Side:Vinje - Om Schweigaard.djvu/78

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest
78

deim eller kjende og hadde lært deim fraa fyrst til sidst og og altso i denne Meining stod paa Toppen af di Tid.

Men ein Ting er at fylgja med Tankane og Vitenskapane i si Tid, og nokot annat er det at hava ei Meining om Gangen i denne Utvikling og soleids i mange Greiner af dei menneskelege Framstig sjaa Stevningsleida (Direktionen) og vera med i dei aalmennt store Drag. Jamvel berre dette har til Fyrekrav at Mannen i Ungdomen lærde myket meir en Servitenskapen sin, sosom Juristen myket meir og annat en den juridiske Vitenskap, og so at han stadig attaat si Livsgjerning las og fylgde med i mange andre Vitenskapsgreiner.

Det var dette som eg maa tru, at Schweigaard ikke gjorde etter sit tretiende Aar; for hadde han nemleg gjort det, so vilde det hava voret ein forunderleg Ting, at han stadig skulde hava sett seg imot det, som laag i den aalmenne Utvikling af hans Tid. Og eg meinar ikke med dette berre det, som her nyleg er talad om, nemleg Striden hans imot den politiske Folkeutvikling og Strævet hans med at verja om ein Slags afstengd Ombodsbolk, men idetheile hans Uvilje mot somange Framstig. I Handels- og Haandverksnæring var han derimot ein fri Mann. Det høyrde til hans statsøkonomiske System dette, og her er gode Meiningar for, at han gjekk forvidt i dette og dermed ikke uphjalp vaar Landsnæring, som han burde hava gjort. Han stod her paa det statsøkonomiske Standpunkt fraa hans Utviklingstid utan Paavirkning af dei mange serskilt nationale Næringskrav fraa dei nyare Tider. Og so kjende han litet til sit eiget Land af annat en Bøker og statistiske Tabeller. Han var forsovidt ein upraktisk By-Bokmann, og dette kan alene tyda hans liketil ville Laanlære. Han