Hopp til innhold

Skardaa-Gubbin og Darthus-Kall’n

Fra Wikikilden

Skardaa-Gubbin og Darthus-Kall’n.

Utve Solsi-Lannde aat Lemonsjø’n ligg de tvæ Sætre, den eine kallas Skardaae og den andre Darthusann og de er ein go Stubb imillom døm. I desse tvæ Sætrom va de ofte døm merkte inkort rart, naar døm laag der og ga upp Foore førr i Ti’n. De va ikje saales, at døm korkje saag hell høyrde naagaa, som va o-tyle hell kalltokka, de ha eg alder høyrt, men de va no likevæl godt aa skjøne, at de va Onde-buandes som ha Te-Holl[1] paa baae desse Stell’om. Og ette som Folke kunde forstaa, lout de vera Toftkall’n som ha tikji Vero[2] si i desse tvæ Sætrom, de ha ikje naagaa anna aa vera. For Noutskrytyre døm treivst saa reint framifraa og holldast[3], saa døm sto der som eitt Sell baade Ongt og Gomolt, Mjolkekjy’n døm mjolka, saa Frou’n volt ut-ivi Bytta og Trevna va de baade paa Stort og Smaatt. Paa saamaa Gjerde va de me Øykjom i Stalle: berre døm ha vore der eit Fjortan-Daagaa, vart døm saa kjipne og kaate, at døm gjekk i einn Dans i Maarka-Vegje. Og de va ikje aa ondras paa –: kaar tile um Maargaan Kjør-Kar’n[4] kom aat Stalle, sto Øykjiinn allt me Høy i Krubbom og skar og togg saa de ljoma att-i. Ein ’taa Hestom i Skardaa’n va de stødt reint seg-um Lag me, han ha Krubba full me utu-hemta Fin-Foor baade seint og tile saa Stallkar’n ha ikje Bo aa endse honom korkje me Mat hell Drikke.

Ette di va de greie Ting, at Toftkall’n laag me i Agting-Skape, for de ha stødt vore Spon-Gjerde[5] hans, de, der han ha havt Te-Holl og lika se væl. Og lite um Senn vart døm saa vande ve detta i baae Sætrom, at døm fannst ikje aat[6] di, for døm saag for Augom te kaar Ti’, at Skardaa-Gubbin og Darthus-Kall’n berre vilde døm væl og gjorde døm Beinko, baade i Fjos og Stall. Saales gjere ikje Toftkall’en de mindre han lika se godt og de va sagte ikje tvile paa, at Budeiunn kom ihog han me Rumm-Grout Julkvelldann, for han er slik, at han lika aa faa naagaa Go-gjering Høgti’s-Kvelldann.

Men um no Toftkall’n er glup ve Krytyre og beinksamd ve Folke der, som han lika se godt, saa er han no ein stor Knikt[7] me di, at de er ikje ’taa sit Eigje[8], han gjere væl me. De lyt andre svi’ for di, for han dreg de Høye, han øy’e upp, fraa andre Stelle og han kan faa eit Høystaal te aa minke saa fort der, han legg se paa, at de er ingen som trur di. Kaar døm drog fraa desse tvo Toftkallann i Skardaa’n og Darthusom, ha eg ikje høyrt, antell de kunde vera fraa Legun[9] hell Vall’sætrom hell enda lenger av; men sist bar døm nok te aa draagaa fraa ein-a’an: Skardaa-Gubbin vetja[10] Høystaale i Darthusom og Darthus-Kall’n i Skardaa’n. Og naar døm bar te paa den Visen, va de mest ikje aa vente, at detta skulde gaa væl te-endes og døkk ska trast faa høyre, kaa Endlykte vart, ou.

Seinhoustes, ette Folk va fløtte heim ’taa Sætrom, kom de ein Kar fraa burti Langmaarkom[11] faaraan’ aat Skardaa’n. De heldt paa og vart svarte Natte for ’om og difor gjekk han inni Lyo i Skardaa’n, grov se ne-i Høye og vilde gje se te mea myrkaste Natte vaaraa. Han ha ikje førr lagt se, saa kom de inn i Lyo ein liten, graaklædd Mann i Rouhuve og bar te leite ut ’taa beste Høye, han fann, og saag ut te aa vilja gjera se ei Børd ’taa. Trast ette kom de inn einn te paa saamaa Lydska[12], me graae Klæ’e og Rouhuve, og, me saamaa døm fekk Ougo paa ein-a’an, gouv døm ihop som tvo sinnte Katte og bar te aa slaast saa Høye sto som eit Drev fraa døm. Og dessa tvo smaae Graa-Maasann gjorde Aalvor ’taa, va likt te; best døm laag bouka ne-i Høye og krynte ein-a’an, meste døm orka, sat døm som tvo sinnte Haanaa upponde Aasom og klønte og slo og spennte saa Hann og Fot gjekk som Trummstikko. De saag ute te aa vera Gute, som va li’uge i Kroppe og saa brennandes kvasse i Snuom, at de va mest ikje Raa’ aa følgje døm me Ougom. Og de saag helst ut te, aa bikke Likt[13] me døm ou, antell døm slo hell lugga, klønte hell spennte, saa fekk døm baae Likt for Like[14]. Sist vart den eine liggjande onde og den andre sette paa aa slaa saa tidt, at ingen kunde rekna Daskann. Mann, som laag i Høye, skulde lette paa se lite for aa faa sjaa be’re, tenkte’n, men me saamaa kom han te aa tuske saa de lyddest. Jou, da va de Slutt – døm kvorv burt me Eingong baae tvo og de vart saa stillt, at han høyrde ikje ein Knett meir.

Men Vinter’n ette kunde døm ikje merkje, at Skardaa-Gubbin ha sitt Te-Holl i Skardaa’n som førr; han ha nok vorte forrlett da Basketake sto, hann, og saa ha han sagte fløtt paa eit anna Stelle me di saamaa. Saa vart Darthus-Kall’n einsle um aa draagaa og i Darthusom vart de grummar hell de ha vore nugun Gong. I Skardaa’n skjein de reint ’taa[15] og attpaa allt gjorde Darthus-Kall’n Pjetteri der, baade i Stall og Fjos. Krytyre van-treivst og kom se ikje som i gamle Daagaa. I Stalle sto Øøkjinn’ og grov i Spilltogom, beit i Krubbun og slo utu Slæ’nn og de donde og larma i Stalle um Neet’n, saa de va fælt aa høyre. Og i Fjose va de paa saamaa Gjerde – Kjy’nn sleit Bannde, gaula og routa og heldt slikt Leven, at Budeia lout upp te kaar Natt og sjaa ette, um de gjekk paa Live me inkort. Sia va de i lang Ti’ de vilde hengje ve Skardaae, at de va orole i Stall og Fjos og de va likesom Krytyre bar te illtrivast, trast døm kom innum Dørstokken.


Denne teksten er offentlig eiendom fordi forfatteren døde for over 70 år siden.
  1. Te-Holl: Busta.
  2. Vero: Te-Holl.
  3. Holdast: leggje paa Holde.
  4. Kjør-Kar’n: den som stelle Øykjin og har Maark a-Kjøringje, Sæter-Kar’n.
  5. Spon-Gjerd: Vis, Skjikk.
  6. Finnast aat, her: tykte ikje de va naagaa rart i di.
  7. Knikt: Fuling, Skarv.
  8. Sit Eigje: de han sjøl eig.
  9. Lego: ei Sæter paa hi Sia aat Lemonsjø’n; Vallsætrin likesaa.
  10. Vetja: gjesta.
  11. Langmaarkje: Maarkjinn upp-ette Sjodale, „Langmarkens Alminding“.
  12. Lydske, utt. Lyske: Gjerd, Slag.
  13. Bikke likt: staa likt, „balansere“.
  14. Likt for Like: faa ’taa saamaa Slagje; drikke den saamaa Skaale.
  15. Skjein taa: myrkne; Glansen gjekk ’taa.