Brings-Huldre
Burta’ Fjelle er de ein stor Sæterstul som kallas Bringen og der har Nørder-Sta’e Sætre si. I di Sæter’n henda dette, som her ska forteljast.
I gamle Daagaa ha Budeiunn Handrokken me se paa Sætrom og spann paa honom, kaar Stonn døm ha, saa døm ha baade Varp og Veft[1] aat store, lange Veve, naar Sæter-Maana’n[2] va ende. Døm, som ikje nettup kunde vera ’taa di beste for Hendom sine[3], ha inkort grovt døm spann, Ry-Gaan[4] og Aaklæ-Veft og slikt, men døm, som va meire go-te se, gjorde baade spann og leta Gaan saa fint og vakkert, at døm vov Husbona[5] ’taa di mea døm laag paa Sæter’n. Mang ei Budeie ha Vevna’n me se i Gjetlmorken um Daagaane og naar Krytyre la se midt paa Dagje, hell gjekk rolege i beste Hamn, sette ho Veven upp millom tvo kluftote Bjørk og skjela[6] og vov og maksla antel paa di tri Vise[7], hell di fem kloke og di fem laake Jomfrugun.
Budeia paa Sta’esæter’n skulde vera saa framifraa baade te-treiv[8] og vælhendt, ho ha vove ein Vev um Saamaar’n og tenkte, ho skulde vorte ferdog me di andre ou, men da kom de ei Verkule saa døm lout taakaa Bølingen heim. Sjøl vilde ho vera att tvo hell tri Daagaa og gjera fraa se Veven sin.
Ein kann veta, de va stusle aa sitja att einsle i di myrke Sæterstugun no, de va øy’e i alle hine Sætrom og Houst-Vinn kvein i Sprongom og toutte[9] uppi Ljora. Ho ha att Buhonn hjaa se for aa ha eit levandes Liv aa tye se ve, og saa kjila ho paa me Veve sine, seint og tile, for aa bli ferdog.
Best ho sat saales ein Dag, kom de ei gomol[10] Kjering inn i Sele aat ’n og denna Menneskja ha Jenta alder seett for Ougom førr og ho tok trast ein lei Tankje. Kjeringje va saa utu Maata tulug[11], at Kjeften sto ikje atte paa ’n og slikt Lag ha ho me Snakkje, at de va mykjy ’taa di. Men Budeia vart vissar og vissar paa, at Gamla va ikje ’taa Kriste-Folk og difor tordes ho ikje svaaraa eit einaste Ord paa Snakke henna. Gamla ho likesom ikje endsa di men heldt ve, som ho begjynda; sist sporde ho Budeia te, um ho ikje ha Hog te aa gjifte se naar ho kunde faa ein baade stout og vitug Kar, som attpaa va go for[12] vonoms meir. „Du, som er ein saa vakker Blomme og som kann ditt Arbei baade inne og ute, er nok ikje uppraadd for aa finne deg ein Maakaa, du kann faa Hogna ’taa,“ sa ho. Og saa ordast[13] ho ut um, at ho visste ein retteleg baade bra og gjill Gut, som vilde høve henne saa væl paa alle Gjerde „og tæk du hann, saa ska de alder komaa te aa vante døkk korkje Etand’ hell Slitand’ saalengje døkk livi te-samen,“ sa Gamla te Slutt og me di tok ho te-dørs. Men Budeia ottast for, at de va ikje Sluttna me dessa, ho vart reint utu Verd’n[14] og visste ikje, kaa ho no skulde gjera ve se. Da kom de forr ’n, at Buhonn kanskje kunde bli ’n te Hjolp – ho glotta paa Døre og ba han springe heim ette Folk og mena døkk ikje, at Honn skjøna kaa de galdt! – han la te-sprangs i tenjande Loup inn-ivi Flye me Eingong.
Jou, de drygdest ikje lang Stonde førr Gamla kom att og da kann de hende, ho ha Følgje me se, ou. Sele vart fullt me vælpynta og upp-stasa Folk, baade Kare og Kvinnfolk, og no synte Gamla fram den Guten, ho gat paa, da ho va der fyste Gongen. Og de saag ut te, at han va stout, sa’n! de va ein halvgomol Skrullt[15] me ein Naasaa som eit Brotar-Grev[16], ihopkrokjin og olugum all upp. Men Budeia tordes ikje saamykjy som gje ein Knett i se hell røyve paa ein Finger, ho sto der som klomsa. Da detta Folke ha gaatt der og vimsa um eina’an ei Stonn, va de eitt ’taa Kvinnfolkom som bar te aa finne fram Brurstas utu ei Sendingskorg, ho gjekk me paa Arme. Ho la upp paa Brisken baade Krone og Belte og Bring-Smikke, Sølju og Dingsknappe saa de glema og bragla[17] inni di myrke Sele. No skulde Budeia pyntas te Brur i saamaa Stonn og Gjæstboe skulde nok staa nord-i Sonnsteine[18] saamaa Dagen. Ute sto Øykjinn bonde kring alle Veggje me Sylv paa Salom og me Ormehugu-Beks’l og slik Stas, at de glitra lang Veg i Haust-Sol’n. Bru’hesten sto ve Stugudøre me ein Sal saa blank, at de strila[19] lang Lei’. Budeia vart pynta og klædd me di eine Plaggje grummar hell de andre og sist va de berre Ring paa Finger’n, som vanta, saa skulde Brure lyftas uppi Sal’n og Bru’ferde laasaa[20] nor-ivi Bringsfjelle.
Men i di saamaa Gamla sjøl kom me Ringje og vilde træe paa Finger’n aat Budeiun, smell de eit Børsskot ute saa Sele skolv og de ronde atti Stutarhougje. Jou da kann de hende, de vart ein kvass Ende ho fekk baade Brurpyntingje, Bru’færde og heile de grumme Lage, som va i Emnom! Den gamle Kjeringje, Brugomen sjøl og heile Hurven[21], sokk likesom ende ne i ein Blonk og døm fekk ikje saa lang Stonn for se, at døm fekk me seg korkje Brurstasen hell Øykjinn sine. Buhonn kom heim aat Sta’e og ylde og bar se saa ille, at døm skjøna de va naagaa, som sto paa me Budeiun. Son tok Børsa paa Oksle og la upp-igjønom Lie som eit sterkt Ver – hann og Budeia skulde ha korandre og no visste han, at de sto ikje væl te me henne. Og jamen va de ou paa høg Ti han naadde fram og fekk skote ei Kule ivi Sels-Take og brote Makte aat Hulderfolkje, ha han kome ein Blonk seinar, ha han alder sett Jenta si meir.
No skulde di Tvoug sjaa ette Øykjom og Brurstase og allt de blanke Sylve og Gulle, Hulderfolkje lout rymme fraa, men kan døkk gjeta paa, kaa de no ha vorte! – Flise, Halmestubbe, Ein-Kaavaa[22] og Kumøk, kaar ein Ting!
Summe si’, at dette henda paa Skaars-Rinnsæter’n i Rinndale, men ho Go’mo’, som minntes saa væl allt, ho høyrde, mea ho va Vetljente, ho sa no, at de va paa Sta’esæter’n og da trur eg de er saa, ou, for ho Go’mo’ ha overlag te Greie paa di, som ha henda i Gamelti-Verd’n.
Denne teksten er offentlig eiendom fordi forfatteren døde for over 70 år siden. |
- ↑ Varp og Veft: Renning og Islaatt.
- ↑ Sætermaana: den Ti’e Folke ligg paa Sætrom me Bølingje.
- ↑ For Hendom sine, go for Hendom sine: aa vera hendt.
- ↑ Ry-Gaan: Gaan te aa veva Ryo ’taa.
- ↑ Husbona: Høgset-Aaklæ.
- ↑ Skjela, utt. skjeela, skulde rettast vera skjøla: skjølja Træ’n i Renningen.
- ↑ Di tri Vise: Hell. Tr. Kongann.
- ↑ Te-treiv: drivtog, flittog.
- ↑ Toutte, av aa tjote: larme, gaule, skjenne.
- ↑ Gomol, utt.: gaamøyl og gaameil.
- ↑ Tulug: taalaandes, som har mykjy aa taalaa.
- ↑ Go for: va eigande for.
- ↑ Ordast ut: gat paa, slo paa.
- ↑ Utu Verd’n: vonlous, reint utu alle Vone.
- ↑ Skrult: hardvuksin, slutin og bein-berr.
- ↑ Brotar-Grev: stort Grev te aa brote Aaker me.
- ↑ Bragla, taa bragle: glema, glitre, blenkje.
- ↑ Sonnstein: ein ronn, høg Bergknoll ogøfor Sonde paa Vaagaa.
- ↑ Strila, taa Strile: „straale“.
- ↑ Laasaa: leggje i Veg, taakaa kvasst aat.
- ↑ Hurv: Hop me Pakk.
- ↑ Kaavaa: Krøkle, laag Kjørr, Klongre.