Dag.

25.


Ko æ dæ so gaar i Hælme o inkji tuska?

26.


Ho Dalros stanga Liaros, sa ho Graast belja (ell so
Heimaros laut te danse)

27.

Kem ha slegji fyste Spikaren i i Kyrkja?

28.


Ko æ so høgg all Dagen o inkji ter ei Flis ette?

29.


Ko æ dæ, so gjeng heile Dagen o inkje kjem aat Døren?

30.


Dæ veks te meir ein tæ taa.
Dæ minka te meir ein legg paa.

31.


Ko æ dæ so gaar aat Bekkji o letst drikke, men
drikk inkji?

32.


Ko æ dæ ein Hest inkje kann dra uppførbakke, men
ei Mus kann dra neførbakke?

33.


Kor var den fyrste Spikaren slegjin i Kyrkja?

34.


Ka æ dæ so gaar paa Huvue aat Kyrkjun?

35.


Tvo Brør gaa heile Dagen, men den eine kjem
kji framum hin.

36.


Kem æ so tak alle Mann i Hønde?

37.


Kem æ so kjem te Skogs, før Faren æ hælvgjord?

38.


Føtt aat upp Uføtt, unde Sol, unde Jord, høgt
uppi ein Grøntøpp.

39.

Stokken staar,
Bulgja gaar,
O tie draga fire.

40.

Uttanpaa slett so Is,
O innanpaa løe so Gris.

41.

Uttapaa snaut o dautt, men inni baade levandis o løe.

42.

Eit vettavøkse Tre,
Rote upp, o Tøppen ne.

43.

Kem æ dæ e ser o du ser, so Køngen ser sjelda, men Gud alder?

44.

Kem æ dæ, so har fire Ryggji o førrtjue Føta?

45.

Framapaa so eit Nysta, mittpaa so ein Kagge o uttapaa so ei Svego.

46.

Framapaa so ei Flæske, mittpaa so ei Tynne o attapaa so ein Sopling.

47.

Kem æ dæ so gaar sø’mæ Lien o nordmæ Lien o riste breia Reima?

48.
Fire Systa i eit Hus blinke mæ smaa Augae.
49.

Ko æ dæ so alder ha hent, o alder hende, men ner du kjem ut, so ser du dæ?

50.

Eit Hus fullt mæ kvita Kjyra, bøndna mæ raua Reima.

51.

Eit Hus fullt mæ Mat;
Gresne Veggji o inkji Tak.

52.

Ko æ so æ tynnast myljo heitt o kalt?

53.

Ein Rein paa ein Tein,
Fire Føta o inkji Bein,
Lik o inkji døtt,
Bødn, o inkji føtt,
Hunda o inkji Brø aat dei.

54.

I Tankeskjinn gjeng e,
I Tankeskjinn stend e,
I Tankeskjinn æ e baade fager o fin.
Den so kann gjeta Gaata, ska faa bli Guten min.

55.

Sjau Systa sita paa ei Naal,
Alle drikke or sama Skaal,
O ingjin sit paa Ende.

56.

Ko æ dæ, so gaar ikring Aasen o gjere Egg?

57.
Kor høppa Skata aav, ner ho æ eit Aar gamall?
58.

Ko æ dæ so spring all Dagen o inkji kjem taa Stae?

59.

Ko æ dæ, so æ rundt so Sol o svart so Jord o dræ ei lang Rove ette se.

60.

Stubbedøse dansa o Trintola kva,
So kom Langemari spørde ette, ko dæ va.

61.

Ko æ so snur se i eit Muserei, men inkji i ein Uksebaas?

62.

Vesle Bytte datt taa Tak,
Slo se sund i Hakkemat;
Vesle Bytte lagge kann
Ingjin Mann i dette Land.

63.

Kem æ dæ, so gaar aat Bekkje o drikk, men legg att Magin inne?

64.

Ho Raukoll stanga Svartkoll, so ho laut te belje.

65.

Eit lite Hus so tekkji se sjøl. Ko æ dæ?

66.

Ein hundre Aar gamal Mann mæ nattgamalt Huvu.

67.

Kor æ dæ, e kann seta me,
So ikji du kann seta de?

68.

Dæ staar ein Ting i Bondens Hus, so legg Rova

paa Take.
69.

Ko æ dæ so e frama so eit Nykkla o bakpaa so ei Innløghit?[1]

70.

Han stend i Bakka,
Æ rau i Nakka,
Ti still, den so veit de!

71.

Rund so ein Bølle,
Ligg paa Skrølle;
Allemanns Mat, o ingjin bit ein Bete av.

72.

Den minste Ting i Bonden sitt Hus dræ lengste Rova ette se.

73.

Tvo daue dragast.

74.

Løe gjekk han inn, ut kom han snau
O hakka paa Huvu, so nere va han dau.

75.

Inn kom ein løin,
To kjekste ein søin:
Han Tvofot to han Trefot o slo han Firefot, so
han Firefot laut paa Døre.

76.

Mann sto paa Tusentre,
Ropte te si Heimsenstre:
„Set Setaren, kalle Petaren, endaa kjeme Skoga-
snylrta o tæ aav Vetratryno di!“

77.

Dæ lødne laag o kjaasta,
Dæ grøne sto o lea;
So tenkte dæ lødne ve se:
Gui dæ grøne va inni me!

78.

Kem æ dæ so gaar aat Bekkji o ber Riddarsengji paa Ryggje?

79.

Eit Hus fullt mæ kvita Kjyra, o mitt inni stend ein rau Hund o søykji.

80.

Eit Hus fullt mæ Mat, o eit Trelaas fere.

81.

Syste sende Syste over Hav eit bøttelaust Kar; dei kunna baade bryggje o baka mæ di.

82.

Dæ fyk over Hus,
Mindre en ei Mus,
Dyrar en heile Danmark.

83.

Uppe heng ein Hipe o ein Hape,
Unde sit han løynskjin o gape.

84.

Mann sto paa Hunkedunke; so kom Forsila hass o skræmde aav Køpargjila hass.

85.

Kem æ dæ so gaar i Skoge heile Dagen, o ner dei koma heimatt um Kvelden, faa dei Hogg?

86.

Tvo Brør unde ein Ufs; dei inkji høyrast o inkji sjaa’ast.

87.

Aatte syngjandis, aatte stingandis o ein lang;
Te meir du strekkji’n, te bere gjev’n Klang.

88.

Ko æ dæ so æ høgt so alle Tretøppa, men so endaa Sole kji faar skjine paa?

89.

Kvitt so ei Bløye o svart so ein Brand,
O høppa so ein Hare o gaar so ein Mann.

90.

Kvitt ligg i kvitt.

91.

I Valdris æ dæ ein ulagle store Stein, so snur se, kor Gong han høyre Kjyrkjeklukkudn. Æ du go te gjeta paa, kost dæ har se, o ko øfto han snur se?

92.

Dæ ligg ei Laa(g)
Over ei Aa(n),
Inkji æ ho røte, o inkji æ ho raa
O inkji bit dæ hoggandis paa.

93.

Fire Tippelinke,
Tvo Steina blinke,
Ei Kjinne o eit Øksestaft.

94.

Dæ kom ein Fuggel fljøgande vengjilaus, o sette se paa Gardstaur fotlaus, so kom dæ ei Jomfru o aat han upp munnlaus.

95.


Fuggel Fjørlaus kom o sette se paa Gardstaur; so kom Jomfru Munnlaus o aat upp han Fuggel Fjørlaus.

96.

Jomfru Lund
Hadde ein Hund;
Han va so du, han va so e,
Han va so Børk, han va so Tre,
Han va so alle Ting i Verden va.

97.

I Skoge rønne,
I Skoge fønne,
Smitt i Smiun,
Barka o beitt,
Smeta o smeitt,
Smort me Feitt,
O hoppa so lett paa ein Lerlapp.


Denne teksten er offentlig eiendom fordi forfatteren døde for over 70 år siden.
  1. Innløghite æ ganske liti; ho æ gjednast ner gjord taa Kælskjinn, æ skjele vi i Bøtte, men Strupen æ so trøng, at ein mest kji faar ni Hønde.