Hopp til innhold

Side:Vinje - Skrifter i Utval 3.djvu/109

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest
Vaaren.

Enno ein Gong fekk eg Vetren at sjaa
for Vaaren at røma;
Heggen med Tre, som der Blomar var paa,
eg atter Saag bløma.
Enno ein Gong fekk eg Isen at sjaa
fraa Landet at fljota,
Snjoen at braana og Fossen i Aa
at fyssa og brjota.
Graset det grøne eg enno ein Gong
fekk skoda med Blomar;
enno eg høyrde, at Vaarfuglen song
mot Sol og mot Sumar.
Enno ein Gong den Velsignad eg fekk,
at Gauken eg høyrde,
enno ein Gong ut paa Aakren eg gjekk,
der Plogen dei kjøyrde.
Enno ein Gong fekk eg skoda meg varm
paa Lufti og Engi;
Jordi at sjaa som med lengtande Barm
at sukka i Sengi,
Vaarsky at leika der til og ifraa,
og Skybankar krulla,
so ut av Banken tok Tora til slaa
og kralla[1] og rulla.
Saagiddren[2] endaa meg unntest at sjaa
paa Vaarbakken dansa,
Fivreld[3] at floksa og fjuka ifraa,
der Blomar seg kransa.

  1. kralla, um den sagte, »afbrudte« Duren.
  2. Saagiddren, av giddra, leika upp og ned: Vaareimen, Dunsten, som leikar paa Vaarbakken liksom eit Sædekast.
  3. Fivreld, »Sommerfugl«.